{"id":3037,"date":"2020-11-06T19:42:35","date_gmt":"2020-11-06T19:42:35","guid":{"rendered":"http:\/\/tveitosida.no\/?page_id=3037"},"modified":"2020-11-06T20:23:53","modified_gmt":"2020-11-06T20:23:53","slug":"asb-aasgard","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/asb-aasgard\/","title":{"rendered":"Asb. Aasgard"},"content":{"rendered":"\n<p>LYSE GUTEDAGAR av A s b j \u00f8 r n \u00c5 s g a r d<br>Kjelde: M i m r a, s o g e s k r i f t for L i n d \u00e5 s<\/p>\n\n\n<p style=\"text-align: justify;\">I alle \u00e5r har tankane mine i vintertida g\u00e5tt attende til gutedagane heime, 10-11 til 16-17 \u00e5rs-alderen. Dei aller lysaste minna (og eg har ingen ulukkeleg barndom \u00e5 sj\u00e5 attende p\u00e5), er fr\u00e5 februar- og marsdagane i oppveksten. Sola sterkna fr\u00e5 dag til dag, skaren hardna og istappane blenkte som farge-eksplosjonar ved m\u00f8tet med solstr\u00e5lane. Far og ein eller fleire vaksne gutar gjekk til skogs om morgonen; mor og eg gjorde unna floren, og kvar det vart av dei andre kan eg ikkje minnast. Berit var vel p\u00e5 skulen sidan eg var heime. Anna hadde kanskje &#8220;huspost&#8221; i byen, og \u00c5smund, nei, han lyt svara for seg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p><b>&#8220;Stia beista&#8221; (Stella dyra)<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">N\u00e5r mor var ferdig med h\u00f8yst\u00e5let, tok ho til med middagen, medan eg stelte floren ferdig. M\u00e5ka og str\u00f8, tappa vatn i trerenna fr\u00e5 krana til vasskaret, og s\u00e5 brynna kyrne (gje kyrne vatn), bera inn vassb\u00f8ttene og syta for at kyrne fekk det dei trong. P\u00e5 slike dagar fekk engelskboka liggja i fred under h\u00f8ydotten borti glaset. Det var ei som Olav hadde kj\u00f8pt p\u00e5 Frekhaug, der eg streva og las; &#8220;Fred, where are y-o-u?&#8221;<\/p>\n<p><b>Til skogs med mat til arbeidskarane<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Mor og eg \u00e5t f\u00f8r me starta. Middagen m\u00e5tte vera lett \u00e5 transportera. Var det sn\u00f8 p\u00e5 issvullane, tok ein gjerne ein baklengs salto p\u00e5 vegen til Sm\u00e5myrane, Eikhamrane eller Bannbotten. Mor bar noko og eg bar noko.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">S\u00e5 sat me og prata med dei som \u00e5t, og gjerne strekte seg litt i baret&nbsp; etterp\u00e5. Det gildaste var n\u00e5r mor hadde henta ei saueribbe og skore av kvart sitt bein, som vart steikt p\u00e5 gl\u00f8r. Potetene var gjerne av overskotet fr\u00e5 dagen f\u00f8r, og rundsteikte p\u00e5 omnsloket med skrellet p\u00e5. Andre gonger var det kokt t\u00f8rrfisk, og d\u00e5 kunne far herma etter han som sa at dei \u00e5t til dei s\u00e5g kviten p\u00e5 fingertuppen! Nevane var nemleg svarte av kvae n\u00e5r m\u00e5ltidet starta. Etterp\u00e5 var det suppe; mj\u00f8lkesuppe av havregryn, ris eller semule, med to rosiner og nokre fliser heil kanel att\u00e5t.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">S\u00e5 tok arbeidet til att. Dei vaksne sleit med t\u00f8mmerstokkane; ei framme med splintetoget (tau), og ein bak, med handspiki, spettet alts\u00e5! Kom ein bort p\u00e5 eit res, fekk stokkane ta seg fram p\u00e5 eiga hand, og d\u00e5 kom dei kanskje s\u00e5 langt at ein n\u00e5dde i dei med hesten.