S e l j e l i d g a r d a n e _ i _ s l e k t a _ i _ 240 år
Kjelde: M i m r a, _ s o g e s k r i f t _ for _ L i n d å s
Av O d d v a r _ E i k e m o
Då familien “min” budde på Seljelid eit par år rundt 1950, og seinare i mange sumarferiar, høyrde eg ofte namnet Bindingsbø. Eg kunne ikkje skjøna kor det var, og kvifor spesielt onkel Jacob Seljelid stadig snakka om Bindingsbø. Bygda Bindingsbø ligg langt opp i Eksingedalen. Etter kvart skjøna eg kvifor Bindingsbø ofte blei nemnt. Den første eigaren på Seljelid i vår slekt kom derfrå. Han heitte Johannes Bindingsbø. Han var fødd på Voss i 1737 av foreldra Jakob Fosse og Magdeli Lavik. Eldste broren Simon, fekk garden på Bindingsbø. Yngste broren Haldor fekk seg gard på Voss, og den mellomste, Knut, blei husmann på Bergo i Evanger.
Bilde frå Bindingsbø august 2017. (Husene på Bindingsbø er av eldre byggjestil, men er godt ivaretatt i dag. På bildet ser ein tre bruk.)
Johannes klarte å skaffa seg bygsel i 1765 på bruk 3 Dalen i Ytre Hordvik. Han hadde no levebrød i ein alder av 29 år, og som 30-åring gifta han seg med Synneva Hermundsdal året etter, og året der etter igjen, i 1767, blei første barnet, Anna, fødd. Diverre døydde ho allereie som spedbarn. Men dei gav ikkje opp, så i 1769 kom Ragnhild til verda. Og som ikkje det var nok, fekk dei enda ei jente, ei ny Anna i 1772. Anna blei berre eitt år gamal. Men så kom gutane, Jakob i 1774 og Johannes i 1777.
Johannes Bindingsbø eller Hordvik, som han nå skreiv seg for, må ha vore ein driftig kar, for i 1773, åtte år etter at han kom til Dalen i Ytre Hordvik, fekk han skøyte på garden. Om han i 1774 skulle feira at Jakob
var komen til verda, er ikkje godt å seia, men same året kjøpte han Seljelid gard. Det var den 17. mai 1774 at skøytet blei underskrive. Og kanskje han feira enda meir, for det året Johannes var fødd, i 1777, kjøpte han Bakkebø, ein gard som låg tett opp til Seljelid.
Johannes var no oppteken med å drifta garden i Ytre Hordvik. Broren Knut som var husmann, blei bydd å styra Seljelid. Han fekk bygsel på garden straks den var kjøpt. Det same gjaldt for Bakkebø. Knut hadde med seg kona Ragnhild og to døtrer. Knut blei buande på Seljelid til han døydde 92 år gamal i 1826. Han hadde då vore enkjemann i 20 år.
For familien i Ytre Hordvik gjekk det hakkande gale. Allehelgensdag 1779 blei 42-åringane Synneva og Johannes saman med den 10 år gamle dottera Ragnhild, gravlagde i Hamre kyrkje. Det går ikkje fram av kyrkjebøkene kvifor dei døydde. Men det er å anta at dei drukna. Osterfjorden var ein viktig kommunikasjonsveg, og eg kjenner til at fleire i slekta drukna på veg over eller langs fjorden.
Dei to smågutane Jakob og Johannes blei nå foreldrelause i ein alder av fem og to år. Året etter var det skifte etter foreldra. Dei to smågutane arva 113 riksdalar og kvar sin halvpart av Seljelid. Antakeleg flytta dei to smågutane til onkelen på Seljelid og voks opp der.
I 1798 då yngste broren Johannes blei myndig, skjøtte han sin lut av garden til sin tre år eldre bror. Jakob blei dermed eineeigar av Seljelid.
