{"id":1368,"date":"2020-10-26T18:59:14","date_gmt":"2020-10-26T18:59:14","guid":{"rendered":"http:\/\/10.40.0.11\/?page_id=1368"},"modified":"2020-11-04T17:59:22","modified_gmt":"2020-11-04T17:59:22","slug":"bygda","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/bygda\/","title":{"rendered":"Bygda"},"content":{"rendered":"\n<p>Som resten av verda har denne bygda skifta bilete fr\u00e5 eldre tider og fram til i dag. Kor tidleg busetnaden har komme her i bygda er uvisst, men stadnamna syner at den er gamal. Her er namn p\u00e5 jordstykk er som ikkje vart tekne oppatt etter svartedauden, til d\u00f8mes: \u00f8yjorda. Her er stadnamn som Timehjellen, og dei visste kva dagen lei n\u00e5r sola gjekk bakom den. Namn som Bj\u00f8rnehaugen, Bj\u00f8rnegrava og Einebuskaret vitnar ogs\u00e5 og gamal busetnad.<\/p>\n\n\n\n<p>P\u00e5 Bj\u00f8rnehaugen har dei nok sett bj\u00f8rn, og mest truleg har dei fanga bj\u00f8rn i Bj\u00f8rnegrava. I Einebuskaret syner grunnen etter einebuaren sitt hus, men kven som har budd der er ur\u00e5d \u00e5 seia. Stadnamna der kvernhuset stod vitnar og om eldre tider, sj\u00f8lv om det ikkje er spor etter kvernhuset.<\/p>\n\n\n\n<p>Jorddyrking har det vore lite av i gamal tid. Den jorda som har vore dyrka, har vore \u00e5krar til s\u00e5ing av korn. Det var den gode bakkejorda som vart dyrka. P\u00e5 den tida spela det ikkje s\u00e5 stor rolle om det var bratt eller flatt, dersom jorda var djup og god. Det var det heimeavla kornet dei brukte. Kornet treskja dei med tuster, og etterkvart malte dei det p\u00e5 flomkverna.<\/p>\n\n\n\n<p>Kva tid potetene kom som s\u00e5vare til mat er uvisst, men i den kom ogs\u00e5 potetkjellarane. Det var potetkjellar p\u00e5 kvart eit bruk, men med \u00e5ra har dei vorte rivne ned og her er berre ein potetkjellar att i bygda. Potetene kom godt med, og mang ei husmor gledde seg over potetene som matauk.<\/p>\n\n\n\n<p>Om hausten og v\u00e5ren m\u00e5tte dei spa om \u00e5krane, og denne omspadinga var ei heil onn som holdt mange i arbeid. Spaden som vart brukt hadde spadeblad av tre med litt jern i den nederste delen. Spadeskaftet var krumma i enden, og dermed var det betre \u00e5 halda i. Mang ein tresko vart nedsliten av at bonden tr\u00f8dde spaden i jorda.<\/p>\n\n\n\n<p>Husa som dei budde i bestod av stove som fungerte som opphaldsrom, soverom og arbeidsrom, der vevstolen og rokken var fast inventar. Ein gong med grue fungerte som kj\u00f8kken, og ellers var det ei bu som fungerte som stabbur. Ekte stabbur har det berre vore eit av i bygda, og det vart rive etter andre verdskrigen.<\/p>\n\n\n\n<p>Blandt husdyra var det nok geita, sauen og kua som dominerte. Utmarka var fellesbeite for kyrne, og om v\u00e5ren fungerte heimeb\u00f8en som fellesbeite for sau og geit. Gjerde mellom eigedommane var det ikkje, det var berre merkesteinane som synte kvar dei einskilde b\u00f8ndene eigde, og merkesteinar vart det fleire av etter kvart som bruka vart delte.<\/p>\n\n\n\n<p>Dessverre finn ein lite eigedomssoge fr\u00e5 eldre tider. Dette kjem seg truleg av svartedauden, og at skrivekunsten ikkje var s\u00e5 sterk. Den katolske kyrkja l\u00e6rte lite i fr\u00e5 seg til almenningen. Skrivekunsten for allmugen kom f\u00f8rst med dei lutherske prestane etter reformasjonen, og d\u00e5 skuletilboda og skuleplikta kom p\u00e5 mellom 1730 og 1740. Sj\u00f8lv etter denne tida var det skrivarar som dominerte, og mange av jordeigarane hadde berre bumerke, og m\u00e5tte s\u00e5leis skriva med p\u00e5halden penn.