{"id":2959,"date":"2020-11-04T22:38:26","date_gmt":"2020-11-04T22:38:26","guid":{"rendered":"http:\/\/tveitosida.no\/?page_id=2959"},"modified":"2020-11-06T20:33:12","modified_gmt":"2020-11-06T20:33:12","slug":"ivar-liten","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/ivar-liten\/","title":{"rendered":"Ivar Aasgard"},"content":{"rendered":"<p>Or 97-\u00e5ringen si skatt-kiste, Ivar Aasgard (1911-2010). Kjelde: M i m r a, s o g e s k r i f t for L i n d \u00e5 s<\/p>\n<p><b>Skulegangen<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Eg var 6 \u00e5r og starta i skulen i 1917. No hadde me fenge skulehus, oppe i ville utmarka, der det aldri skulle vore noko hus. Me fr\u00e5 \u00c5sgard fekk rett nok litt kortare skuleveg, men myrane og kleivane og bekkjene og dika var dei same som f\u00f8r. I ettertid kan ein undrast p\u00e5 at folk kan vera so likes\u00e6le og ikkje bry seg med \u00e5 nytta nokre timar for \u00e5 finna ein laglegare plass \u00e5t eit skulehus.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Skuletida var fr\u00e5 9 til 16, seks dagar i veka. Fyring om morgonen var plikt og gjekk p\u00e5 omgang. \u00c5 skaffa ved til skulen var og plikt. Veden m\u00e5tte berast p\u00e5 ryggen i ulendet. Det kunne vera ymse med vedstellet, stundom var veden r\u00e5 og stundom var der ikkje ved. Me hadde ikkje tette st\u00f8vlar og regnklede som skuleborna har i dag, so me var ofte v\u00e5te n\u00e5r me kom p\u00e5 skulen. Var me tidleg ute, kunde me st\u00e5 kring omnen og varma oss litt f\u00f8r skulen tok til. Me hadde alltid unge l\u00e6rarar, og det var berre Olina S\u00e6ver\u00e5s som roa seg her i meir enn eit \u00e5r. Det var no ein tungvint og balesam krins. Me hadde l\u00e6rarar i lag med Austfjorden. Han skulte to veker hj\u00e5 oss, so m\u00e5tte han ha b\u00e5tskyss, med rob\u00e5t til Dyrdal. Etter to veker der var det rob\u00e5tskyss attende til Hindenes. Austavinden kunne vera stygg mange gonger. Heile mi tid var det samla skule 1.-7. klasse.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Straffem\u00e5tar som \u00e5 st\u00e5 i kr\u00e5na, sitja inne i friminutten, verta send heim eller sitja attp\u00e5, var ikkje brukt i mi skuletid, men det var brukt b\u00e5de f\u00f8r og etterp\u00e5. Om det var me som var greie elevar eller det var l\u00e6rarane som var for snilde med oss, veit eg ikkje. Eg minnest ein l\u00e6rar som trampa i golvet og gav oss ei lita skjennepreik. Det hende berre ein gong. Og so var det sognegjenta Sofie S\u00f8refjord som fekk krinsformannen, Mons E. til \u00e5 m\u00f8ta i skulestova og tala oss til rette p\u00e5 ein spak og venleg m\u00e5te. Elles kunde den kjekke l\u00e6rarinna v\u00e5r m\u00e5tte reisa fr\u00e5 oss. Ein elev vart nemnd med namn. Det hadde vel sine grunnar. Eg kan ikkje minnast at me var annleis mot henne enn mot dei andre l\u00e6rarane v\u00e5re. Men det kan vel tenkjast. L\u00e6rarane v\u00e5re hadde vore menn. At ei ung gjenta skulde vera l\u00e6rar var nytt og uvant. Ho var ei grei og liketil gjenta, og det kom no vel med.