Ein er ikkje sikker på når Jakob tok over garden etter onkelen, men antakeleg kring 1802 då han gifta seg med tenestejenta på Seljelid, Marta Sætre. Marta døydde allereie året etter.
No kjem Dyrkolbotn inn i slekta. På same måte som for Bindingsbø, så var det mykje snakk om Dyrkolbotn på Seljelid. Jakob blei enkjemann då han var 29 år. Han var ein ung mann med ein relativt stor gard, og sikkert eit bra parti. Det ser ut som om forbindelsen mellom Jakob og Dyrkolbotn var av økonomisk karakter. Det verkar som om han hadde lånt pengar der. Om det var ein del av dei økonomiske transaksjonane, veit eg ikkje, men i alle fall blei Jakob gift med den seks år eldre Ragnhild Dyrkolbotn i 1804; etter eit år som enkjemann. Året etter i 1805, fekk dei sonen Johannes. Då han blei vaksen, kalla dei han «Gamle Selien» for å skilja han frå sonen Johannes. Og i 1807 kom dottera Marta, som seinare blei gift til Tveito-slekta.
Marta Jakobsd. Seljelid 1807-1887 (mor til Jakob Erikson Nedretveit 1831-1914).
Fem år etter bryllaupet døydde Jakob berre 35 år gamal. Ragnhild sat att med Johannes på fire og Marta på to år. I tillegg hadde ho gard å drifta.
Kvifor Jakob døydde så ung, veit me ikkje.
Eg veit ikkje kor tid på året Jakob døydde, men allereie nyttårsaftan same året (1809) gifta Ragnhild seg opp att med den ti år yngre Ole Vik. 19-åringen Ole frå nabogarden på Vik gifta seg til ein bra gard og fekk to småborn på kjøpet. I arven etter Jakob blei omtrent tredjedelen lagt ut til kreditoren Sjur Dyrkolbotn, far til Ragnhild. Resten blei delt mellom enkja og dei to borna. Ole må ha hatt tilgang på ressursar, for han løyste ut sin komande svigerfar og fekk skøyte på den delen av garden. Dermed var han medeigar i garden allereie før han blei gift.
Om Ragnhild og Ole har hatt eit godt auga til kvarandre før ho blei enkje, er ikkje godt å vita. Men giftarmålet kom rimeleg fort etter at Jakob gjekk bort. Då Ole blei gift med Ragnhild, fekk han bygsel i 14 år på den delen som dei to borna Johannes og Marta hadde arva.
(Som 22-åring blei Johannes (Gamle Selien) gift med enkja Ragnhild Sætre. Ragnhild som hadde vore gift med Johannes Eikemo frå Eikemo i Hosanger, hadde fire born mellom 9 og 14 år med han. Johannes Eikemo blei 37 år og enkja var tre år yngre, men sju år eldre enn den nye Johannes Seljelid. Det gjekk fort her også, for Ragnhild Sætre Eikemo hadde vore enkje knapt eit år før ho gifta seg opp att.
Den nye familien blei verande på Eikemo til eldste sonen til Ragnhild, Ole Eikemo, blei myndig. Det var då naturleg at han tok over garden.
I dei ti åra Ragnhild og Johannes «Gamle Sælien» budde på Eikemo, fekk dei fem born saman. Når nå neste generasjon på Eikemo hadde teke over garden, var det naudsynt for Ragnhild og Johannes å gjera noko med sin situasjon.)
Seljelid gard
1833 hadde Johannes fått skøyte på halve Seljelid. Garden blei delt, og Johannes sin lut blei bruk 2. Johannes var framleis arving til bruk 1, men med delinga blei dei einige om grensene og at Ragnhild og Ole Vik skulle drifta begge bruka så lenge dei levde.
(I 1837 flytta Johannes med kone og fem born til Seljelid. Året før hadde han kjøpt garden Adnekvam i Masfjorden. Bruket blei bygsla til Mons Kvamme for 20 år. Men Mons blei ikkje verande der så lenge, så Johannes og familien flytta til Ådnekvam etter kvart. Ein veit ikkje sikkert når.