<\/p>\n\n\n\n<p>Det var jordeigedommane som var den gode og faste arbeidsstaden, maten betydde alt, og difor kom nok ogs\u00e5 jorddelinga. All denne delinga vart nok i meste laget, men det var kornet og dyra som gav grunnlag for liv. Med maten h\u00f8yrde ogs\u00e5 fisken, dei eldste vegane og nausta i Tveitest\u00f8 ved sj\u00f8en fortel mykje om det. Heiavegen som vart bygd som kl\u00f8vjeveg var viktig for b\u00f8ndene i bygda. Naust, b\u00e5t og fiske h\u00f8yrde med skulle dei leva p\u00e5 desse sm\u00e5 bruka, og nausta og retten til \u00e5 ha naust er like gamal som busetnaden \u00e5 gardane.<\/p>\n\n\n\n<p>Heiavegen vart ogs\u00e5 brukt n\u00e5r nokon skulle berast til sin siste kvilestad p\u00e5 Myking. Likkista var festa til ein staur kalla likstauren. Med sterke menn vart kista boren til Tveitest\u00f8, og s\u00e5 var det med b\u00e5t til Myking, og vidare opp til kyrkjegarden. Likstauren var ein kraftig staur som var gjennombora slik att festa h\u00f8vde med b\u00e6rekrokane p\u00e5 kista. Det er dessverre ikkje bevart nokon likstaur for ettertida. D\u00e5 kjerrevegane kom var det hesten som vart brukt til b\u00e5de brureferd og gravferd.<\/p>\n\n\n\n<p>Skulle ein fr\u00e5 bygda til Bergen m\u00e5tte ein om Eikangerv\u00e5g, og deretter med rob\u00e5t og seinare dampb\u00e5t til Bergen. Ogs\u00e5 vegen til Eikangerv\u00e5g var bygd som kl\u00f8vjeveg. Denne vegen som g\u00e5r fr\u00e5 Tveitegardane er enno synleg. Den andre vegen var k\u00f8yreveg for hjulkjerre. Den tredje vegen som ogs\u00e5 er den som vert brukt i dag, vart bygd i slutten av 1940.<\/p>\n\n\n\n<p>Bilete av hest og kjerre<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" width=\"600\" height=\"345\" src=\"http:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/gravferd\/GravferdOlina.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-2750\" srcset=\"https:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/gravferd\/GravferdOlina.jpg 600w, https:\/\/tveitosida.no\/wp-content\/uploads\/gamle_folder\/gravferd\/GravferdOlina-300x173.jpg 300w\" sizes=\"(max-width: 600px) 100vw, 600px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p>Det&nbsp;&nbsp;var hesten som f\u00f8rte kista til Olina B. Tvedt til Myking<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Som resten av verda har denne bygda skifta bilete fr\u00e5 eldre tider og fram til i dag. Kor tidleg busetnaden har komme her i bygda er uvisst, men stadnamna syner at den er gamal. Her er namn p\u00e5 jordstykk er som ikkje vart tekne oppatt etter svartedauden, til d\u00f8mes: \u00f8yjorda. Her er stadnamn som Timehjellen, &hellip; <a href=\"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/bygda\/\" class=\"more-link\">Continue reading <span class=\"screen-reader-text\">Bygda<\/span> <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/1368"}],"collection":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1368"}],"version-history":[{"count":10,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/1368\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":2852,"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/pages\/1368\/revisions\/2852"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/tveitosida.no\/index.php\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1368"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}