Posthistorie

I tida fram til 1913 var postkontoret til bygda på Eikangervåg, og det var Ola Johannesson Grov som gjekk postruta i Tveitegardane. I 1913 vedtok kommunestyret at det skulle opprettast eige postkontor for Tveitegrend og dei nærliggjande bygdene. Namneframlegget til den nye poststaden var Tveito i Nordhordland, men namnet Tveitegrend vart vedteke. Poststaden fekk nummeret 5145. Kommunestyret godtok også Sjur H. Tveit som postopnar. Sjur H. Tveit budde på gnr. 25, b nr. 2, og der var også postkontoret. I 1915 vart postkontoret flytta til bnr. 1, og Mons Jakobsen Nedretveit fekk jobben som poststyrar. Posten var på garden til Mons døydde i 1952, og posten vart flytta til Øvretveit. I tida etter 1970 då Tveitegrend postkontor vart nedlagt, har bygda vore tilknytt 5146 Dalsgrend og 5160 Eikangervåg.

Kort som Jenny sendte heim til Aarnes i 1949. Her ser me Bård og hans foreldre. Huset var posthus på Tveitegrend fra 1915 til 1952. Postskiltet fremme på huset.

Utdrag frå postprotokoll