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Mor og eg gjekk oppover der stokkane var felte, og s\u00e5 gjekk me laus p\u00e5 toppar og greiner. Som regel hadde karane kvista dei, elles gjorde me det \u00f2g. Me bar og drog og trakka l\u00f8yper i sn\u00f8en. S\u00e5 snart det fanst h\u00f8ve til det, kasta me dei utfor s\u00e5 dei gjekk eit stykke &#8220;for eigen motor&#8221;. Eg plystra og heia, og mor \u2014ja, ho nynna vel med, d\u00e5 som elles, og treivst i arbeidet. Etter kvart som me vann oss nedover liene, vart velta st\u00f8rre og st\u00f8rre. Stundom brukte me vel heile dagen p\u00e5 \u00e5 handtera strongane ein gong oppi l\u00f8ypet ovafor Smalhuskleiva. N\u00e5r sola longe var l\u00f8ynd (n\u00e5r sola for lengst var g\u00f8ymd) bak J\u00e6rfjellet, var det \u00e5 leita oppatt den tome nistekorga og ta den i eine handa og s\u00e5 dra ein strange (trestamme utan topp og greiner) etter seg med den andre; heilt heim til skykkja. Ingen m\u00e5tte g\u00e5 tomreipes (ein m\u00e5tte ikkje g\u00e5 utan \u00e5 bera eitkvart med seg i hendene).<\/p>\n<p><b>Kveldsarbeid i fj\u00f8s og stove<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Og d\u00e5 var det tid for mor og meg \u00e5 gje kyrne det tredje og siste m\u00e5ltidet for dagen. Mj\u00f8lkinga starta ikkje f\u00f8r i halv\u00e5ttetida. Kanskje skulle det spinnast og skavast ei stund i mellom og etterp\u00e5, men det f\u00e5r me koma attende til ein gong.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">(Skavast = Tjukke kvistar eller greiner vart spent fast p\u00e5 ein slags krakk (skavebenk) og s\u00e5 drog ein eit kvasst jarn (skavekniv) langs heile kvisten, slik at ein fl\u00e5dde (skava) borken av. Dette vart brukt til ekstraf\u00f4r til beista.)<\/p>\n<p><b>\u00c5 sjera lyng; att\u00e5tf\u00f4r til beista<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Andre gonger hadde dei vaksne andre gjerem\u00e5l, og d\u00e5 drog mor og eg p\u00e5 lyngskjering, oftast i b\u00e5t. Stundom rodde me inn til Raudberget og gjekk opp p\u00e5 Lyngleite, men oftast var me nede i \u00f8yane. Eg var vel helst med for selskap og for \u00e5 ordna med b\u00e5ten; det likte ikkje mor \u00e5 gjera \u00e5leine. (Ho var f\u00f8dd og oppvaksen i Velandstr\u00e6). Vanlegvis hadde me med oss kvar si kipe att\u00e5t nokre sekker. Mor gjekk krumb\u00f8ygd, strekte fingrane rundt s\u00e5 mange lyngstilkar som ho rakk, skar med sigden og la knippet inn i vinkelen mellom hofta og kneet. Strieforkledet gjorde god nytte for seg og sparde p\u00e5 stakken. N\u00e5r grepet var fullt, la ho lyngen i stapel, som eit vedlad. Eg freista vel \u00e5 gjera det same, med meir og minst mindre hell, etter som dei vaksne sa. S\u00e5 fylte eg i sekkene og drog dei ned til b\u00e5ten, og so i kipene.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">I f\u00f8rstninga berre kasta ein lyngen ned i kipa og trakka det i hop, men n\u00e5r det var berre tre tommar att til \u00f8vre kanten, laut teknikken leggjast om. D\u00e5 sette ein knippet rundt kanten, i oppreist stilling, slik at stilkane fann veg ned i den tett samanpakka massen fr\u00e5 f\u00f8r. Slik bygde ein seg rundt kanten og innover mot midten, som bygde seg noko h\u00f8gare opp. Denne toppen p\u00e5 b\u00f8ra vart kalla &#8220;Skruen&#8221; og var halvkuleforma. S\u00e5 m\u00e5tte eg finna ei bortimot meterlang furugrein, spissa tjukkenden og hogga av kvistene slik at ho minte om ei tvore, men la toppkvistane vera att. N\u00e5r denne vart pressa rett ned mot botnen i kipa, seier det seg sj\u00f8lv at &#8220;Skruen&#8221; vart l\u00e5st fast, om han enn var noks\u00e5 h\u00f8g. S\u00e5 var det \u00e5 ro heim og f\u00e5 sekkene i naustet og kipa p\u00e5 ryggen og g\u00e5 att til gards. Me var b\u00e5e stillteiande samde om at det hadde vore &#8220;ein god og meiningsfylt ettermiddag&#8221;.