{"id":3103,"date":"2020-11-06T20:52:54","date_gmt":"2020-11-06T20:52:54","guid":{"rendered":"http:\/\/tveitosida.no\/?page_id=3103"},"modified":"2020-11-06T21:16:00","modified_gmt":"2020-11-06T21:16:00","slug":"ragnhild-hauge","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/ragnhild-hauge\/","title":{"rendered":"Ragnhild Hauge"},"content":{"rendered":"<p><strong>Ragnhild Hauge fortel (1906 &#8211; 1996),<\/strong> F\u00f8dt p\u00e5 Nedretvedt gift 1927 med Mons Hauge. Avskrift av videoopptak av Svein Hauge.<br \/>\nKjelde: M i m r a, s o g e s k r i f t for L i n d \u00e5 s.<\/p>\n<p>-&#8220;God dag, tante Ragnhild. I dag skal me ta oss ein godprat om gamle dagar. No er du 84 \u00e5r, kor mykje kan du minnast fr\u00e5 barndomen?&#8221;<\/p>\n<p>Eg hugsar at B\u00e5rd vart f\u00f8dd, d\u00e5 var eg fire og eit halvt \u00e5r, og d\u00e5 bestefar d\u00f8ydde, var eg sju. D\u00e5 b\u00f8rja eg i skulen, det var i 1913. Eg hadde fire\u00a0 eldre br\u00f8r, Elias, 6 \u00e5r d\u00e5 eg vart f\u00f8dd, Ola 5 \u00e5r, Ragnvald 3 \u00e5r og Johannes 2 \u00e5r.<\/p>\n<p>-Kan du fortelja litt om stova der heime?<\/p>\n<p>Ja d\u00e5! P\u00e5 den eine sida av vindauga stod sengebenken, p\u00e5 den andre var mor og far si seng. P\u00e5 veggen hang ein reol, gjerne kalla hjedl, og p\u00e5 f\u00f8rste hylla l\u00e5g skuleb\u00f8kene. Der var og ei lita bokhylle p\u00e5 veggen. Der hadde Elias sakene sine, og der var streng orden. Bordet var bl\u00e5tt. Der var d\u00f8r inn til eit lite kammers. Framandfolk fekk gjerne mat der inne. Far hadde dreiebenk og laga ymse ting til huset.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/tveito_folder\/gamlahuset\/Gamlahuset6F2R.jpg\" width=\"600\" height=\"384\" border=\"0\" \/><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/ragnhild\/IMG_2888_600.jpg\" width=\"600\" height=\"393\" border=\"0\" \/><\/p>\n<p>-Kva plikter hadde du elles?<\/p>\n<p>Det var mange, og heile familien hadde sitt \u00e5 passa p\u00e5, ogs\u00e5 bestemor. Ho stoppa labbar medan ho rugga vogga. Stundom m\u00e5tte ho stoppa sine eigne labbar fordi voggemeien sleit hol p\u00e5 dei. Far var i byen p\u00e5 bygningsarbeid heile veka.<br \/>\nF\u00f8r Johannes gjekk p\u00e5 skulen om dagen, m\u00e5tte han henta to fulle b\u00f8tter med pote (poteter). Mor eller bestemor sytte for at dei vart kokte , og s\u00e5 renska bestemor dei. Stundom var dei ogs\u00e5 malne p\u00e5 trekverna til skuleborna kom heimatt. Etter ein kjapp middag bar det i kjellaren med Johannes og meg, eg knadde og kjevla og han steikte. Fire hundre kaker annankvar dag var regelen. N\u00e5r far kom fr\u00e5 byn, hadde han ofte med noko som vart kalla skoft. Det var oppattsteikte, t\u00f8rre br\u00f8dskalkar eller bollar. Det var veldig godt, serleg etter dei store h\u00f8gtidene, for d\u00e5 var det brukt finare mj\u00f8l, og stundom kunne ein vera s\u00e5 heldig at ein fann ei rosin og. Me fekk den f\u00f8rste komfyren her i grenda, f\u00f8r hadde me ein lang omn med plass for to gryter.<\/p>\n<p>-Kva slags mat stod p\u00e5 bordet dykkar?