Ragnhild Hauge fortel (1906 – 1996), Født på Nedretvedt gift 1927 med Mons Hauge. Avskrift av videoopptak av Svein Hauge.
Kjelde: M i m r a, s o g e s k r i f t for L i n d å s.
-“God dag, tante Ragnhild. I dag skal me ta oss ein godprat om gamle dagar. No er du 84 år, kor mykje kan du minnast frå barndomen?”
Eg hugsar at Bård vart fødd, då var eg fire og eit halvt år, og då bestefar døydde, var eg sju. Då børja eg i skulen, det var i 1913. Eg hadde fire eldre brør, Elias, 6 år då eg vart fødd, Ola 5 år, Ragnvald 3 år og Johannes 2 år.
-Kan du fortelja litt om stova der heime?
Ja då! På den eine sida av vindauga stod sengebenken, på den andre var mor og far si seng. På veggen hang ein reol, gjerne kalla hjedl, og på første hylla låg skulebøkene. Der var og ei lita bokhylle på veggen. Der hadde Elias sakene sine, og der var streng orden. Bordet var blått. Der var dør inn til eit lite kammers. Framandfolk fekk gjerne mat der inne. Far hadde dreiebenk og laga ymse ting til huset.
-Kva plikter hadde du elles?
Det var mange, og heile familien hadde sitt å passa på, også bestemor. Ho stoppa labbar medan ho rugga vogga. Stundom måtte ho stoppa sine eigne labbar fordi voggemeien sleit hol på dei. Far var i byen på bygningsarbeid heile veka.
Før Johannes gjekk på skulen om dagen, måtte han henta to fulle bøtter med pote (poteter). Mor eller bestemor sytte for at dei vart kokte , og så renska bestemor dei. Stundom var dei også malne på trekverna til skuleborna kom heimatt. Etter ein kjapp middag bar det i kjellaren med Johannes og meg, eg knadde og kjevla og han steikte. Fire hundre kaker annankvar dag var regelen. Når far kom frå byn, hadde han ofte med noko som vart kalla skoft. Det var oppattsteikte, tørre brødskalkar eller bollar. Det var veldig godt, serleg etter dei store høgtidene, for då var det brukt finare mjøl, og stundom kunne ein vera så heldig at ein fann ei rosin og. Me fekk den første komfyren her i grenda, før hadde me ein lang omn med plass for to gryter.
-Kva slags mat stod på bordet dykkar?
Til hovudmåltidet, middagen, var det sild og pote (poteter) minst seks dagar i veka, ja det hende no at me fekk fisk i staden. Det var røyr og ørret frå Tveitavatnet. Kvart år kjøpte med to tønner sild. Kokte me sødd, fekk me det til nons eller kvelds, og raspekakene kom og utpå ettermiddagen. Søndagen fekk me smør på to kaker, dei andre år me turre. Stundom hadde me brim (prim) på kakene, graut kunne og brukast. Me hadde aldri høyrt om “pålegg”. Ein av gutane køyrde i Eikongvågen og henta far når han kom frå byen laurdag kveld. Hadde me tid, sprang me gjerne ned i Strupane når han var ventande. Då fekk me køyra oppatt. Far hadde alltid med ein pose med bollar, ein til kvar. Og så fekk me kvar sitt drops, og mor tok vare på det som var att i posen.
-Måtte du passa småborna og?
Å ja, det var sjølvsagt. Det vart forknipe, så mor og grannekona, ho Lina i Veien, drog avstad og skar lyng til dyrefor. Bestemor låg, så då måtte eg passa Magnhild, søstra som kom då eg var 7 år. Ho var fødd i februar, medan lyngskjeringa var helst i mars og april, så ho kunne vel vera seks-åtte veker. Når ho hadde skjemt seg, måtte eg kle av henne og vaska “stumpen”, og så skulle ho reivast. Reiven var ei lang, smal tøyremse som vart rogga rundt beina, slik at all rørsle vart hindra. Føtene skulle styrkjast på denne måten, trudde dei, men jamen auka det også sinnet i ein liten kropp som ikkje fekk røra på seg. Andre dagar gjekk mor i skogen etter ved, då var bestemor og eg barnevakter. Mor sette store krav til oss borna, og ikkje minst til meg som var mest inne i huset.