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Den nemnde hendinga var om hausten. D\u00e5 budde ho i J\u00f8lto, so m\u00e5tte ho flytta til \u00c5sgard, p\u00e5 loftet hj\u00e5 &#8220;dei nord&#8221;. Der var ikkje omn, og elektrisiteten var ikkje komen til v\u00e5re grender. Ved austre veggen var to veggfaste senger, midt p\u00e5 golvet eit rundt og staseleg bord, men det var k\u00e5rkona sitt. Ved venstre veggen hang klede under taket og kister p\u00e5 golvet, noko til k\u00e5rkona og noko til husfolket. N\u00e5r ho ikkje kunde bu hj\u00e5 oss, kom det av at me hadde sm\u00e5stova og loftet fullt av linjearbeidarar for Nordhordland Kraftlag. Det var fr\u00e5 Ostereidet og Stranda og reiste stolpar p\u00e5 kraftlina fr\u00e5 \u00c6sevatnet til Hindenes. D\u00e5 dei var ferdige, flytta Sofia inn i sm\u00e5stova v\u00e5r. Me likte det og var ofte i sm\u00e5stova om kveldane. Ho Anna der Nord var og innom og fekk hjelp med rekningane, og det var vel siste skule\u00e5ret hennar. Om ei stund kom her to karar fr\u00e5 Oster\u00f8y og bar fram dei jarna som skulde vera i toppen p\u00e5 stolpane. Dei klatra opp i toppen med dei og skrudde dei fast. Desse karane m\u00e5tte og ha hus om natta. Dei fekk sova oppe p\u00e5 loftet, men om kveldane sat dei ofte nede i sm\u00e5stova og prata med Sofia. Kor lenge dei var her, har eg gl\u00f8ymt, men dei var no farne herifr\u00e5 f\u00f8r jul. So etter jula fekk ho Sofia sm\u00e5stova \u00e5leine.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">K\u00e5rfolk og ein barneflokk var vanleg p\u00e5 dei fleste hus i krinsen, so det var ikkje alltid lett \u00e5 skaffa hus til ein l\u00e6rar. Anders And\u00e5s budde p\u00e5 l\u00e6rarrommet i skulehuset. Per Molland budde vel og der ei stund, men han budde vel og ei stund hj\u00e5 Andreas O. Lars Vik budde p\u00e5 \u00c5sgard, hj\u00e5 oss. Kvar Ola Jordal budde, har eg gl\u00f8ymt. Martin Toft budde nok p\u00e5 Toft. Olina S\u00e6ver\u00e5s budde p\u00e5 Hauane hj\u00e5 han Ingvald. Og Sofie S\u00f8refjord litt her og litt der, lengste tida hj\u00e5 oss.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Me hadde juletrefest i skulehuset v\u00e5rt kvart \u00e5r. D\u00e5 m\u00f8tte ikkje berre skuleborna og foreldra deira, men ungdommane og nokre av dei eldre og. Det var gong om juletreet, opplesing og leikar, av kokkar nemner eg Johanna i J\u00f8lto. Kaker og julebr\u00f8d var vanleg.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">17. mai feira me berre ein gong. Det var Anders And\u00e5s som stelte med det. Me fekk mat og kakao p\u00e5 loftet over skulestova. D\u00e5 me song bordverset, hadde me eit lite uhell, songen stogga midt i verset. D\u00e5 kom det fr\u00e5 ein av gamlekadlane: &#8220;No kadn de sj\u00e5! Graut-asjidla! Kudna kje syngja bordverse edn gong.&#8221;<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Etter maten gjekk me i tog til kaien p\u00e5 Hindenes til ruteb\u00e5ten kom. Me ropte hurra, og han Mongs i J\u00f8lto smelte av tre skikkelege dynamitt-skot. Etterp\u00e5 gjekk me til Idnegard. Me heldt oss p\u00e5 bakken s\u00f8rom l\u00f8a p\u00e5 Myrane. Me bar egg i skei og sprang i sekk og mange andre leikar. \u00c5 dra p\u00e5 skuletur var ikkje brukt i mi skuletid. Men han Nils, som heldt s\u00f8ndagsskule, tok oss med til S\u00e6trekletten ein sundag.