<\/p>\n<p><b>Alle hadde sin plass i arbeidet<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">N\u00e5r eg ikkje greier \u00e5 skilja om eg var arbeidsmann eller berre til selskapsbruk, og n\u00e5r eg ikkje kan minnast kva dei andre &#8220;ungane&#8221; dreiv med, kjem det vel f\u00f8rst og fremst av at i dette systemet hadde kvar og ein sin naturlege plass. Me hadde aldri kjensle av at me kom i vegen for far og mor &#8211; at dei hadde hatt hug \u00e5 gjera noko heilt anna om ikkje desse ungane hadde vore til.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Dessutan var ikkje verda den same den gongen som i dag. V\u00e5r verd var ikkje stort st\u00f8rre enn det me s\u00e5g mellom J\u00e6rfjellet og Bj\u00f8rgefjellet pluss eit par stader til. I kl\u00e5rv\u00e8r kunne me sj\u00e5 &#8220;Hav\u00f8rn&#8221;; f\u00f8rste ruteflyet mellom Bergen og Nord-Noreg, p\u00e5 veg nordover om morgonen.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Eg hadde vore med dei andre s\u00e5 mange gonger i h\u00f8nsehuset at eg visste n\u00f8yaktig kva som skulle gjerast, og korleis. Eit ausefat med mais utover golvet, og samla egga i lua, det var alt. Det er ur\u00e5d \u00e5 dra skiljelina her. Eller slipesteinen &#8211; jau, den var tung \u00e5 dra. Snu og snu og snu, og kjeft for at du snur for seint. Dei fleste fekk f\u00f8r eller seinare byta stilling fr\u00e5 sveiva til \u00e5 st\u00e5 bak steinen med lj\u00e5en eller \u00f8ksa &#8211; men ikkje eg. Kanskje det var fordi det kom ei jente bak meg i rekka? Ikkje heilt overtydande; eg meiner dei kunne snu, jentene \u00e8g. Olav og Mons var sv\u00e6rt flinke til \u00e5 steikja kaker &#8211; to dagar i veka stod ein av dei over bakstehella i den gamle grua inne p\u00e5 kj\u00f8kkenet og steikte store staplar, f\u00f8rst med potetkaker og s\u00e5 stompekaker (natronkaker).<\/p>\n<p><b>I potet\u00e5keren<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">P\u00e5 sju\u00e5rsdagen min (\u00e5tte dagar f\u00f8r Mikkelsmess) tok me poteter p\u00e5 Tr\u00f8yo, i bakken rett framfor der Karl og Bjarne har bygt hus, og grannane, &#8220;Dei Nor&#8221;, gjekk framom p\u00e5 veg til sin \u00e5ker. Dei prata om veret og om arbeidet, og mor sa: &#8220;Det st\u00e5r ikkje p\u00e5 n\u00e5r me har ein ni-\u00e5ring til \u00e5 plukka&#8221;. &#8220;\u00c5, eg er no b\u00e6re sju&#8221;, retta eg, i villreie kvifor ho snakka slik. Den dagen var eg arbeidsmann, meiner eg.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Potet-onnene var det verste eg visste, og aller verst om hausten n\u00e5r molda &#8211; fuktig. I dag veit eg kva det er: Eg var allergisk mot potet- \u00e5kermold! Ho trengde inn i porene og t\u00f8rka dei ut, s\u00e5 eg m\u00e5tte spytta i hendene og gni dei. Dermed vart molda seigare, og det var heilt u-uthaldande. S\u00e5 beit myggen, og du m\u00e5tte kl\u00f8 deg, og s\u00e5 vart du t\u00f8rr av mold p\u00e5 ryggen og i nakken og alle stader! Det var eit mirakel at ein overlevde. Men eg minnest aldri at nokon vart permittert p\u00e5 grunn av t\u00f8rre fingrar!<\/p>\n<p><b>Mor og eg p\u00e5 fisketur<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Mor likte seg best i friluft, vil eg tru, og om v\u00e5rkveldane n\u00e5r onna var ferdig, ville ho gjerne vera med p\u00e5 ein fisketur. Mest spanande var det n\u00e5r eg stod i framskuten med lystra, og ho skulle ro. Det gjekk ikkje alltid like roleg, eg skjente og ho lo &#8211; lo av sinnet mitt. Men faktum er at dei verkeleg store steinbitane fekk me aldri fordi ho var slik ei kl\u00f8ne med \u00e5rane.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">S\u00e5 sette me garn, og s\u00e5 l\u00e5g me p\u00e5 fjorden med sn\u00f8re. N\u00e5r ikkje mor var med, hadde me sm\u00e5 heimelaga fiskestenger og vandra rundt p\u00e5 alle sm\u00e5holmane og &#8220;forhandla&#8221; med berggylter og meir seri\u00f8se fiskeslag, og stundom greidde me \u00e5 kr\u00f8kja ein som berre hadde tenkt \u00e5 snusa p\u00e5 agnet. Det f\u00f8rste levande eg fekk p\u00e5 kroken var ein liten krabbe som budde borte ved nothuset p\u00e5 Furholmen, minnest eg. Denne fiskinga gjekk f\u00f8re seg i fritida, kan ein seia, men matauken vart rekna som vaksenmannsarbeid.