Slektstevne Tveito ’85

Første dag: i D y r k o l b o t n

Prolog til slektstemna 27 og 28 Juli 1935 for slekta etter Karoline og Mons Tvedt:

No er me samla i Dyrkollebotnen til fest, heile slekta er gjest.
Våre aner hev og trakka her, både i vinter og sumarver.

Me skulle nok vore på Tveito no, men husi vart for små, om no der er to.
Me minnast vil våre fedre med dei småe krav, no dei kvilar i si grav.

Når me tenkjer Tveito so er det “der Heime”,
alle me ældste som er her, var fødde der.

Der var ingen rikdom, ei heller arv av jordisk art,
men arven dei bringde kom i frå “Boki”, både reint og klart.

Dei ældste i flokken hugsar nok vel Bestefar Jakob og Ragnhild der,
slik “Besta” som ho, det fins ikkje no, om me trur aldri so vel om oss sjølve.

Jakob var stadsmann på Tveito han, men ho kom frå Seli,
Han gjore som far sin, for kje langt uti verdi, dei begge fekk ja der ute på Seli.

Men slekta vart spredd so vida i verdi, sume tok den lange og harde ferdi, over til landet med gull. Dei hadde nok draumar om lukka so stor, Men det var ikkje berre for det dei for, tida var hard her i gamle landet. Av Ragnhild og Jakobs born dei seks, dei miste dei fleste unge, jau der var år som var tunge.

Då var det far, han Mons, den yngste av deira, som var att der heima.
Han gjekk heller ikkje langt av stad, for å få sitt ja.
Og mor, ho Karolina, kom frå Optun, Bård-Olas ældste dotter-so god og lun. Me trur far vår gjore et funn.

Men slita ho måtte både ute og inne, slik skaptes lukka, la oss ha det i minne. Då mor og far for altaret sto i atten nitti åtte, dei lofte truskap i bram og brast, og alle veit det stod alltid fast.

I atten nitti ni kom den fyrste guten, han Jakob-Elias som ældsteman so, i nitten hundra han Ola, og Ragnvald i nitten to. Johannes i fira, ja det var kje som no.
Endeleg kom jenta, ho var den femta, tidleg om våren i nitten seks.
So var det Bård, han let seg venta på i fire år, ratt til nitten ti,
Ja han vart ikkje liten den karen. Men ingen visste då at han sku ha garden.
I tretten kom Magnhild ei jenta att, ho heiter etter faren, no skulle det verta meir hjelp inne og ikkje berre ute på garden.
I nitten femten kom der endå ein bror, kraftig og stor, han Kristian.

Det var nok strevsamt å vera mor med slik ein stokk, skulle tru at no var det nok, men nei, i nitten sytten kom der endå ei, Det var ho Gunhild, skrapekako.
Når der var so mange barn om bordet, var det kje berre ordet.
kva det sku til med mjøl og korn, Og sko og kler og klutar, vask og vøla med, Den mor ho fekk kje luta, kvar gong ho søvnig er.
Dette verset kan me skriva under på, det fekk me alle sjå.
Og like eins med Handi hans far, ho var sliti og hard,
og skrukkut som gamalt horn. Ho fekk si bragd på den magre gard, I træling for kona og born.

Ei takk vil me sende, når me tenkjer attende, på far og mor.

Det vart ei regla so lang og stor, vist me skulle rekna dykk opp med ord, alle de som kjem etter, her de møtest tremenning, kusine og fetter. Og vil de knyta slektas band, so ta kvarandres hand, La store, små få kjenna nå, dei høyre i slekta saman.

Og takka vil me ein og kver, som såg seg tid å vera her.
Og takk til dei som fekk i stand, å samla heile Tveitaklan.

Til slutt me bringar dykk et bud, ei helsing ifrå Gud,
Han set for dykk ei åpen dør, og Han velsignar slik som før.
Og reisa vil me oss i lag, og minnast våre brør, dei me saknar her i dag.

Et av de ni.

Andre dag: på Tveito

Søsken

Søskenbarn

Mons og Karoline

Minne om mor, Karoline Tvedt, som ho fortalde sjølv med oss.

Som barn:

a) Hennas mors bortgang
Hennas far, våre søskens bestefar sa med henne; «du må be Karolina.» Hennas mor låg då på barseng og hadde fødd det sjette barnet, og under ventetida hadde ho sagt med bestefar; “Denne gangen kjem eg ikkje oppatt”, men bestefar ville ikkje høyre på det. Fjerde dagen etter fødselen fekk ho barsengfeber med døden til følgje. Mor bad om at hennas mor måtte verta frisk att, men døden kom. På begravelsesdagen, den gang rodde dei til Myking, måtte dei som bar kista setja den ned, ta og av loket, så mor (Karoline) fekk kjenna at hennas mor var kald og død. Presten sa den dagen til mor: «Du skjønar dette ikkje no, men du skal skjøna det sidan.» Den siste veka mor levde og eg (Bård) sat ved sengi hennar sa ho: «Bård, eg har aldri skjøna det.» Eg måtte minna mor om Guds Ordet: Dagane våre er talde før ein av dei var til.

b) Hennas arbeid med å vera mor for sine søsken
Dei var seks søsken, mor var eldst. Bestafar var ute på arbeid, han var steinarbeidar. Mor 11-12 år gamal måtte vera hushjelp ved sida av dei tenestejentene som bestefar leigde, av den grunn måtte ho ofte sløyfa skulen.

