31. mai 2019, siste dag med lønna. Den var blitt så stor at det var fare for huset.
Lønna i april 2012
Her er lønna ved gamlahuset. Gamletraktoren er ikkje stor i forhold.
Tuntreet på Tveito
Det var i førre hundre, vår far han tenkte så:
Me skulle hatt eit tuntre, men kvar skal treet stå.
Og kva skal treet heite, han visste ikkje visst,
men lønna vart den lokkande, og den vant til sist.
Men kvar fann han denne lønna, me veit det ikkje visst,
men truleg var det Bergen som hadde moderkvist.
For farfar han var pendlar, og var i bygningsfag,
og soleis fann han lønna som heit inntok hans hug.
Vår farfars gode verkstad var gamle kammerset,
det var det vesle tilbygg som sjølv han lagde til.
Og utanfor det glaset som står mot vesterveg,
der planta han den lønna som lita var av seg.
Men lønna stod ikkje roleg, og tørka ikkje ut,
for den vart stelt og vatna, og lønna sugde opp.
Og jorda den vart gjødsla, og lønna den fekk mat,
og renningane lange seg opp langs huset vaks.
I dag den dominerer med høgda og med stamm,
den mest for høg vil vera, den over huset renn,
men fagert er det synet når slekta heim den kjem,
og lønna den dei helsar: Her er din barndomsheim.
Kva farfar stundom tenkte, me veit det ikkje visst,
men lønna opp seg strekte i frå sin moderkvist.
Med renningane lange, det lovde framtidsvon,
den skulle verta større til slektene som kom.
Vår kjøre mor og fader, dei stod ved Lønnas fot,
og lovde med kvarandre: vi halda skal i hop.
Det var den første kjærleik som uttrykt vart i ord,
mens mor ho heldt i toppen på lønna der ho stod.
av Bård Tvedt
Finpussing av lønna
Utsikt fra lønna
Lønntreet.
Når lønntreet om hausten slepper sitt lauv, det bod om vinter det ber, men fagert er det når lauvet fell ned, det har pryda det treet så kjært.
Men lauvet det legg seg på bakken så vent, mens lønnen den naknare vert, men tidi er komen for lønnen så kjær, ho brigdar sin skapning før vinteren kjem.
Og fuglane rotar i lauvet så godt, dei finn seg litt mat om enn det er smått, men slik er det ordnet frå skaperens hand, og fuglen den gler seg for alt det han fann.
Bilde av et flyfoto tatt før 2000 som viser hvor stor lønna var (over gamlahuset).

April 2018