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Med andre ord: Fritid og arbeid, leik og alvor, sauesanking og&nbsp; saueslakting, potetsetjing og opptaking &#8211; alt hang i hop, alt var naturleg og daglegdags.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Me trong ikkje &#8220;Utplassering i yrkeslivet&#8221;, &#8211; det hadde me, i tidleg&nbsp; barndom annakvar veke, ettersom skulegangen var ordna. Og me hadde ikkje, og m\u00f8tte ikkje, fleire inntrykk i hovudet enn at det var god plass til dei som l\u00e6raren og l\u00e6reboka kunne formidla til oss &#8211; og me sette pris p\u00e5 dei og!<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">P\u00e5 Aasgard: Far, Ingeborg, mor bak Bergit, Aasmund, Olav. Lars, Anna, Mons, Asbj\u00f8rn, Ivar, Johan. Truleg 1032: Ingeborg var &#8220;taus&#8221; den sommaren. Og Johan kasta knebuksa hausten 32.<br><img loading=\"lazy\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/aasgard\/PaAasgard.jpg\" width=\"600\" height=\"426\" border=\"0\"><\/p>\n<p><b>Ein skuleprat<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Det var ein s\u00e5kalla &#8220;samla skule&#8221;, eller &#8220;udelt skule&#8221;. Det vil seia at borna fr\u00e5 sju \u00e5r til 14 \u00e5r gjekk i lag i eitt rom, og at berre ein l\u00e6rar underviste alle sju \u00e5rskulla. I utkant-Noreg har dette vore vanleg i mannsaldrar. Det stiller store krav til l\u00e6raren. Undervisningsplanar har sett opp m\u00e5l for undervisninga og staka opp pensum i dei ulike faga. L\u00e6raren m\u00e5tte leggja undervisninga opp slik at m\u00e5la vart n\u00e5dde. Den 10. mai 1928 rusla eg over Krossleitet og ned til skulehuset som l\u00e5g p\u00e5 ei hylle ovafor Hindenes. P\u00e5 \u00c5sgard var to bruk, men der var herre skuleborn p\u00e5 det eine, og det var Anna p\u00e5 n\u00e6r fjorten, Johan p\u00e5 n\u00e6r elleve og eg p\u00e5 sju og eit halvt. Eg ser enno for meg det nesten meterh\u00f8ge sju-talet eg skreiv p\u00e5 tavla f\u00f8rste dagen. Det minte om vedskier som l\u00e5g i kross. I ryggsekken som var med, l\u00e5g der tre pakker med potetkaker eller br\u00f8dskiver. Drikka kunne me gjera n\u00e5r me kom heimatt. Me krangla om kven som skulle bera sekken. Me var tre nye elevar; to jenter fr\u00e5 Hindenes att\u00e5t meg. Der var for f\u00e5 pultar, s\u00e5 dei f\u00f8rste vekene sat Benny og eg p\u00e5 pinnestolar ved kvar sin ende av eit lite bord, og Olga fekk &#8220;sitja p\u00e5&#8221; med Aslaug. Benny var blyg og s\u00e5g p\u00e5 meg mellom fingrane.<\/p>\n<p><b>Litt om kledrakta<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Svarte lersko med reimar, som skomakaren i grannetunet hadde laga. Svarte heimestrikka sokkar av ull fr\u00e5 v\u00e5re eigne sauer, med knappar til gummistrikken som var festa oppe i &#8220;livet&#8221;. Gr\u00e5 ullunderbukse som mor hadde klypt, spunne, vove og sydd &#8211; einskjefta; (tunnare enn vadm\u00e5l). Svart vadm\u00e5ls-knebukse &#8211; mors verk. &#8220;Livet,&#8221; eit plagg av kj\u00f8pet\u00f8y, som ein vest, som mor hadde sydd, og knappar i for \u00e5 halda sokkane oppe. Mor hadde klypt sauene, karda og spunne ull, vove stoffet og sydd buksa p\u00e5 D\u00fcrkofp symaskin. Eg hadde og gul gensar som mor hadde sydd av restar fr\u00e5 Pedek-fabrikken p\u00e5 Hop, der tante Tella arbeidde, og ho samla slike t\u00f8yrestar. Heimelaga topp-lue som mor hadde strikka. Opp i alt dette &#8211; knappane og gummistrikken som var kj\u00f8pte p\u00e5 butikken, det andre var heimelaga. Me fr\u00e5 \u00c5sgard gjekk alltid i ler- eller gummisko, for ein tresko ville ikkje vorte gamal der me stort sett gjekk p\u00e5 stein og fjell. Det var berre me som hadde mat med oss, s\u00e5 me sat p\u00e5 plassane v\u00e5re og \u00e5t, utan \u00e5 snakka saman, og l\u00e6raren sat i kr\u00e5a og \u00e5t sine skiver.