<\/p>\n<p>Til hovudm\u00e5ltidet, middagen, var det sild og pote (poteter) minst seks dagar i veka, ja det hende no at me fekk fisk i staden. Det var r\u00f8yr og \u00f8rret fr\u00e5 Tveitavatnet. Kvart \u00e5r kj\u00f8pte med to t\u00f8nner sild. Kokte me s\u00f8dd, fekk me det til nons eller kvelds, og raspekakene kom og utp\u00e5 ettermiddagen. S\u00f8ndagen fekk me sm\u00f8r p\u00e5 to kaker, dei andre \u00e5r me turre. Stundom hadde me brim (prim) p\u00e5 kakene, graut kunne og brukast. Me hadde aldri h\u00f8yrt om &#8220;p\u00e5legg&#8221;. Ein av gutane k\u00f8yrde i Eikongv\u00e5gen og henta far n\u00e5r han kom fr\u00e5 byen laurdag kveld. Hadde me tid, sprang me gjerne ned i Strupane n\u00e5r han var ventande. D\u00e5 fekk me k\u00f8yra oppatt. Far hadde alltid med ein pose med bollar, ein til kvar. Og s\u00e5 fekk me kvar sitt drops, og mor tok vare p\u00e5 det som var att i posen.<\/p>\n<p>-M\u00e5tte du passa sm\u00e5borna og?<\/p>\n<p>\u00c5 ja, det var sj\u00f8lvsagt. Det vart forknipe, s\u00e5 mor og grannekona, ho Lina i Veien, drog avstad og skar lyng til dyrefor. Bestemor l\u00e5g, s\u00e5 d\u00e5 m\u00e5tte eg passa Magnhild, s\u00f8stra som kom d\u00e5 eg var 7 \u00e5r. Ho var f\u00f8dd i februar, medan lyngskjeringa var helst i mars og april, s\u00e5 ho kunne vel vera seks-\u00e5tte veker. N\u00e5r ho hadde skjemt seg, m\u00e5tte eg kle av henne og vaska &#8220;stumpen&#8221;, og s\u00e5 skulle ho reivast. Reiven var ei lang, smal t\u00f8yremse som vart rogga rundt beina, slik at all r\u00f8rsle vart hindra. F\u00f8tene skulle styrkjast p\u00e5 denne m\u00e5ten, trudde dei, men jamen auka det ogs\u00e5 sinnet i ein liten kropp som ikkje fekk r\u00f8ra p\u00e5 seg. Andre dagar gjekk mor i skogen etter ved, d\u00e5 var bestemor og eg barnevakter. Mor sette store krav til oss borna, og ikkje minst til meg som var mest inne i huset.<\/p>\n<p>-Kva slags klede gjekk de med?<\/p>\n<p>Jentene gjekk i kjole og i eldre tid gjorde ogs\u00e5 sm\u00e5gutar det, men eg har aldri sett ein gut i kjole. Gutane hadde side blusar og knebukser av vadm\u00e5l, med heimesp\u00f8ta sokkar. Fotbunaden var til vanleg heimelaga tresko.<\/p>\n<p>-Det trongst mykje t\u00f8y til kle ein s\u00e5 stor huslyd, ikkje sant?<\/p>\n<p>Jau, det gjorde det nok, og mesteparten av det vart laga her p\u00e5 huset av eigne materialar. N\u00e5r sauene var klipt og ulla stelt, starta kardina. B\u00e5de gutar og jenter laut vera med p\u00e5 dette langdryge arbeidet. Etter nokre veker vart rennebommen (stor-hespetreet) henta inn i stova. Ei fj\u00f8l med eit hol i vart sprikra i to takbjelkar og bomstaven vart stukke opp i holet, medan forenden stod i ei grop i ein planke som vart sprikra til golvborda. S\u00e5 starta renninga. Med b\u00f8ygd rygg knytte ein tr\u00e5denden om ein av to pinnar som stod p\u00e5 tvers nedst nede. Med eine handa sette ein bommen i gang, og med andre styrde ein tr\u00e5den, samstundes som ein rette ryggen og til sist stod med strak arm for \u00e5 n\u00e5 opp p\u00e5 pinnen \u00f8vst oppe &#8211; tr\u00e5den rundt pinnen, og same vegen nedatt. Det var ein kunststykke \u00e5 f\u00e5 dette til. S\u00e5 kom vevstolen (gogna) p\u00e5 plass i stova. Opplegget av veven var noks\u00e5 komplisert, s\u00e5 det tok til \u00e5 l\u00e6ra, men mor l\u00e6rde dotter.