Moldhuset

Moldhuset var eit viktig hus i dei gamle dagar. Moldi vart strødd i kurenna, og der trakte den veta til seg som kom frå kua. Moldi var eit godt tillegg i gjødsla, og det kom vel med. Kunstgjødsla vart ikkje kjøpt slik som no, derfor var det om å gjera å ha mykje mold til bruk i kurenna, det auka frauen. Moldhuset stod mot berget opp mot dei Sjur. Det var den gong før utskiftinga. Det som moldhuset var brukt til siste gong var som ein slags silo. Steinen av moldhuset blei for det meste flytta inn i småløa seinare. Bård brukte den til silopress. Moldi til moldhuset vart teke frå ymse stader, og den vart tørka på moldberget der det er kjørebru inn til løa deira Sjur.

Moldhuset stod inntil berget litt til høgre i bildet under.