<\/p>\n<p><b>F\u00e5delt skule<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Der sat me, 18 born fr\u00e5 sju til fjorten \u00e5r, og me sat tett. Det h\u00f8yde s\u00e5 nytteleg at tre elevar gjekk ut av skulen til sommarferien, s\u00e5 me fekk kvar sin pult om hausten.<\/p>\n<p><b>Ein gild dag<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Eitt \u00e5r, truleg 1930, laga l\u00e6raren til skuletur til Bj\u00f8rgafjellet p\u00e5 17mai. Me gjekk opp liene fr\u00e5 Idnegard\/Hindenes, og same vegen nedatt mot kvelden. Me leika og sprang, og s\u00e5g s\u00e5 vidt omkring: Hindenesfjorden, Austfjorden heilt utover til Mongstad, og Osterfjorden langt utover mot \u00c5sane. Me \u00e5t nista v\u00e5r, og me song om fedrelandet v\u00e5rt, og s\u00e5 leika me, og hoppa og sprang. Det vart seine kvelden f\u00f8r me kom heimatt, og tr\u00f8ytte var me! Men-&#8220;me var alle samde om at det hadde vore ein gild dag!!&#8221; \u00c5ret etter gjekk me berre til &#8220;Den store steinen,&#8221; halvvegs mellom skulehuset og Krossleitet. D\u00e5 hadde l\u00e6raren gifta seg med ei Sunnm\u00f8rsjente, og me syntest det var artig \u00e5 h\u00f8yra dialekten hennar. Ho hadde baka slik kake som me aldri hadde sett eller smakt, og me fekk kvar sin bit. D\u00e5 me skildest, var me alle samde om at dette og hadde vore ein gild dag!<\/p>\n<p><b>D\u00f8me p\u00e5 arbeidsm\u00e5ten<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Bror min, som var tre \u00e5r eldre enn eg, stod fast p\u00e5 ei rekning. Han rette opp handa, og l\u00e6raren kom og forklarte han framgangsm\u00e5ten. Eg sat med \u00f8yro p\u00e5 stilkar, og tre \u00e5r etter l\u00f8yste eg oppg\u00e5va utan \u00e5 hefta l\u00e6raren, som hadde nok med \u00e5 \u00e5 hjelpa dei andre. I soga og landkunna (geografi) fortalde l\u00e6raren innhaldet, og d\u00e5 la eg, som hadde skrivetime, pennen til sides og deltok aktivt i slaget ved Svolder og nederlaget p\u00e5 Stiklestad. Kunne det vera grunnen til at eg aldri l\u00e6rde \u00e5 skriva fint? Blekkhus og penn og penneskaft! (Kvifor var nesten alle pennar skeive?) Det kom skriveb\u00f8ker med raude bokstavar som skulle m\u00e5last bl\u00e5 &#8211; men min penn hadde vanskar med \u00e5 f\u00f8lgja streken, s\u00e5 resultatet vart som &#8220;Norge i raudt, kvitt og bl\u00e5tt.&#8221;<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>LYSE GUTEDAGAR av A s b j \u00f8 r n \u00c5 s g a r dKjelde: M i m r a, s o g e s k r i f t for L i n d \u00e5 s I alle \u00e5r har tankane mine i vintertida g\u00e5tt attende til gutedagane heime, 10-11 til 16-17 \u00e5rs-alderen. &hellip; <a href=\"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/asb-aasgard\/\" class=\"more-link\">Continue reading <span class=\"screen-reader-text\">Asb. Aasgard<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3037"}],"collection":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=3037"}],"version-history":[{"count":38,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3037\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3084,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/3037\/revisions\/3084"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=3037"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}