<\/p>\n<p>-Dette var visst eit innvikla arbeid?<\/p>\n<p>Garnet l\u00e5g p\u00e5 golvet i ei lang, lang flette, gjerne 45 eller 60 alner. Rullen fr\u00e5 manglebrettet vart sm\u00f8ygd inn i garnbukta. Eit par gutungar sat opp\u00e5 fletta p\u00e5 golvet. Mor sveiva, og drog gutane heil bort til gogna. S\u00e5 m\u00e5tte gogna flyttast innatt mot veggen, og gutane fann plass lenger bak p\u00e5 fletta. Under vevinga m\u00e5tte og gogna justerast bortatt til veggen. For kvart skeislag rykte gogna fram ein liten milimeter. Gutane fekk gjera nytte for seg med spolerokken, og det var moro. Dunkinga fr\u00e5 vevskeia fylte heile huset, som ein slags musikk. Men ut av veven kom det varmt t\u00f8y, anden det var vadm\u00e5l eller tviskjefta. Det var til underklede, ytterklede eller mjuke, varme kvitlar.<\/p>\n<p>-Korleis farga de t\u00f8yet?<\/p>\n<p>Me kj\u00f8pte fargepakker. Ja, det vil seia, sokkane vart farga med heimelaga fargestoff. Me reiv mose av steingardar og kokte, eg reiv mose etter eg var komen til H\u00f8ye (Hauge) og, og n\u00e5r mosen var kokt, for sokkane oppi. Dei vart lysebrune, og det er nok det som gjer at eg tykte eg hadde f\u00e5tt nok av den fargen.<\/p>\n<p>-Eg har inntrykk av at familiesamhaldet var sterkare f\u00f8r enn no, korleis ser du p\u00e5 det?<\/p>\n<p>Alle i huset var med, opptil tre &#8211; fire generasjonar. Bestefar smidde rivetindar og grov tresko. Bestemor sp\u00f8ta og passa ungar og plukka ripsen i hagen. Borna var med, p\u00e5 sl\u00e5tteteigen, p\u00e5 \u00e5kerkanten og i floren. Alle deltok, kvar etter sine evner, kvar p\u00e5 sin m\u00e5te. Alle var i eit arbeidsfellesskap. Der var plass til alle, der var bruk for alle. Sj\u00f8lvsagt var det ikkje berre idyll, men familiebanda var sterkare enn no.<\/p>\n<p>-Kvar gjekk du i skulen, var det p\u00e5 omgangsskule?<\/p>\n<p>Nei, det var p\u00e5 Kl\u00f8ve, der skulen enno er. Skulehuset var fint, berre fire-fem \u00e5r gamalt. Eg hadde f\u00f8lgje med grannejenta, men ingen vaksne var med. Me hadde med ein papirlapp der f\u00f8dseksdagen stod, nett som ved d\u00e5pen. Eg hadde ABC-bok, og p\u00e5 dei f\u00f8rste sidene stod E I U L. S\u00e5 kom orda, ei line med trykte bokstavar og same orda p\u00e5 ei line med handskrift. Magne Fammestad heldt p\u00e5 \u00e5 m\u00e5la vindaugo p\u00e5 framsida i kjellaren og der m\u00e5tte me g\u00e5 framom. Han t\u00f8ysa med oss, og kvar dag spurde han kvar einaste ein: Kva heiter du? Kva heiter far din? Kor gamal er du? Er du gift?<\/p>\n<p>-Kunne du lesa f\u00f8r du kom i skulen?<\/p>\n<p>Ja, eg som hadde fleire eldre br\u00f8r, hadde l\u00e6rt \u00e5 lesa heime. Skulen var todelt og me gjekk tre veker om v\u00e5ren og tre om hausten f\u00f8r l\u00e6raren flytta til ein annan krins. Denne l\u00e6raren var grueleg streng, men bygdefolket sette han h\u00f8gt, for han var ivrig m\u00e5lmann og venstremann. Dei borna som hadde g\u00e5tt eitt eller to \u00e5r f\u00f8r, vart h\u00f8yrde i leksa. Det var bibelordet: &#8220;Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos p\u00e5 min stig.