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Om me hadde leikeplass? Neimen om eg veit det. Dei hadde jamna ut ein flekk, liten som ein husegrunn. Halve plassen var jamna til med grov pukkstein og raumold oppatt p\u00e5. Resten av plassen var berre mold. N\u00e5r det regna, kom det vatn fr\u00e5 bekken ovanfor inn p\u00e5 molda, og d\u00e5 vart det som ein blaut \u00e5ker \u00e5 trakka i. Noko av denne dikemolda drog me inn i huset med sko og st\u00f8vlar, men st\u00f8rste parten vart no skola vekk av flaumvatn, so kom me ned p\u00e5 fast grunn. Der var gjerde rundt plassen og ein fin port. Gjerdet var av simplaste sort og rusta snart, og det var og slik at sume elevar hjelpte og synest det var moro \u00e5 klatra i gjerdet og trakka det ned, so det slarvnast noks\u00e5 snart. Eg kan ikkje minnast at det nokon gong vart gjort noko for \u00e5 retta det oppatt. Utanfor gjerdet var det grave opp ein liten br\u00f8nn, det vart no mest myrvatn, me drakk helst i bekken. Inne i gongen stod ei b\u00f8tta som me kunde henta vatn i og ei ausa som me kunde drikka av. Det var no vanleg i alle hus p\u00e5 den tid. I frikvartera leika me ute, om veret var uteverande. Gutar og gjenter leika i lag for det meste, sj\u00f8lv i sn\u00f8ballkrig kunde gjentene vera med. I ruskever leika me p\u00e5 loftet over skulestova. Der var l\u00e5gt under taket, men me hadde mykje moro der. I skulestova kunde me og leika f\u00f8r l\u00e6raren kom om morgonen.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Mobbing, sa du? Ikkje mykje, vil eg seia. Me hadde ein lausingaongje i laget, Margit. Ho var oppalen hj\u00e5 farfaren. Ho Anna, syster mi, fortalde at n\u00e5r det andre gjentene spelte stein (femstein), heldt dei Margit utanfor. Anna syntest det var leidt. Ho slo lag med Margit, som var tre \u00e5r eldre, og Margit l\u00e6rde henne opp, s\u00e5 Anna vart flink til \u00e5 spela stein. P\u00e5 v\u00e5re andre leikar kan eg ikkje minnast anna en at Margit var med.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Ros var det lite av i v\u00e5r skule, eg kan i alle fall ikkje minnast noko, og bra var no det. Det vil alltid vera slik at ikkje alle kan gjera det like kvast p\u00e5 skulen. Og for dei som vert liggjande etter, kan det vera leidt nok likevel, om dei slepp h\u00f8yra p\u00e5 at dei flinkaste f\u00e5r ros.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Ein skuledag var der ein tolv \u00e5r gamal gut som ikkje vilde leika med oss. Han stod roleg og st\u00f8dde seg mot veggen friminutten til endes. Dagen etter stod han p\u00e5 same m\u00e5ten. Me spurde kvifor han ikkje vilde vera med oss og leika. Svaret me fekk, lydde soleis: &#8220;Treskona vert no snart nok utslitne om eg ikkje fer slik og spring&#8221;. Han var fr\u00e5 ein stor syskenflokk, og d\u00e5 so. Der skulde mange tresko til, og tidene var harde. Litt om litt slo han av p\u00e5 krava og fann attende til kameratane.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Det var p\u00e5 middagsstunda ein skuledag. L\u00e6raren, sogningen Per Molland, var nede p\u00e5 garden og \u00e5t middag. Nordom skulehuset var der ein berghamar, kalla Br\u00f8te. Skulevegen fr\u00e5 Hindenes kom opp ei bratt kleiv i detta Br\u00f8te. Ute p\u00e5 kanten, p\u00e5 ein stor stein, stod Johannes A. og heldt tale. Han kunde vorte ein god talar, og tala h\u00f8gt og greidt og la tyngde i orda. Men eg var p\u00e5 feil side av skulehuset som det var ikkje godt \u00e5 h\u00f8yra ordskjel. Eg sprang til, og fekk h\u00f8yra sluttsatsen; &#8220;\u00c5, Skjei-Olaen \u00e5 Asgardkarane da \u00e6 dei st\u00f8ste s\u00f8nnebokkane.&#8221; Nede under Br\u00f8te kom l\u00e6raren. Han skreik h\u00f8gt og kvast: &#8220;Johannes!! Johannes! \u00e6 du vidle-vorten!&#8221; Han slengde veska fr\u00e5 seg og tok ut i full fart opp gjennom kleiva. Men talaren tok \u00f2g ut, han for som ein r\u00f8ysekatt om skulehusnova og var ingenstad \u00e5 sj\u00e5 n\u00e5r han Per kom opp. Peren gjekk no og speida ei stund, men roa seg snart, gjekk ned om Br\u00f8te etter veska og plystra oss inn til ny time. Dermed var saka &#8220;henlagt uten protest&#8221;.