-Kva slags klede gjekk de med?
Jentene gjekk i kjole og i eldre tid gjorde også smågutar det, men eg har aldri sett ein gut i kjole. Gutane hadde side blusar og knebukser av vadmål, med heimespøta sokkar. Fotbunaden var til vanleg heimelaga tresko.
-Det trongst mykje tøy til kle ein så stor huslyd, ikkje sant?
Jau, det gjorde det nok, og mesteparten av det vart laga her på huset av eigne materialar. Når sauene var klipt og ulla stelt, starta kardina. Både gutar og jenter laut vera med på dette langdryge arbeidet. Etter nokre veker vart rennebommen (stor-hespetreet) henta inn i stova. Ei fjøl med eit hol i vart sprikra i to takbjelkar og bomstaven vart stukke opp i holet, medan forenden stod i ei grop i ein planke som vart sprikra til golvborda. Så starta renninga. Med bøygd rygg knytte ein trådenden om ein av to pinnar som stod på tvers nedst nede. Med eine handa sette ein bommen i gang, og med andre styrde ein tråden, samstundes som ein rette ryggen og til sist stod med strak arm for å nå opp på pinnen øvst oppe – tråden rundt pinnen, og same vegen nedatt. Det var ein kunststykke å få dette til. Så kom vevstolen (gogna) på plass i stova. Opplegget av veven var nokså komplisert, så det tok til å læra, men mor lærde dotter.
-Dette var visst eit innvikla arbeid?
Garnet låg på golvet i ei lang, lang flette, gjerne 45 eller 60 alner. Rullen frå manglebrettet vart smøygd inn i garnbukta. Eit par gutungar sat oppå fletta på golvet. Mor sveiva, og drog gutane heil bort til gogna. Så måtte gogna flyttast innatt mot veggen, og gutane fann plass lenger bak på fletta. Under vevinga måtte og gogna justerast bortatt til veggen. For kvart skeislag rykte gogna fram ein liten milimeter. Gutane fekk gjera nytte for seg med spolerokken, og det var moro. Dunkinga frå vevskeia fylte heile huset, som ein slags musikk. Men ut av veven kom det varmt tøy, anden det var vadmål eller tviskjefta. Det var til underklede, ytterklede eller mjuke, varme kvitlar.
-Korleis farga de tøyet?
Me kjøpte fargepakker. Ja, det vil seia, sokkane vart farga med heimelaga fargestoff. Me reiv mose av steingardar og kokte, eg reiv mose etter eg var komen til Høye (Hauge) og, og når mosen var kokt, for sokkane oppi. Dei vart lysebrune, og det er nok det som gjer at eg tykte eg hadde fått nok av den fargen.
-Eg har inntrykk av at familiesamhaldet var sterkare før enn no, korleis ser du på det?
Alle i huset var med, opptil tre – fire generasjonar. Bestefar smidde rivetindar og grov tresko. Bestemor spøta og passa ungar og plukka ripsen i hagen. Borna var med, på slåtteteigen, på åkerkanten og i floren. Alle deltok, kvar etter sine evner, kvar på sin måte. Alle var i eit arbeidsfellesskap. Der var plass til alle, der var bruk for alle. Sjølvsagt var det ikkje berre idyll, men familiebanda var sterkare enn no.
-Kvar gjekk du i skulen, var det på omgangsskule?
Nei, det var på Kløve, der skulen enno er. Skulehuset var fint, berre fire-fem år gamalt. Eg hadde følgje med grannejenta, men ingen vaksne var med. Me hadde med ein papirlapp der fødseksdagen stod, nett som ved dåpen. Eg hadde ABC-bok, og på dei første sidene stod E I U L. Så kom orda, ei line med trykte bokstavar og same orda på ei line med handskrift. Magne Fammestad heldt på å måla vindaugo på framsida i kjellaren og der måtte me gå framom. Han tøysa med oss, og kvar dag spurde han kvar einaste ein: Kva heiter du? Kva heiter far din? Kor gamal er du? Er du gift?
