Av K j a r t a n S v i n d a l/ A s b j ø r n A a s g a r d
På Aasgard/brn. 2 tok Andreas Sjursen Aasgard til som skomakar omkring 1910. Då vart det nok etter kvart slutt på at dei på Svindal laga og reparerte skoa sine sjølve. Far til Andreas, Sjur Andersen Stusdal, var fødd og oppvaksen i Stusdal, der òg Andreas vart fødd, i 1890. Gjertrud, mor hans, kom frå Romarheim. I 1903 kjøpte Sjur Andersen Stusdal bruket på Asgard etter Lars Olsen Aasgard og tok som skikken var gardsnamnet til etternamn.
Men Andreas var ikkje som alle andre. I «Skomakaren – minne om ein god ven» (Mimra 2008) skriv Asbjørn Åsgard, nærmaste nabo på Asgard/brn. 1: «Men åra gjekk, og Andreas kom ikkje på skulen. I 1899, då han var ni år, rapporterte læraren at det var ein åndsveik gut i Stusdal. I 1901 sende Hosanger skulestyre melding til direktøren for abnormskulane i Noreg, om «den døvstumme gut Andreas Stusdal».
Det var kanskje ikkje så rart at dei tvilte på evnene hans når han ikkje høyrde. Men kunnskapen var ikkje større den gongen. Han var sikkert ikkje den einaste som fekk merkelappen «åndsveik», men han var ein av dei heldige som fekk gjort noko med det. Me som kjende han, veit at intelligensen hans kunne måla seg med kven som helst.»
Hausten 1902 vart Andreas innskriven som elev ved Den offentlige skole for døve i Trondhjem. Der han fekk gode skussmål, som her etter skuleåra 1903-04 og 1904-05: «Aandsevner: gode; taldygtighed: bra; kundskaber: følger noksaa godt med i IV klasse hvor han blev opflyttet ved skoleaarets begyndelse: I regning staar han dog endnu en del tilbage; praktisk dygtighed: meget gode anlæg for sløid. Er interessert og flittig, arbeider derfor raskt og pent; flid: god, opførsel: god». «Aandsevner: gode. Praktisk dygtighed: gode anlæg som skomager og flittig». Etter konfirmasjon i Trondhjem, truleg i 1908, kom Andreas – no utlærd skomakar – «heim» til Asgard, ein for han heilt ukjend stad. Då hadde han ikkje sett foreldre og søsken på sju-åtte år. To av søskena hadde han aldri sett.
Ved folketeljinga i 1910 er Andreas Sjursen registrert på Asgard/brn. 2. Under Stilling/stand står det: «Gaardsarbeid og Skomager». Omkring 1909-10 hadde han altså rigga seg til på stovelemmen med alt av utstyr som skulle til: «skoleistar i mange storleikar, busteleiv, symaskin, syl, pluggar og mange andre remediar. Han kunne laga nye sko, men dei fleste ordrane galdt nok soling og lapping», skriv Asbjørn Åsgard, som òg fortel: «Døvepresten kom på vitjing – eg minnest ikkje om det var kvart 5. eller 7. år. Og då trur eg dei to heldt gudsteneste i stova «deira Nor». Skomakaren hadde fått ei grundig opplæring i kristendomen sine grunnsanningar, og dei levde han etter, utan å prata om det.»
Her på lemmen i huset til høgre med torvtak heldt Skomakaren til. Det kvite huset bak er Asgard/brn. 1. Vågane og Svindalslandet i bakgrunnen til høgre. Foto: Aasmund Aasgard
Livet til Skomakaren var nok ikkje så enkelt. I 1931 overtok Johannes, bror hans, bruket etter faren. Det viste seg då at Skomakaren ikkje hadde vore så flittig ved leisten, og ikkje tent stort. Det var faren som hadde kosta opphaldet hans. Johannes kravde kr. 25 per mnd. av Lindås fatigstyre, ettersom det var uråd for han å få broren «til å gjera det
minste gagns arbeid» for seg.