Det var ikkje overraskande at Johannes kalla dei to eldste borna sine for Jakob og Johannes. Eldste sonen Jakob, var etla til å taka over bruk 2. Då han blei myndig i 1848, fekk han skøyte på bruket. Aret etter blei han gift med Brita Vik. Ho var niesa til Ole Vik. Det gjekk ikkje langt etter ektefelle den gongen. Den nest eldste sonen til» Gamle Selien», Johannes, overtok Adnekvam i 1867. Då var han 37 år og hadde i seks år vore gift med Brita Kalhovda frå Masfjorden.
Johannes «Gamle Sellen» gjekk bort i 1876, 71 år gamal.
Jakob og Brita på bruk 2 fekk ein son som dei kalla Johannes. Han døydde allereie som 13-åring, og del fekk ikkje fleire born. Dei dreiv garden fram til 1881. Då var Brita 66 år og Jakob 63. Då selde dei garden til Martinus Konglevoll og kona Magdalena Treland. Dei hadde med seg borna Oluf og Elevine Kristine, eller Kristina som ho blei kalla til dagleg. Magdalena døydde eit par år etter kjøpet. Det kan vera årsaka til at Jakob kjøpte garden attende i 1884 til same pris som han hadde selt den for.
Men så skjedde det noko på Ådnekvam som fekk følgjer for bruk 2 på Seljelid. Same året som Jakob kjøpte attende bruk 2, døydde broren Johannes på Adnekvam. Han var då 54 år og enkja Brita Kalhovda som var åtte år yngre, sat att med fem born som levde. Dei hadde hatt ni born. Eldste sonen Ole, var då 22 år og tok over Ådnekvam. Om det var av praktiske årsaker eller noko anna, veit me ikkje, men Brita reiste til Seljelid og hadde med seg gutane Johannes og Jakob. I alle høve blei ho i 1886 gift med enkjemannen Martinus Konglevoll, og dei kjøpte attende bruk 2 same året. Då dei kom til Seljelid, var Johannes fjorten og Jakob åtte år.
Brita og Martinus fekk berre åtte år saman. 11892 døydde Martinus 50 år gamal. Johannes var då 21 år og kunne ta over garden. Johannes kasta etter kvart augo på den seks år yngre Kristina. Ho var foreldrelaus etter at faren døydde, men blei buande på garden saman med stemora Brita og hennar to søner. Kristina var 20 år og Johannes 26 då dei gifta seg i 1898. Bror til Kristina, Oluf, hadde utvandra til Amerika, og ho sat att med garden saman med stemora.
Johannes blei berre 48 år, men dei klarte å få 15 born saman. Kristina levde lenge, og døydde i 1962, 83 år gamal.
Det blei Johannes og Kristina sitt barn nr. 7, Johannes, som kom til å ta over garden. Johannes blei i 1944 gift med Maria Kjenes. Dei fekk tre born, Jorunn, Rolf og Magnar. Rolf tok over garden. I dag er det hans dotter Marion som har bruk 2 på Seljelid.)
På bruk 1 hadde Ragnhild Dyrkolbotn og Ole Vik fått fem born, halvsøsken til «Gamle Selien». Den eldste, Brita, var fødd året etter at foreldra gifta seg. Brita blei i 1835 gift med 21- åringen Ivar Romarheim. Ho var fire år eldre. Ivar, som er min tipp oldefar, var fødd i 1814. Mora til Ivar, Marta Romarheim, var gift to gonger og hadde fem born med kvar av ektefellane. Det må ha vore svært folksamt på Romarheim. (ikkje merkeleg at mange der i frå utvandra til Amerika). Men Ivar og Brita blei likevel verande på Romarheim etter giftarmålet. Dei delte garden med Ivar sin halvbror Anders, som for øvrig seinare utvandra til Amerika og blei bestefar til Agatha Rommereim, kona til Jacob Seljelid.