&#8221; Eg hadde h\u00f8yrt bror min lesa det heime, s\u00e5 eg kunne det. Men ho stakkars grannejenta greidde det ikkje. Veit du kva han gjorde? Han tok henne i nasa og leidde henne bort i kr\u00e5a. Stundom tok han henne i dei lange flettene og leidde henne ut i skuret. Der fekk ho st\u00e5. (No er ho Ragnhild stiv i maska og neven knyter seg hardt.) I dag veit me at ho var ordblind, men det var eit ukjent ord den gongen. Eg hadde b\u00f8kene med i kjellaren n\u00e5r me steikte kaker og der l\u00e6rde eg leksa. Og s\u00e5 \u00f8vde eg meg i skiving.<\/p>\n<p>-I deigen?<\/p>\n<p>Nei, p\u00e5 bakstebordet. Eg str\u00f8ydde mj\u00f8l tunt utover bordplata, og der \u00f8vde eg meg. Eg hadde mykje strev med \u00e5 f\u00e5 D-en fin nok. Venninna mi kom alltid n\u00e5r eg var i kjellaren. Eg las leksa h\u00f8gt for henne, sj\u00f8lv las eg alltid l\u00e5gt. N\u00e5r ho fekk det lese, greidde ho godt \u00e5 l\u00e6ra det. Ho var flink i song. Eg var glad for at eg kunne gjera skulegangen litt lettare for henne, og ho var takksam.<\/p>\n<p>-Eg skj\u00f8nar det m\u00e5 ha vore gjort mykje urettferdig i skulen f\u00f8r i tida, men eg trur det er betre i dag.<\/p>\n<p>Ja, han Kristian Jordal var og streng, men p\u00e5 ein annan m\u00e5te. Kona hans, ho Gjertrud var einest\u00e5ande. Ho t\u00f8rka mange v\u00e5te leistar og vottar, ja, tr\u00f8yer med. D\u00e5 Kristian i 1915 laut ut p\u00e5 n\u00f8ytralitetsvakt, fekk med Ola S\u00e6ver\u00e5s som vikar. Han var ung og han leika med oss, s\u00e5 han likte me sv\u00e6rande godt. Tredje \u00e5ret mitt ville mor ha med &#8220;oppflytta&#8221; til storskuleklassen, men eg ville ikkje. Men s\u00e5 kom der s\u00f8knad for ei p\u00e5 Svindal og, og d\u00e5 gjekk det igjennom. Me var b\u00e5e to s\u00e5 flinke at me kunne f\u00f8lgja med dei st\u00f8rre borna.<\/p>\n<p>-Kva var grunnen til at mor gjorde dette?<\/p>\n<p>Jau, sm\u00e5skulen gjekk tysdag, torsdag og l\u00f8rdag, og storskulen gjekk dei andre dagane. Dermed vart eg fri skulen om l\u00f8rdagen, men s\u00e5 fekk eg ta husvasken i staden. D\u00e5 var eg 10 \u00e5r. Me var berre jenter i mitt \u00e5rskull, sju stykke. D\u00e5 Hans J. H. Fammestad, krinsformannen, var med ved eksamen, kalte han oss Sjustjerna. Siste dagen me var i skulen, sa ho Gjertrud Jordal, l\u00e6rarkona: &#8220;No er de dei siste som har g\u00e5tt til den l\u00e6raren.&#8221;<\/p>\n<p>-Gjekk du meir p\u00e5 skule?<\/p>\n<p>Tanta mi ville at eg skulle f\u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ungdomsskulen p\u00e5 Frekhaug, som d\u00e5 hadde starta med sm\u00e5kurs og det hadde Ola og lyst til, men mor kunne ikkje sleppa oss, B\u00e5rd var \u00e5tte, Kristian fem og Gunnhild berre tre \u00e5r, s\u00e5 me trongst heime.<\/p>\n<p>-Kvar las de for presten?