-Kunne du lesa før du kom i skulen?
Ja, eg som hadde fleire eldre brør, hadde lært å lesa heime. Skulen var todelt og me gjekk tre veker om våren og tre om hausten før læraren flytta til ein annan krins. Denne læraren var grueleg streng, men bygdefolket sette han høgt, for han var ivrig målmann og venstremann. Dei borna som hadde gått eitt eller to år før, vart høyrde i leksa. Det var bibelordet: “Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig.” Eg hadde høyrt bror min lesa det heime, så eg kunne det. Men ho stakkars grannejenta greidde det ikkje. Veit du kva han gjorde? Han tok henne i nasa og leidde henne bort i kråa. Stundom tok han henne i dei lange flettene og leidde henne ut i skuret. Der fekk ho stå. (No er ho Ragnhild stiv i maska og neven knyter seg hardt.) I dag veit me at ho var ordblind, men det var eit ukjent ord den gongen. Eg hadde bøkene med i kjellaren når me steikte kaker og der lærde eg leksa. Og så øvde eg meg i skiving.
-I deigen?
Nei, på bakstebordet. Eg strøydde mjøl tunt utover bordplata, og der øvde eg meg. Eg hadde mykje strev med å få D-en fin nok. Venninna mi kom alltid når eg var i kjellaren. Eg las leksa høgt for henne, sjølv las eg alltid lågt. Når ho fekk det lese, greidde ho godt å læra det. Ho var flink i song. Eg var glad for at eg kunne gjera skulegangen litt lettare for henne, og ho var takksam.
-Eg skjønar det må ha vore gjort mykje urettferdig i skulen før i tida, men eg trur det er betre i dag.
Ja, han Kristian Jordal var og streng, men på ein annan måte. Kona hans, ho Gjertrud var eineståande. Ho tørka mange våte leistar og vottar, ja, trøyer med. Då Kristian i 1915 laut ut på nøytralitetsvakt, fekk med Ola Sæverås som vikar. Han var ung og han leika med oss, så han likte me sværande godt. Tredje året mitt ville mor ha med “oppflytta” til storskuleklassen, men eg ville ikkje. Men så kom der søknad for ei på Svindal og, og då gjekk det igjennom. Me var båe to så flinke at me kunne følgja med dei større borna.
-Kva var grunnen til at mor gjorde dette?
Jau, småskulen gjekk tysdag, torsdag og lørdag, og storskulen gjekk dei andre dagane. Dermed vart eg fri skulen om lørdagen, men så fekk eg ta husvasken i staden. Då var eg 10 år. Me var berre jenter i mitt årskull, sju stykke. Då Hans J. H. Fammestad, krinsformannen, var med ved eksamen, kalte han oss Sjustjerna. Siste dagen me var i skulen, sa ho Gjertrud Jordal, lærarkona: “No er de dei siste som har gått til den læraren.”
-Gjekk du meir på skule?
Tanta mi ville at eg skulle få gå på ungdomsskulen på Frekhaug, som då hadde starta med småkurs og det hadde Ola og lyst til, men mor kunne ikkje sleppa oss, Bård var åtte, Kristian fem og Gunnhild berre tre år, så me trongst heime.
-Kvar las de for presten?
På Myking, i kyrkja. Me gjekk om Reikerås, Lid og Jordal til Myking, og same vegen heimatt. Det regna, sturtregna, alle prestedagane så nær som to. Ingen hadde paraply, og dei fleste vanta og kåpe. Eg hadde arva ei etter tante, men eg hadde ho ikkje på heilt til Myking, fo ho var brun, og den fargen kunne eg ikkje fordra. Eg hadde følgje med grannejenta. På Jordal kom Tollef til, og litt lenger nord møtte Bjarne Bjørnevoll. Frå Nevdal kom tvillingane, dei er begge døde no, og Hansemann. Me var eit stort kull, 46, og presten var Frøese. Ein gong var kyrkjenøkkelen komen på avvegar, og etter lang leiting gav dei opp, og me hamna i skulehuskjellaren. Eg var så oppskaka at eg kom ikkje på korleis første salmeverset børja. Mange år seinare fekk eg veta at ein gut frå Rød hadde fortalt heimatt at i dag kunne ikkje ho Ragnhild Negretvedt salmeverset (det skulle vera Nedretvedt).