<\/p>\n<p><b>Litt av livssoga<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Eg vart f\u00f8dd i 1911 og har overlevd to verdskrigar. Den fyrste krigen minnest eg lite til, eg minnest rasjoneringskorta, kaffikort og kva dei heitte no alle. Me hadde meir kort enn me trong, me var langt p\u00e5 veg sj\u00f8lvhjelpne med matvara, so noko naud leid me ikkje. Far heldt no alltid eit dagblad, som me fylgde med kva som hende ute i verda, store slag p\u00e5 land og hav, b\u00e5tar som vart torpederte og s\u00f8kkte. Me fekk eit kort fr\u00e5 Nils Veland, bror hennar mor. Han dreiv farm i Nord-Dakota, men vart utkommandert til krigen i Frankrike. Kortet var eit fotografi av han sj\u00f8lv i amerikansk milit\u00e6runiform. &#8220;Jeg er nu p\u00e5 vei til fronten&#8221;. Men eg trur helst at krigen slutta f\u00f8r han n\u00e5dde fram.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Hj\u00e5 oss gjekk dagane og \u00e5ra med sm\u00e5 og store gleder og sm\u00e5 suter innimillom. Om me leika? Jau, me gjorde no det. Men me hadde ikkje fullt so mykje kram som dei som veks opp i dag, men det trong me no ikkje heller. Storebr\u00f8rne hadde ein trehest, ein retteleg fin hest hadde han vore, men tida hadde fare ille med han, millom anna var han rovelaus. Mons og eg hadde eit munnspel . Det varde ikkje lenge. Anna var vel best stelt slik. Ho hadde ei stor dokka og ei stor, fin dokkevogn. Dokka var snild, ho sovna med ein gong ho la ho i vogna.<\/p>\n<p><b>Eg var 4 \u00e5r i 1915<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Det kom ein framand mann til gards ein dag, med skreppa p\u00e5 ryggen. Det var kje kvar veke me s\u00e5g framandfolk, ikkje kvar m\u00e5nad heller, og eg likte det slett ikkje. Me fekk bestekl\u00e6da p\u00e5, sj\u00f8lv om det ikkje var sundag, for mannen skulde laga bilete av oss. Me gjekk bort i bakken, austom skykkja. Br\u00f8rne mine stilte villig opp, men eg ville ikkje vera med. Eg laut no gje meg til slutt, men blid var eg ikkje. Mannen sette tre stavar i jorda, og opp\u00e5 dei sette han ein liten kasse med eit rundt hol p\u00e5 eine sida. Dei sa at der var ein liten fugl i kassen og at eg m\u00e5tte passa godt p\u00e5 n\u00e5r fuglen kom ut gjennom det runde holet. So tok mannen eit svart teppe og la over seg og kassen. Og so var det ikkje meir. Ingen fugl kom ut. Eg hadde vel ikkje venta det heller.<\/p>\n<p>Olav, Lars, ein skeptisk Ivar og Mons (liten). I bakgrunnen den store askestuen.<br \/>\n<img loading=\"lazy\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/aasgard\/OlavLarsIvarMonsLiten_.jpg\" width=\"350\" height=\"524\" border=\"0\" \/><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Ho mor sende meg ein gong nord til Hindenes til ho Marta p\u00e5 Skarph\u00f8yen, &#8220;Strekko&#8221;, for \u00e5 henta eit kledeplagg som Marta hadde strikka. Marta hadde strikkemaskina og var kona hans Joans p\u00e5 Skarph\u00f8yen, fjerde kona hans. D\u00e5 eg kakka p\u00e5 d\u00f8ra, kom Marta og bad meg inn og gav meg mat. Joans sat i ein stol og prata, spurde og fortalde. Han var flink til \u00e5 fortelja, som mange av den slekta. Og eg sat og verkte og fekk meg ikkje til \u00e5 takka for maten. Marta var utom d\u00f8ra eit par vender, og d\u00e5 lova eg meg sj\u00f8lv at med ein gong ho kom innatt om d\u00f8ra skulde eg greia det. Men eg vart berre sitjande og lyda p\u00e5 kva han Jonas fortalde. Men alt m\u00e5tte ha ein ende, og eg m\u00e5tte g\u00e5 heimatt med vondt samvet. Eg kvidde meg \u00e5 koma heimatt til ho mor, eg rekna med at ho vilde sp\u00f8rja, og det gjorde ho. Ho visste nok om mine veike sider. Ei leid hending, men eg var no berre slik.