Då ho gjekk for presten vart ho innkalla på prestekontoret til presten Widding som overhøyrde henne i Luthers katekisme som inneheld over 300 spørsmål. Mor svarte rett på alle spørsmål ho fekk. Widding var godt nøgd med hennas kristendomskunnskap, og Mons Sletten, hennas lærar i folkeskulen, skriv i hennas avgangsvitnemål. «Hun havde gode evner og flid og forhold var efterfølgelsesværdige».

c) Til fjells med sauene.
Bestefar (morfar, Ola Bårson Øvretveit) krov mykje av sine barn. Ein gong sauene skulle til fjells var det mor, og eg trur hennas yngre bror, Ivar var med, med det er eg ikkje viss om. På turen oppover då dei kom til Jeli, forbi Kvingavatnet, sette det inn med torden og regn. Midt i Jeli mista mor den eine husskoen sin, lynelden blinka så kraftig, men mor fann ikkje att skoen. På attendeturen om natti gjekk ho til Klas på plassen og banka på. Ho hadde høyrt at Klas på plassen og banka på. Ho hadde høyrt at Klas var død, men ho rekna med at der var andre heime. Men den som kom ut då ho banka på det var Klas. Mor vart forferd og spurde: «Er det du Klas?». «Ja», sa Klas. «Men eg har høyrt at du var død.» «Då lever eg lenge», sa Klas. Mor fekk hus for resten av natti.

d) Bestefar (morfar), gifte seg oppatt.
Den nye kona til bestefar tok borni hans etter første ekteskap med kjærleik og glede. Alle vart dei glade i henne.

Som vaksen:

e) Eldst
Då mor var eldst i søskenflokken måtte ho taka del i tungarbeidet på Optun. Ho køyrde hesten, spreidde frauen om våren, osv.

f) Ny tid. Ungdom er ungdom.
Far var og ung, og far og mor møttest. Under den store lønna som står ved huset vårt var den staden som dei ofte stod i sine trulovingsdagar. Mor tok den gang i toppen på lønna frå bakken. Lønna har nok overlevd mor og far, og frå lønnespira ser ein overalt i tunet. Mor og far fekk mange, og ætta har spreidd seg, i heimland og utland. Eg sa eingong til mor: «Me var mange», og mor svara: «Det var no moro og».

Minne om far Mons Tvedt

a) Barndom
Fars barndom kjenne eg lite til. Han måtte overtaka i heimen tidleg, og når han fekk sjølv heim hadde han ikkje tid til å fortelja frå sin barndom som mor hadde å fortelja om sin barndom. Den gang var der ikkje sjuketrygd, alderstrygd eller andre offentlege gode. Ved sida av hustru og sine foreldre hadde han og ei søster å forsørgja.

Far var ein god bygningsmann, og det yrket dyrka han. Soleis var og far med å bygde oppatt Ålesund etter brannen der i 1904. Då far kom heimatt, etter mange månader i Ålesund ville ikkje dei to eldste gutane kjenna han att. Han hadde fått bart. Men alt gjekk over.

b) Far som eg minnest han.
Som bygningsmann, postopnar og gardbrukar, men fjøsstellet var mest mor. Etter som me voks opp hjelpte me og far med posten. Det gjekk meste i arv det.

c) Far som treskomakar.
Han reparerte vel lêrsko, men mest minnes eg han som treskomakar. Det var ofte om laurdagskvelden når han kom frå byen då kunne han taka fatt på eit treskoparemne og gjera ferdig eit par tresko før han gjekk til sengs for natti. Hans krøtelinjer på skoene var hans eigne, om han ikkje hadde fått dei i arv frå forfedrene, han var nok den 6. av ætti som hadde skøyte på garden. Eit av skøytene var brorskøyte.

d) Far som felemakar.
Far var interessert i musikk, derfor var det vel at han lagde si eiga fele.

e) Minner
Eg minnes og to særs tilfelle med far. Mor las andakten ein sundag, far ville ikkje, han la seg på senga. Den gang stod den i stova. Mor las andakten for oss, små og store.

Den andre gangen eg særs minnes far var i hans sjukdom. Han søkte Gud om frelse og fekk det ikkje til. Då sat bestemor Optun ved sida av senga og ho peikte med peikefingeren mot far og sa. «Så er det». Eg stod då med kjøkkendøra og lytta til talen hennar. Eg var då 8-9 år gamal. Så vart det ein frelst far som reiste til sjukehuset for å verta operert, for etter den gong å rekna ein alvorleg operasjon.

Far og mor var og stekt interessert i misjonsarbeidet. Far var i mange år formann i DNM i bygda vår, og når han var i Bergen på arbeid var han ein god møtegangar i Bergen indremisjon.

Så er far og mor flytta til eit enno rikare liv på den andre sida av tilvære. Eg trur dei kunne ynskt ein slik dag som i dag, for at slekta skal verta kjend med kvarandre. (Tale av Bård på slektstevne).