-Minnest du elles noko frå prestelesinga?
Å ja då! Presten sat ved eit lite bord rett framfor korttrappa. Når han vart ivrig, eka bordet seg litt nedover golvet til han satt rett under lysekrona. Han hadde fortalt at ein gong i ei anna kyrkje datt krona ned. Han flytta oppatt under koret, men snart var han på veg nedover golvet att. Ein gong vikarierte sonen Yngvar for faren, han var teologistudent. Me visste ikkje kva presten ville spørja om på konfirmasjonsdagen. Ved alterringen måtte me svara høgt ja på tre spørsmål, og ta presten i handa. Kvar lesardag fekk eg med ein tiøring så eg kunne kjøpa bollar hjå ho Tella på Skjeret. Stundom vart me med i ein av båtane, og så vart me landsette på Jordal.
Frå venstre, bak: Tante Johanna, Elias, Ola, Ragnvald, Johannes
Framme: Ragnhild mellom far og mor, som held Bård f. august 1910, bestemor(1836
– 1929) og bestefar (1831 – 1914).
-Var det mykje ståk før konfirmasjonen ?
Å ja, det var ståk. Hustaket trong vøling, og far hadde rive av det gamle. Så vart han liggjande sjuk. Det fossregna, så me hadde stampar ståande i stova. Me ol ein gris som skulle skaffa pengar til utstyr. Ein dag låg grisen daud i båsen, så han måtte gravast ned. Med me stod tafatte utanfor floren, kom to “by-fiskarar” til gards. Det var byfolk som leigde seg eit rom, og som elles låg og fiska på Tveitavatnet. Dei tykte synd i oss, så dei bladde opp 50 kroner og gav meg. Ein av brørne drog til skomakaren og henta dei heimesydde skoa, dei kosta 42 kroner. Bror Ragnvald var på arbeid i byen, og han hadde lova meg klokke. Mor sydde jakke og skjørt av vadmål. Men eg burde hatt ei kåpe og. Eg fekk valet mellom klokka og kåpa, og valde det siste. Frå onkel Henrik “på Stebmo” fekk eg ei nål og ein hovdaklut, som tilsaman kosta 30 kroner. Frå nokre byfolk og slekta fekk eg pengar.
-Regna det denne dagen og?
Nei, denne dagen var visst den finaste det året. Også denne dagen gjekk eg om Reikerås, Magnhild søster var med. På Mykinghauganse nådde mor og far oss att, så me køyrde siste stykket. Heimatt køyrde me med dei. Ho Anna i Skare hadde laga raspekaker til me kom att, det var ein festmiddag. Ho Anna var som ei bestemor for oss og. Tysdag var det altergangsdagen. Då meiner eg at eg køyrde med mor og far.
-Korleis feira de jul då du var liten?
Ja, for det første måtte stova vaskast, rundskurast., Då gjekk grannane i lag og gjorde bytings-arbeid: eg hjelper deg i dag og du hjelper meg i morgon. Mor laga ikkje småkaker, men ho bakte nokre verkeleg gode kaker. Me var visst dei einaste som hadde høner, og mor brukte egg i kakene. Det var freistande å få duppa ein finger i den gule eggerøra. På juledagen var det far som stelte i floren, mor førebudde frukosten. Julemorgonen var det duk på bordet og ingen potetkaker med brim. Det var lefser og mors kaker, og så var det varm sjokolade, kokt i ei stor gryte. Seinare fekk me ei stor panne. Me hadde steinty-tallerkar, men det var mange i bygda som åt på trefat. Me hadde det godt! Juletreet var på plass, mellom senga og sengebenken.
-Var det heimelaga pynt på treet?