<\/p>\n<p>P\u00e5 Myking, i kyrkja. Me gjekk om Reiker\u00e5s, Lid og Jordal til Myking, og same vegen heimatt. Det regna, sturtregna, alle prestedagane s\u00e5 n\u00e6r som to. Ingen hadde paraply, og dei fleste vanta og k\u00e5pe. Eg hadde arva ei etter tante, men eg hadde ho ikkje p\u00e5 heilt til Myking, fo ho var brun, og den fargen kunne eg ikkje fordra. Eg hadde f\u00f8lgje med grannejenta. P\u00e5 Jordal kom Tollef til, og litt lenger nord m\u00f8tte Bjarne Bj\u00f8rnevoll. Fr\u00e5 Nevdal kom tvillingane, dei er begge d\u00f8de no, og Hansemann. Me var eit stort kull, 46, og presten var Fr\u00f8ese. Ein gong var kyrkjen\u00f8kkelen komen p\u00e5 avvegar, og etter lang leiting gav dei opp, og me hamna i\u00a0 skulehuskjellaren. Eg var s\u00e5 oppskaka at eg kom ikkje p\u00e5 korleis f\u00f8rste salmeverset b\u00f8rja. Mange \u00e5r seinare fekk eg veta at ein gut fr\u00e5 R\u00f8d hadde fortalt heimatt at i dag kunne ikkje ho Ragnhild Negretvedt salmeverset (det skulle vera Nedretvedt).<\/p>\n<p>-Minnest du elles noko fr\u00e5 prestelesinga?<\/p>\n<p>\u00c5 ja d\u00e5! Presten sat ved eit lite bord rett framfor korttrappa. N\u00e5r han vart ivrig, eka bordet seg litt nedover golvet til han satt rett under lysekrona. Han hadde fortalt at ein gong i ei anna kyrkje datt krona ned. Han flytta oppatt under koret, men snart var han p\u00e5 veg nedover golvet att. Ein gong vikarierte sonen Yngvar for faren, han var teologistudent. Me visste ikkje kva presten ville sp\u00f8rja om p\u00e5 konfirmasjonsdagen. Ved alterringen m\u00e5tte me svara h\u00f8gt ja p\u00e5 tre sp\u00f8rsm\u00e5l, og ta presten i handa. Kvar lesardag fekk eg med ein ti\u00f8ring s\u00e5 eg kunne kj\u00f8pa bollar hj\u00e5 ho Tella p\u00e5 Skjeret. Stundom vart me med i ein av b\u00e5tane, og s\u00e5 vart me landsette p\u00e5 Jordal.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/gamletveito\/Tveito_fam2.jpg\" width=\"600\" height=\"430\" border=\"0\" \/><br \/>\n<i>Fr\u00e5 venstre, bak: Tante Johanna, Elias, Ola, Ragnvald, Johannes<br \/>\nFramme: Ragnhild mellom far og mor, som held B\u00e5rd f. august 1910, bestemor(1836<br \/>\n&#8211; 1929) og bestefar (1831 &#8211; 1914).<\/i><\/p>\n<p>-Var det mykje st\u00e5k f\u00f8r konfirmasjonen ?<\/p>\n<p>\u00c5 ja, det var st\u00e5k. Hustaket trong v\u00f8ling, og far hadde rive av det gamle. S\u00e5 vart han liggjande sjuk. Det fossregna, s\u00e5 me hadde stampar st\u00e5ande i stova. Me ol ein gris som skulle skaffa pengar til utstyr. Ein dag l\u00e5g grisen daud i b\u00e5sen, s\u00e5 han m\u00e5tte gravast ned. Med me stod tafatte utanfor floren, kom to &#8220;by-fiskarar&#8221; til gards. Det var byfolk som leigde seg eit rom, og som elles l\u00e5g og fiska p\u00e5 Tveitavatnet. Dei tykte synd i oss, s\u00e5 dei bladde opp 50 kroner og gav meg. Ein av br\u00f8rne drog til skomakaren og henta dei heimesydde skoa, dei kosta 42 kroner. Bror Ragnvald var p\u00e5 arbeid i byen, og han hadde lova meg klokke. Mor sydde jakke og skj\u00f8rt av vadm\u00e5l. Men eg burde hatt ei k\u00e5pe og. Eg fekk valet mellom klokka og k\u00e5pa, og valde det siste. Fr\u00e5 onkel Henrik &#8220;p\u00e5 Stebmo&#8221; fekk eg ei n\u00e5l og ein hovdaklut, som tilsaman kosta 30 kroner. Fr\u00e5 nokre byfolk og slekta fekk eg pengar.<\/p>\n<p>-Regna det denne dagen og?<\/p>\n<p>Nei, denne dagen var visst den finaste det \u00e5ret. Ogs\u00e5 denne dagen gjekk eg om Reiker\u00e5s, Magnhild s\u00f8ster var med. P\u00e5 Mykinghauganse n\u00e5dde mor og far oss att, s\u00e5 me k\u00f8yrde siste stykket. Heimatt k\u00f8yrde me med dei. Ho Anna i Skare hadde laga raspekaker til me kom att, det var ein festmiddag. Ho Anna var som ei bestemor for oss og. Tysdag var det altergangsdagen. D\u00e5 meiner eg at eg k\u00f8yrde med mor og far.