{"id":2982,"date":"2020-11-05T19:27:37","date_gmt":"2020-11-05T19:27:37","guid":{"rendered":"http:\/\/tveitosida.no\/?page_id=2982"},"modified":"2020-11-05T19:36:11","modified_gmt":"2020-11-05T19:36:11","slug":"skomakaren","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/skomakaren\/","title":{"rendered":"Skomakaren"},"content":{"rendered":"<p><i>Av K j a r t a n S v i n d a l\/ A s b j \u00f8 r n\u00a0 A a s g a r d<\/i><\/p>\n<p>P\u00e5 Aasgard\/brn. 2 tok Andreas Sjursen Aasgard til som skomakar omkring 1910. D\u00e5 vart det nok etter kvart slutt p\u00e5 at dei p\u00e5 Svindal laga og reparerte skoa sine sj\u00f8lve. Far til Andreas, Sjur Andersen Stusdal, var f\u00f8dd og oppvaksen i Stusdal, der \u00f2g Andreas vart f\u00f8dd, i 1890. Gjertrud, mor hans, kom fr\u00e5 Romarheim. I 1903 kj\u00f8pte Sjur Andersen Stusdal bruket p\u00e5 Asgard etter Lars Olsen Aasgard og tok som skikken var gardsnamnet til etternamn.<\/p>\n<p>Men Andreas var ikkje som alle andre. I \u00abSkomakaren \u2013 minne om ein god ven\u00bb (Mimra 2008) skriv Asbj\u00f8rn \u00c5sgard, n\u00e6rmaste nabo p\u00e5 Asgard\/brn. 1: \u00abMen \u00e5ra gjekk, og Andreas kom ikkje p\u00e5 skulen. I 1899, d\u00e5 han var ni \u00e5r, rapporterte l\u00e6raren at det var ein \u00e5ndsveik gut i Stusdal. I 1901 sende Hosanger skulestyre melding til direkt\u00f8ren for abnormskulane i Noreg, om \u00abden d\u00f8vstumme gut Andreas Stusdal\u00bb.<\/p>\n<p>Det var kanskje ikkje s\u00e5 rart at dei tvilte p\u00e5 evnene hans n\u00e5r han ikkje h\u00f8yrde. Men kunnskapen var ikkje st\u00f8rre den gongen. Han var sikkert ikkje den einaste som fekk merkelappen \u00ab\u00e5ndsveik\u00bb, men han var ein av dei heldige som fekk gjort noko med det. Me som kjende han, veit at intelligensen hans kunne m\u00e5la seg med kven som helst.\u00bb<\/p>\n<p>Hausten 1902 vart Andreas innskriven som elev ved Den offentlige skole for d\u00f8ve i Trondhjem. Der han fekk gode skussm\u00e5l, som her etter skule\u00e5ra 1903-04 og 1904-05: \u00abAandsevner: gode; taldygtighed: bra; kundskaber: f\u00f8lger noksaa godt med i IV klasse hvor han blev opflyttet ved skoleaarets begyndelse: I regning staar han dog endnu en del tilbage; praktisk dygtighed: meget gode anl\u00e6g for sl\u00f8id. Er interessert og flittig, arbeider derfor raskt og pent; flid: god, opf\u00f8rsel: god\u00bb. \u00abAandsevner: gode. Praktisk dygtighed: gode anl\u00e6g som skomager og flittig\u00bb. Etter konfirmasjon i Trondhjem, truleg i 1908, kom Andreas &#8211; no utl\u00e6rd skomakar &#8211; \u00abheim\u00bb til Asgard, ein for han heilt ukjend stad. D\u00e5 hadde han ikkje sett foreldre og s\u00f8sken p\u00e5 sju-\u00e5tte \u00e5r. To av s\u00f8skena hadde han aldri sett.<\/p>\n<p>Ved folketeljinga i 1910 er Andreas Sjursen registrert p\u00e5 Asgard\/brn. 2. Under Stilling\/stand st\u00e5r det: \u00abGaardsarbeid og Skomager\u00bb. Omkring 1909-10 hadde han alts\u00e5 rigga seg til p\u00e5 stovelemmen med alt av utstyr som skulle til: \u00abskoleistar i mange storleikar, busteleiv, symaskin, syl, pluggar og mange andre remediar. Han kunne laga nye sko, men dei fleste ordrane galdt nok soling og lapping\u00bb, skriv Asbj\u00f8rn \u00c5sgard, som \u00f2g fortel: \u00abD\u00f8vepresten kom p\u00e5 vitjing \u2013 eg minnest ikkje om det var kvart 5. eller 7. \u00e5r. Og d\u00e5 trur eg dei to heldt gudsteneste i stova \u00abdeira Nor\u00bb. Skomakaren hadde f\u00e5tt ei grundig oppl\u00e6ring i kristendomen sine grunnsanningar, og dei levde han etter, utan \u00e5 prata om det.