Ja, det var mykje papirlekkjer og korger, men og kjøpte kulerekkjer. Me gjekk om juletreet og var mange nok til å laga ein stor ring. Eg hadde fire eldre brør, og så bestemor. Me song “Å jul med di glede” mange gonger, for det var så kjekt å svinga seg og klappa i hendene.
-Eg har inntrykk av at det var meir høgtid over jula før, var det slik?
Åja, meir høgtid og mindre gåver. Men alle fekk noko, og det var alltid nytteting: leistar, vottar, ein kam til å setja i håret, ein brun hovdaklut av far, ei grøn strikketrøye av mor. Festmåltidet var sprengt torsk, og poteter, og me fekk litt saft i vasskoppen. Nysteikt flatbrød høyrde jula til. Juleevangeliet vart lese, og me song julesongar. Tekstlesing var me vane med. Me fekk ikkje gå ut ein einaste søndag før postillen var lesen, med salmesong både før og etter. Det var bestemor som “tok opp” songen. Ein dag i jula vart me bedne opp til bestefar Optun. Ei jul var far alvorleg sjuk, så med trudde at me kom til å missa han. Det er den tristaste jula eg har opplevd, og det vart meir gråt enn julesong.
-Korleis var vegen til Tveito?
Du veit det var kjerreveg. Kvar bonde hadde plikt til å halda eit visst vegstykke i stand. Eg minnest ikkje kvar vårt stykke låg, men eg minnest at det var haugsdalingar som grusa eit stykke, ein annan gong var det folk frå Reikerås som gjorde det. Posthuset var hjå oss frå eg var sju år og til far døydde.
-Det ser ut som det er noko som vantar vinstre handa di, kva er det?
Det var lenge etter eg var komen til Høye (Hauge). Eg skulle gå til Kløve og vaska golvet i skulestova. Det var speilande glatt, og eg datt. Det vart nok brote bein i handleddet, men eg kom meg ikkje til dokter. Difor ser ho ut som ho gjer.
-Kor gamal var du då du kom ut i teneste?
Det var i 1925, så eg var 19 år. Det var hjå han Ingvald Optun. Eg hadde sagt at når eg tok meg teneste, laut det vera på ein stad med mykje utearbeid, og det fekk eg. Annankvar søndag måtte eg gå til grannen med hesten. Dei to grannane hadde hest i lag, og bytet var alltid om søndagen. Eg starta med 30 kroner månaden, seinare fekk eg fem meir. Ingvald var i byen med slakt då eg hadde gebursdag. Då bad eg gjester: Anna Fammestad, Hans Øvretveit og Ole Bårdsen.
-Når møtte du onkel Mons?
Å, eg hadde no sett han før. Han var formann i det frilynte ungdomslaget, som den gongen ikkje hadde eige hus. Dei møttest rundt i stovene.
-Kor gamal var du då, 16-17 eller 22-23?
Eg måtte vel vera eit par og tjue, vil eg tru. Nei, stopp! Eg var 21 då me
gifta oss.
-Fortel litt meir om dette.
Johannes, bror min, var på sildefiske i lag med Mons. Dei førebudde seg til sørafiske, og Mons var ein tur heimom og hadde med seg skitnekleda til Johannes. Kleda vart både vaska og tørka, og eg stod nett klar til å gå til Høye med bylten. Då kom Sjur, granneguten, og fortalde at Mons hadde hatt eit ærend oppover, så no kunne han ta bylten med seg nedatt. Eg gjekk til grannen, og der sat Mons på vedkassa. Me vart bedne til kvelds hjå dei. Eg sa at eg ikkje likte kanel på grauten, og dermed måtte han sjølvsagt gjera meg eit spikk og spruta eit tjukt lag oppå skåla mi. Då me skulle gå, føreslo han at eg skulle følgja han ned til Øvste Kløve, over heia, Vel framkomne, slengde han bylten bakom ei sprakebuske og følgde med oppatt i Osphaugane. Så laut eg følgja han nedatt til Kløve – og då gjekk me kjerrevegen om Fammestad. Eg likar framleis kanel på grauten!