Bilde av Ivar og Brita Romarheim foreldre til Ragnhild.
I ca. 20 år budde Ivar og Brita på Romarheim. På den tida fekk dei seks born. (Der i blant Ragnhild Ivarsd. Seljelid 1836-1929). På Seljelid bruk 1 døydde Ole Vik i 1856. Då var han 66 år og kona Ragnhild 10 år eldre. Det var klårt at ho ikkje makta å driva garden. Med Ole hadde Ragnhild fått berre døtrer. Alle var gifte og etablerte med sine heimar andre stader. Det blei til at den eldste dottera Brita, saman med Ivar tok over garden. Dei fire eldste borna var døtrer. Så kom dei to gutane Askild og Ole.
Askild, min oldefar, var fødd i 1841. Ole utvandra til Amerika. Dei fire eldre søstrene var gifte kvar på sin kant. (Ragnhild blei gift til Tveito-slekta.)
Askild som i 1869 hadde gifta seg med søskenbarnet Barbu Grimstad (mødrene Brita og Guri var søsken, døtrene til Ole og Ragnhild), tok over garden i 1878, 30 år gamal. Ragnhild døydde i 1867, 87 år gamal. Ivar døydde i 1894, 80 år, mens Brita, mor til Askild, døydde i 1903, 93 år gamal. Ho er blant dei eldste Seljelidane som har levd lengst, bortsett frå nokre i den nolevande eldste generasjonen.
(Askild og Barbu fekk tre born. Eldste sonen Ivar, blei som 21- åring gift med Steffina Fjellsbø. (Det ser ut som om det var vanleg å gifta seg så snart dei blei myndige, i alle fall når dei var odelsgutar). Ivar tok aldri over garden. I 1900 som 30- åring, døydde han barnlaus. Steffina gifta seg opp att med søskenbarnet til Ivar, Haavard Grimstad.
Den andre sonen til Askild og Barbu var Hans. Han blei berre åtte år. Han døydde av lungebetennelse etter å ha vorte våt og kald på skulevegen.
Den yngste var Hanna Gurina. Ho var nærast ein attpåklatt i og med at ho var fødd l1 år etter Hans. Hanna som var 18 år då broren Ivar døydde, blei nå einearving til Seljelid bruk 1. På andre sida av steingarden på bruk 2 budde den fire år eldre Jakob. Dei har nok kjent kvarandre heile livet og gått på skulevegen saman. I alle fall blei det til at Jakob tok turen dei knapt 100 metrane til nabohuset og fridde til halv- tremenningen sin Hanna. 3. juni 1903 gifta dei seg. Det blei eit langt ekteskapeleg liv. Dei fekk 11 born som voks opp. Jakob var 92 år då han gjekk bort i 1971, og Hanna 91 då ho døydde to år seinare.
I 1944 fekk eldste sonen Ivar skøyte på garden. Men den gjekk etter få år attende til faren i og med at Ivar ville fortsetja i faget sitt som los på kysten. I byrjinga av 1950- talet blei det til at søskena Borghild, Berta og Jacob hadde garden fram til 1983 då Jacob for til Amerika. Nevøen Håkon overtok garden og hadde den fram til 2001, då hans son, Stein Ove Seljelid, tok over. Det er han som har garden nå i 2014.
Korleis gjekk det med Adnekvam?
Då Johannes, nest eldste sonen til «Gamle Selien» døydde, var det eldste sonen Ola, som tok over Ådnekvam. Han var gift to gongar. Først med Karin Duesund. Dei fekk seks born. Ingen av borna tok over garden. 11902 døydde Karin, og Ola gifta seg i 1912 opp att med Sina Skuggedal. Dei fekk ikkje born. 11924 blei garden overdradd til Sina si søster Kristianna, og hennar mann Arne Kvinge. Dermed gjekk garden ut av den nære Seljelidslekta.)