\u00bb<\/p>\n<p><i>Her p\u00e5 lemmen i huset til h\u00f8gre med torvtak heldt Skomakaren til. Det kvite huset bak er Asgard\/brn. 1. V\u00e5gane og Svindalslandet i bakgrunnen til h\u00f8gre. Foto: Aasmund Aasgard<\/i><br \/>\n<img loading=\"lazy\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/aasgard\/Aasgard5.jpg\" width=\"600\" height=\"434\" border=\"0\" \/><\/p>\n<p>Livet til Skomakaren var nok ikkje s\u00e5 enkelt. I 1931 overtok Johannes, bror hans, bruket etter faren. Det viste seg d\u00e5 at Skomakaren ikkje hadde vore s\u00e5 flittig ved leisten, og ikkje tent stort. Det var faren som hadde kosta opphaldet hans. Johannes kravde kr. 25 per mnd. av Lind\u00e5s fatigstyre, ettersom det var ur\u00e5d for han \u00e5 f\u00e5 broren \u00abtil \u00e5 gjera det<br \/>\nminste gagns arbeid\u00bb for seg.<\/p>\n<p>6. september 1932 gjorde Lind\u00e5s fattigstyre f\u00f8lgjande samr\u00f8ystes vedtak: \u00abD\u00e5 Andreas \u00c5sgard er arbeidsf\u00f8r, krev fatigstyret at han arbeider hj\u00e5 broren for upphaldet, og ein g\u00e5r ut fr\u00e5 at Johs. \u00c5sgard godtek ei slik ordning. I fall Andreas \u00c5sgard nektar \u00e5 utf\u00f8ra arbeid for upphaldet, vert han etter \u00a7 44 i fatiglovi \u00e5 krevja sendt p\u00e5 tvangsarbeid.\u00bb<\/p>\n<p>Det siste syntest ikkje Johannes noko om, og minna fattigstyret om at broren ikkje var som andre friske arbeidsf\u00f8re. \u00abDet er soleis ingen nytte i \u00e5 skr\u00e6ma eller truga han, korkje med lensmann eller tvangsarbeid\u00bb, skreiv Johannes. Han \u00e5tvara fattigstyret i klare ordelag mot \u00e5 bruka tvang, men opprettheldt kravet om 25 kr. per mnd. Skomakaren vart ikkje send p\u00e5 tvangsarbeid. Men Johannes fekk heller ikkje innfridd kravet sitt. Saka gjekk heilt til Departementet for sociale saker, som ikkje kunne gjera om vedtaket i fattigstyret.<\/p>\n<p>Desse opplysninganse om Skomakaren og Johannes, bror hans, fann eg i ein konvolutt fr\u00e5 Departementet for sociale saker, datostempla 19.11.1932 og adressert til Hr. Johs. S. \u00c5sgard. Konvolutten l\u00e5g i papira etter far min, som truleg har vore r\u00e5dspurd av Johannes i saka.<\/p>\n<p>Om han hadde lite pengar, var ikkje Skomakaren gniten. Liv, s\u00f8ster mi, fortel at dei like etter krigen samla inn sko til trengjande. Sj\u00f8lv rodde ho til Asgard med sko som Skomakaren skulle reparera, og som s\u00e5 skulle leverast til innsamlingsaksjonen. Men d\u00e5 ho kom for \u00e5 henta skoa og ville betala, sa han berre med si karakteristiske, hese r\u00f8yst: \u00abmin skjerv\u00bb.<\/p>\n<p>Eg kan vel ha vore seks \u00e5r f\u00f8rste gongen eg rodde til Asgard med sko til Skomakaren. Det var ein spennande ekspedisjon. I Budalen, litt s\u00f8r for Asgard-naustet, stod det nemleg p\u00e5 1950-talet ein tett skog med kjempeh\u00f8ge grantre. Der budde to sv\u00e6re troll. Men eg tenkte med meg at det var midt p\u00e5 lyse dagen og sol &#8211; og s\u00e5leis trygt for troll. Og kom meg heilskinna forbi.