Somarfjøsen

Somarfjøsen i marka

Somaren 2007 blei somarfjøsen pussa opp. Det blei satt inn nytt vindu mot vatnet.

Inni fjøsen står står det båsar.

På ein plass fann me initialene MT (Mons Tvedt) 1903.

Mars 2005

Uthuset som står i Smådalane (av Bård Tvedt).

I 1921 var utskiftingen i utmarki ferdig, og etter den tid var det flytting av dei vårflorane som stod i Gjeila. Alle vårflorane som høyrde til eigedomane på gard nr. 25 stod i Gjeila. Det var no ikkje noko hastverk med den flyttinga, men plikten var der, og plikten vart utført etter kvart som dei som eigde bruki hadde høve til det. Bruk nr. 3 hadde ikkje oppført sit hus, så der var ingen flytting. Bruk nr.2 sitt hus vart heller ikkje flytta, men det datt ned. Alle vårflorane var berekna på sau, men dei kunne vel og brukast til andre ting. Men vårfloren til bruk nr.1 var berekna til sau og geit. Der var fine geitebåsa og der var saugarde. Geitebåsane var bygd slik at dei som mjølka geitene kunne stå å mjølka geitene, eller sitja på avsatsen der geitene sto på. Eg minnes ikkje geitene, men eg minnes godt sauene. Frå eg var liten var eg med å fann sauene heim. Dei kunne vera på ymse stader, men me borni vart godt kjende i utmarki og me visste namni på kvar ein stad, og det var koseleg. Det var einaste skodda som kunne skapa problem, det hende meg ein gong.

I 1933 eller 34 var det me flytta vårfloren til der den står idag. Eg og Nils Bøkevoll murde grunnen, far og min bror Elias, reiv vårfloren og flytta den. Geitabasane kom ikkje oppatt, men kubåsane kom oppatt, slik som det ser ut idag. Kubåsane har me hatt mykje bruk for, og serleg sidan eg tok opp beite til melkekuene der nord i marki. No er den brukt til okseplass om natti, men det er ikkje kvar natt. Vårfloren, eller saufjøset i Gjeila, som me sa, var bygd som standardhus. Der var ikkje stavar som i løa, men der var vanlege standarar, slik som det ser ut i dag der det står i beite nord i marki.