<\/p>\n<p><b>Til Myking med ku<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Tante Gina og Nils kj\u00f8pte gard p\u00e5 Myking. Dei kj\u00f8pte ei ku hj\u00e5 oss, og det vart han storebror Lars, elleve \u00e5r, og eg, sju \u00e5r, som m\u00e5tte syta for \u00e5 f\u00e5 ho til Myking. Ja, han far laut no vera med og f\u00e5 ho over fjorden. Han l\u00e5nte b\u00e5t hj\u00e5 Elias Svendal, ein b\u00e5t med tre par keipar, litt st\u00f8rre enn ein f\u00e6ring. Det gjekk bra \u00e5 f\u00e5 ho inni b\u00e5ten og f\u00e5 ho p\u00e5 land att i Tveitest\u00f8 (Viken), og han far rodde heimatt. Me rusla i veg, og kua var grei. Nordigjenom Haugsdalen likte eg meg berre passeleg. Der var so mange bikkjer som br\u00e5ka og g\u00f8ydde. Dei hadde oppdaga at det var kome framandfolk til Dalen, og det vilde dei ikkje ha noko av, men dei kom ikkje so n\u00e6r at det gjorde oss noko. Me kom vel fram til Myking og fekk kua p\u00e5 b\u00e5s. Dette var ein laurdag ettermiddag, og me overnatta p\u00e5 Myking. Og om sundagen gjekk me i kyrkja.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Eg hadde nok vore i kyrkja f\u00f8r, men det minnest eg ikkje noko til. Me sette oss p\u00e5 muren utfor kyrkjed\u00f8ra og venta til mor og far kom. Presten kom med hesteskyss fr\u00e5 Lind\u00e5s. Han var innom prestestova som snaraste, og so kom han mot kyrkja.\u00a0 Mange stod utanfor og prata. Dei stod med hatten i handa n\u00e5r presten n\u00e6rma seg. Kyrkjeklokka helsa \u00f2g p\u00e5 presten, ho ringte ei heil stund. Inne i kyrkja var mykje b\u00e5de \u00e5 sj\u00e5 og h\u00f8yra. Altertavla og preikestol, orgelet oppe p\u00e5 lemen, og \u00f8vst oppe under m\u00f8net to svarte hol. Kva dei skulde gjera der oppe fann eg ikkje noko l\u00f8ysing p\u00e5.<br \/>\nKvifor der skulde vera d\u00f8rer med krok inn til b\u00e5sane der folket sat, skyna eg ikkje. Ein gamal mann togg tobakk og sputta p\u00e5 golvet. Ein annan gamling hjelpte til med \u00e5 hengja ein vid og sid og svart kjole p\u00e5 presten. Ein stor kvit krage om halsen fekk han og. Eg syntest det s\u00e5g l\u00f8ye ut. Med presten stod p\u00e5 preikestolen, hende det noko. Ein ung mann oppe p\u00e5 lemen kveikte ein sigarett og gav seg til \u00e5 r\u00f8ykja. D\u00e5 presten s\u00e5g det, slutta han \u00e5 preika og gav seg til \u00e5 skjenna p\u00e5 den unge mannen so han sl\u00f8kte sigaretten. So gjorde presten seg ferdig med preika og gjekk ned av preikestolen.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">N\u00e5r folket kom utatt or kyrkja, gjekk dei rundt og tok kvarandre i handa og prata saman. P\u00e5 vegen ned til sj\u00f8en prata dei, og nede p\u00e5 Helleberget kunde dei og ha ei pratestund f\u00f8r dei gjekki b\u00e5tane og rodde heimatt (der vart kalla H\u00e6dlepreikj\u00e6). Stranda og Austfjorden brukte \u00f2g Mykingkyrkja, so der var mange b\u00e5tar.