<\/p>\n<p>P\u00e5 veg opp fr\u00e5 Asgard-naustet var eg litt usikker p\u00e5 Skomakaren &#8211; om han kom til \u00e5 h\u00f8yra n\u00e5r eg ringde p\u00e5, og om han forstod kva eg sa. Ringjeklokka hans var eit s\u00e6rsyn: Den bestod av ein hesjestreng som ein drog hardt i. Denne utl\u00f8yste s\u00e5 eit skrammel av ei anna verd oppe p\u00e5 lemmen fr\u00e5 blekkboksar og anna metall. Etter fleire harde rykk i hesjestrengen kom endeleg skomakaren byksande ned trappa. No var det \u00e5 forklara \u00e6rendet: Var det snakk om soling, heil- eller halvsoling &#8211; eller berre flikking? Med peikefinger og gestikulering fekk eg fram bodskapen. Men eg m\u00e5tte ta meg i akt for ikkje \u00e5 snakka slik Skomakaren sj\u00f8lv gjorde: med hes, ru, monoton r\u00f8yst.<\/p>\n<p>Asbj\u00f8rn \u00c5sgard fortel om sine opplevingar som loddseljar i m\u00f8te med Skomakaren: Det var alltid ei takksam oppg\u00e5ve for ein liten loddseljar \u00e5 treffa skomakaren heime. Han tok nok trappa i nokre byks, og s\u00e5 h\u00f8yrde ein at skrinet vart drege fram fr\u00e5 under senga, og det vart skramling med n\u00f8klar og l\u00e5s, og s\u00e5 kom pengane fram. Me visste det var slik, men det var kvar gong like kjekt \u00e5 oppleva det p\u00e5 nytt.<\/p>\n<p>Det kjekkaste var \u00e5 henta ferdigsola sko. Eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong betalte noko, men eg m\u00e5 vel ha hatt pengar med. Lukta av l\u00ear og synet av blankpussa sko gl\u00f8ymer eg derimot aldri. Eller rabalderet fr\u00e5 blekkboksane som var festa til hesjestrengen &#8211; ein slags ur-metall-musikk. Den h\u00f8yrer eg enno.<\/p>\n<p>P\u00e5 heimturen var det \u00e5 ro s\u00e5 fort eg vann forbi trollskogen. I vika bak Nothusholmen l\u00e5g Nothus-Draugen p\u00e5 lur. Dei illsinte ternene m\u00e5tte eg \u00f2g passa meg for. \u00c5 verja seg mot dei og samtiding ro med kjempetunge \u00e5rar var ikkje lett! Utferdene mine til skomakaren p\u00e5 1950-talet var verkelege eventyr, med ein helt, som drar ut og vender heim att, troll, trener og andre utfordringar \u2013 og ein snill hjelpar. Skomakaren d\u00f8ydde i 1979, 89 \u00e5r gamal.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Av K j a r t a n S v i n d a l\/ A s b j \u00f8 r n\u00a0 A a s g a r d P\u00e5 Aasgard\/brn. 2 tok Andreas Sjursen Aasgard til som skomakar omkring 1910. D\u00e5 vart det nok etter kvart slutt p\u00e5 at dei p\u00e5 Svindal laga og &hellip; <a href=\"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/skomakaren\/\" class=\"more-link\">Continue reading <span class=\"screen-reader-text\">Skomakaren<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2982"}],"collection":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2982"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2982\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2988,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2982\/revisions\/2988"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2982"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}