6. september 1932 gjorde Lindås fattigstyre følgjande samrøystes vedtak: «Då Andreas Åsgard er arbeidsfør, krev fatigstyret at han arbeider hjå broren for upphaldet, og ein går ut frå at Johs. Åsgard godtek ei slik ordning. I fall Andreas Åsgard nektar å utføra arbeid for upphaldet, vert han etter § 44 i fatiglovi å krevja sendt på tvangsarbeid.»
Det siste syntest ikkje Johannes noko om, og minna fattigstyret om at broren ikkje var som andre friske arbeidsføre. «Det er soleis ingen nytte i å skræma eller truga han, korkje med lensmann eller tvangsarbeid», skreiv Johannes. Han åtvara fattigstyret i klare ordelag mot å bruka tvang, men opprettheldt kravet om 25 kr. per mnd. Skomakaren vart ikkje send på tvangsarbeid. Men Johannes fekk heller ikkje innfridd kravet sitt. Saka gjekk heilt til Departementet for sociale saker, som ikkje kunne gjera om vedtaket i fattigstyret.
Desse opplysninganse om Skomakaren og Johannes, bror hans, fann eg i ein konvolutt frå Departementet for sociale saker, datostempla 19.11.1932 og adressert til Hr. Johs. S. Åsgard. Konvolutten låg i papira etter far min, som truleg har vore rådspurd av Johannes i saka.
Om han hadde lite pengar, var ikkje Skomakaren gniten. Liv, søster mi, fortel at dei like etter krigen samla inn sko til trengjande. Sjølv rodde ho til Asgard med sko som Skomakaren skulle reparera, og som så skulle leverast til innsamlingsaksjonen. Men då ho kom for å henta skoa og ville betala, sa han berre med si karakteristiske, hese røyst: «min skjerv».
Eg kan vel ha vore seks år første gongen eg rodde til Asgard med sko til Skomakaren. Det var ein spennande ekspedisjon. I Budalen, litt sør for Asgard-naustet, stod det nemleg på 1950-talet ein tett skog med kjempehøge grantre. Der budde to svære troll. Men eg tenkte med meg at det var midt på lyse dagen og sol – og såleis trygt for troll. Og kom meg heilskinna forbi.
På veg opp frå Asgard-naustet var eg litt usikker på Skomakaren – om han kom til å høyra når eg ringde på, og om han forstod kva eg sa. Ringjeklokka hans var eit særsyn: Den bestod av ein hesjestreng som ein drog hardt i. Denne utløyste så eit skrammel av ei anna verd oppe på lemmen frå blekkboksar og anna metall. Etter fleire harde rykk i hesjestrengen kom endeleg skomakaren byksande ned trappa. No var det å forklara ærendet: Var det snakk om soling, heil- eller halvsoling – eller berre flikking? Med peikefinger og gestikulering fekk eg fram bodskapen. Men eg måtte ta meg i akt for ikkje å snakka slik Skomakaren sjølv gjorde: med hes, ru, monoton røyst.
Asbjørn Åsgard fortel om sine opplevingar som loddseljar i møte med Skomakaren: Det var alltid ei takksam oppgåve for ein liten loddseljar å treffa skomakaren heime. Han tok nok trappa i nokre byks, og så høyrde ein at skrinet vart drege fram frå under senga, og det vart skramling med nøklar og lås, og så kom pengane fram. Me visste det var slik, men det var kvar gong like kjekt å oppleva det på nytt.
Det kjekkaste var å henta ferdigsola sko. Eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong betalte noko, men eg må vel ha hatt pengar med. Lukta av lêr og synet av blankpussa sko gløymer eg derimot aldri. Eller rabalderet frå blekkboksane som var festa til hesjestrengen – ein slags ur-metall-musikk. Den høyrer eg enno.
På heimturen var det å ro så fort eg vann forbi trollskogen. I vika bak Nothusholmen låg Nothus-Draugen på lur. Dei illsinte ternene måtte eg òg passa meg for. Å verja seg mot dei og samtiding ro med kjempetunge årar var ikkje lett! Utferdene mine til skomakaren på 1950-talet var verkelege eventyr, med ein helt, som drar ut og vender heim att, troll, trener og andre utfordringar – og ein snill hjelpar. Skomakaren døydde i 1979, 89 år gamal.