<\/p>\n<p>-Korleis feira de jul d\u00e5 du var liten?<\/p>\n<p>Ja, for det f\u00f8rste m\u00e5tte stova vaskast, rundskurast., D\u00e5 gjekk grannane i lag og gjorde bytings-arbeid: eg hjelper deg i dag og du hjelper meg i morgon. Mor laga ikkje sm\u00e5kaker, men ho bakte nokre verkeleg gode kaker. Me var visst dei einaste som hadde h\u00f8ner, og mor brukte egg i kakene. Det var freistande \u00e5 f\u00e5 duppa ein finger i den gule egger\u00f8ra. P\u00e5 juledagen var det far som stelte i floren, mor f\u00f8rebudde frukosten. Julemorgonen var det duk p\u00e5 bordet og ingen potetkaker med brim. Det var lefser og mors kaker, og s\u00e5 var det varm sjokolade, kokt i ei stor gryte. Seinare fekk me ei stor panne. Me hadde steinty-tallerkar, men det var mange i bygda som \u00e5t p\u00e5 trefat. Me hadde det godt! Juletreet var p\u00e5 plass, mellom senga og sengebenken.<\/p>\n<p>-Var det heimelaga pynt p\u00e5 treet?<\/p>\n<p>Ja, det var mykje papirlekkjer og korger, men og kj\u00f8pte kulerekkjer. Me gjekk om juletreet og var mange nok til \u00e5 laga ein stor ring. Eg hadde fire eldre br\u00f8r, og s\u00e5 bestemor. Me song &#8220;\u00c5 jul med di glede&#8221; mange gonger, for det var s\u00e5 kjekt \u00e5 svinga seg og klappa i hendene.<\/p>\n<p>-Eg har inntrykk av at det var meir h\u00f8gtid over jula f\u00f8r, var det slik?<\/p>\n<p>\u00c5ja, meir h\u00f8gtid og mindre g\u00e5ver. Men alle fekk noko, og det var alltid nytteting: leistar, vottar, ein kam til \u00e5 setja i h\u00e5ret, ein brun hovdaklut av far, ei gr\u00f8n strikketr\u00f8ye av mor. Festm\u00e5ltidet var sprengt torsk, og poteter, og me fekk litt saft i vasskoppen. Nysteikt flatbr\u00f8d h\u00f8yrde jula til. Juleevangeliet vart lese, og me song julesongar. Tekstlesing var me vane med. Me fekk ikkje g\u00e5 ut ein einaste s\u00f8ndag f\u00f8r postillen var lesen, med salmesong b\u00e5de f\u00f8r og etter. Det var bestemor som &#8220;tok opp&#8221; songen. Ein dag i jula vart me bedne opp til bestefar Optun. Ei jul var far alvorleg sjuk, s\u00e5 med trudde at me kom til \u00e5 missa han. Det er den tristaste jula eg har opplevd, og det vart meir gr\u00e5t enn julesong.<\/p>\n<p>-Korleis var vegen til Tveito?<\/p>\n<p>Du veit det var kjerreveg. Kvar bonde hadde plikt til \u00e5 halda eit visst vegstykke i stand. Eg minnest ikkje kvar v\u00e5rt stykke l\u00e5g, men eg minnest at det var haugsdalingar som grusa eit stykke, ein annan gong var det folk fr\u00e5 Reiker\u00e5s som gjorde det. Posthuset var hj\u00e5 oss fr\u00e5 eg var sju \u00e5r og til far d\u00f8ydde.<\/p>\n<p>-Det ser ut som det er noko som vantar vinstre handa di, kva er det?<\/p>\n<p>Det var lenge etter eg var komen til H\u00f8ye (Hauge). Eg skulle g\u00e5 til Kl\u00f8ve og vaska golvet i skulestova. Det var speilande glatt, og eg datt. Det vart nok brote bein i handleddet, men eg kom meg ikkje til dokter. Difor ser ho ut som ho gjer.<\/p>\n<p>-Kor gamal var du d\u00e5 du kom ut i teneste?