<\/p>\n<p><b>Litt om tresking<\/b><\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Me brukte ei heimelaga treskemaskina. Ho arbeidde seint, men for finare b\u00e5de med korn og halm enn piggtreskemaskinene som var i bruk p\u00e5 andre gardar, og trong mindre folkehjelp. Dei m\u00e5tte ha 4 karar til \u00e5 sveiva maskina. Me brukte vasskraft i staden. Diverre var bekken so liten at det helst m\u00e5tte vera flaum n\u00e5r me skulde treskja. Dei fleste haustane var de no nedb\u00f8r nok, men det hende at det drygde f\u00f8r flaumen kom, og d\u00e5 m\u00e5tte han nyttast. Og d\u00e5 minnest eg to gonger at me heldt p\u00e5 til midnatt.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Den fyrste gongen var eg 7 1\/2 \u00e5r og hadde arbeidet med \u00e5 raka halmen fr\u00e5 maskina, det var ikkje tungt. I tolvtida sende ho mor meg ned i stova for \u00e5 sj\u00e5 kor det stod til. Johan var nett \u00e5rsgamal, eg h\u00f8yrde utom veggen kor han skreik: Ra, ra, ra! Bokstaven R var den han brukte mest n\u00e5r han skreik. Ved senga stod ho Gaml-Adna og byssa. Vogga stod ved senga hennar mor. N\u00e5r p\u00f8yken vakna om natta, var han van med at handa hennar mor ikkje var langt vekke. N\u00e5r ho so ikkje var der, er det berre rimeleg at skrikinga auka, det var vel det einaste han kunne gjera. Det var berre d\u00f8ra mellom vogga og rommet hennar Gaml-Adna, so ho m\u00e5tte vel lura p\u00e5 kva som var tids. Tilslutt vart det so ille at ho m\u00e5tte risa opp og sj\u00e5 kor det hang i hop. D\u00e5 eg kom, stod ho og vogga og byssa. Ho var nokso lettkl\u00e6dd, hadde berre ei kort skjorte p\u00e5 seg. Ho las ei leksa om kva fakter dette var, og kom seg innatt om d\u00f8ra. Dette var einaste gongen eg kan minnast at eg s\u00e5g henne sint, og ho hadde grunn til det. Eg m\u00e5tte pr\u00f8va \u00e5 roa skrikarungen, men det var ikkje lett. Som vel var kom ho mor og tok seg av han. N\u00e5r eg ikkje kom oppatt p\u00e5 l\u00e5ven med det same, skyna ho at eg trong hjelp. Treskinga vart avslutta, no var det berre \u00e5 koma seg i ro for natta.<\/p>\n<p style=\"text-align: justify;\">Ein annan gong me treskte til midnatt, minnest eg og. Mitt arbeid var \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 kj\u00f8rebrua og ta i mot halmvondlane og senda dei inn p\u00e5 skukken. D\u00e5 det leid p\u00e5, slutta eg \u00e5 ta i mot. Det var m\u00f8rkt, dei s\u00e5g meg ikkje, og eg svara ikkje n\u00e5r dei ropte, og dei sende Olav opp for \u00e5 sj\u00e5 kor det stod til. Eg sat p\u00e5 golvet og sov med ein halmvondel i fanget. Me tok kveld. Barnearbeid? Kor gamal eg var, hugsar eg ikkje. So mykje som 12 \u00e5r trur eg ikkje at eg var, eg trur heller 9 eller 10.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Or 97-\u00e5ringen si skatt-kiste, Ivar Aasgard (1911-2010). Kjelde: M i m r a, s o g e s k r i f t for L i n d \u00e5 s Skulegangen Eg var 6 \u00e5r og starta i skulen i 1917. No hadde me fenge skulehus, oppe i ville utmarka, der det aldri skulle vore &hellip; <a href=\"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/ivar-liten\/\" class=\"more-link\">Continue reading <span class=\"screen-reader-text\">Ivar Aasgard<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2959"}],"collection":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2959"}],"version-history":[{"count":20,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2959\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3093,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/2959\/revisions\/3093"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2959"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}