<\/p>\n<p>Det var i 1925, s\u00e5 eg var 19 \u00e5r. Det var hj\u00e5 han Ingvald Optun. Eg hadde sagt at n\u00e5r eg tok meg teneste, laut det vera p\u00e5 ein stad med mykje utearbeid, og det fekk eg. Annankvar s\u00f8ndag m\u00e5tte eg g\u00e5 til grannen med hesten. Dei to grannane hadde hest i lag, og bytet var alltid om s\u00f8ndagen. Eg starta med 30 kroner m\u00e5naden, seinare fekk eg fem meir. Ingvald var i byen med slakt d\u00e5 eg hadde gebursdag. D\u00e5 bad eg gjester: Anna Fammestad, Hans \u00d8vretveit og Ole B\u00e5rdsen.<\/p>\n<p>-N\u00e5r m\u00f8tte du onkel Mons?<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/ragnhild\/MonsRagnhildHauge_600.jpg\" width=\"600\" height=\"430\" border=\"0\" \/><\/p>\n<p>\u00c5, eg hadde no sett han f\u00f8r. Han var formann i det frilynte ungdomslaget, som den gongen ikkje hadde eige hus. Dei m\u00f8ttest rundt i stovene.<\/p>\n<p>-Kor gamal var du d\u00e5, 16-17 eller 22-23?<\/p>\n<p>Eg m\u00e5tte vel vera eit par og tjue, vil eg tru. Nei, stopp! Eg var 21 d\u00e5 me<br \/>\ngifta oss.<\/p>\n<p>-Fortel litt meir om dette.<\/p>\n<p>Johannes, bror min, var p\u00e5 sildefiske i lag med Mons. Dei f\u00f8rebudde seg til s\u00f8rafiske, og Mons var ein tur heimom og hadde med seg skitnekleda til Johannes. Kleda vart b\u00e5de vaska og t\u00f8rka, og eg stod nett klar til \u00e5 g\u00e5 til H\u00f8ye med bylten. D\u00e5 kom Sjur, granneguten, og fortalde at Mons hadde hatt eit \u00e6rend oppover, s\u00e5 no kunne han ta bylten med seg nedatt. Eg gjekk til grannen, og der sat Mons p\u00e5 vedkassa. Me vart bedne til kvelds hj\u00e5 dei. Eg sa at eg ikkje likte kanel p\u00e5 grauten, og dermed m\u00e5tte han sj\u00f8lvsagt gjera meg eit spikk og spruta eit tjukt lag opp\u00e5 sk\u00e5la mi. D\u00e5 me skulle g\u00e5, f\u00f8reslo han at eg skulle f\u00f8lgja han ned til \u00d8vste Kl\u00f8ve, over heia, Vel framkomne, slengde han bylten bakom ei sprakebuske og f\u00f8lgde med oppatt i Osphaugane. S\u00e5 laut eg f\u00f8lgja han nedatt til Kl\u00f8ve &#8211; og d\u00e5 gjekk me kjerrevegen om Fammestad. Eg likar framleis kanel p\u00e5 grauten!<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/ragnhild\/RagnMons_600.jpg\" width=\"600\" height=\"843\" border=\"0\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ragnhild Hauge fortel (1906 &#8211; 1996), F\u00f8dt p\u00e5 Nedretvedt gift 1927 med Mons Hauge. Avskrift av videoopptak av Svein Hauge. Kjelde: M i m r a, s o g e s k r i f t for L i n d \u00e5 s. -&#8220;God dag, tante Ragnhild. I dag skal me ta oss ein godprat &hellip; <a href=\"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/ragnhild-hauge\/\" class=\"more-link\">Continue reading <span class=\"screen-reader-text\">Ragnhild Hauge<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3103"}],"collection":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3103"}],"version-history":[{"count":20,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3103\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3125,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3103\/revisions\/3125"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3103"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}