Utfrag fra gards- og ættesoge. Merknader v. Bård Tvedt.
Tveitegardane
Ein kan undra seg over at det frå tid til annan har kunna leva så mykje folk på desse etter måten små brukseiningane i denne grenda. Men me må då hugsa på at det ikkje berre var av jordvegen dei har livberga seg der. Folk frå Myking har vore kjende for å ha vore dugande bygningsmenn og handverkarar, ikkje berre som arbeidarar, men og som leiarar av sovore arbeid. Når det gjeld folket i Tveitegrenda, har bygningsfaget vore tradisjonsbunde frå langt attende i tida meir på jamnen enn dei fleste andre stader i bygda. Var det eit arbeid som stod føre – anten det var i byen eller ute på bygdene, var det der folk som kunne ta det på seg og leia dei heile. Dei tok vanlegvis grannar og kjende frå sin eigen krins med seg. På den måten vart det arbeid – ikkje berre for ein, men for mange i same grenda. Arbeidet heime på garden var det kvinnene og borna som tok seg av.
Nedretveit
I daglegtalen seier ein Neretveito og Øvretveito og Tveito som samnamn på desse to gardane. Skrivemåten har som vanleg skift noko fram gjennom tidene. 1519-1520 Twet, 1563 Nerethuedt, 1667 Nedre Tvedt og 1723 Nere Tvedt. Namnet Tveit tyder grasmark som ligg mellom skog eller fjell.
I ei rekneskapsbok for Bergens Kongsgard 1519-20 finn me Twet nemnd som samnamn for Øvre- og Nedre-Tveit, men i ei liste for tiend-pengeskatten for Bergenhus Len i 1522, finn ein Øvretveit næmnd særskild, og i seinare rekneskap er alltid desse to gardane nemnde kvar for seg.
Eigarar
Nedretveit har vore nemnd bondegods fram gjennom tidene. Eigedomsretten på dei einskilde bruk har vore mykje skiftande særleg grunna arveskifte. Då vart ofte matrikkelen på bruket delt mellom arvingane i samhøve med arveparten og stod som hefte til det vart innløyst.
Slike arvepartar vart sume tider kjøpte og innløyste av folk utanom ætta om ikkje brukaren sjølv makta det. Oftast var det velhavande bygdefolk som kjøpte opp slike partar, men i 1723 ser me t.d. at ei madam Woztsmand er vorten eigar av halve Nedre-tveit. Der har ein funne bøgsel og skøyte vil ein elles finna eigartilhøve på dei einskilde bruk oppførde under brukarane.
Matriklar og teljingar
1645. Koppskattemanntalet. Ola Monsson, kona Karen, 1 son og 1 dotter. Joen Simonsen og kona Brita. Elling Aslakson, kona Anna, 1 son og 1 dotter. Rasmus Sanderssen, kona Brita og 1 tenestetaus.
1657. Kvegskatteteljinga. Knut: 4 kyr, 1 ungfe, 3 geiter, 6 sauer. Ola: 5 kyr, 1 ungfe, 8 sauer. Rasmus: 6 kyr, 1 ungfe, 4 geiter, 9 sauer. Joen: 4 kyr, 1 ungfe, 8 sauer. Ola: 1 okse, 5 kyr, 1 ungfe, 3 geiter,og 12 sauer. I alt: 1 okse, 24 kyr, 5 ungfe, 10 geiter, 23
sauer.
1667. Matrikkel. Landskyld 1 1/2 laup 9 merker smør. 2 tunner 9 kanner korn. Sår 9 tunner, avlar 30 tunner korn. Før 46 naut og 2 hestar. Har brennefang. Kan skatta av 2 1/2 laup 15 merker smør.
1666. Manntal. Rasmus, 60 år gamal brukar 1 spann smør, 1 1/2 mæle malt. Johans, 26 år gamal brukar 1 spann smør, 1 1/2 mæle malt. Jon 60 år gamal brukar 1 spann smør, 1 1/2 mæle malt, 3 kanner korn. Knekt: Jon Jonson, 28 år gamal. Ola Olson, 44 år gamal brukar 1 spann smør, 1 1/2 mæle malt, 3 kanner korn. Son: Simon, 8 år gamal. Johs. Ellingsen, 40 år gamal brukar 1 spann smør, 1 1/2 mæle malt, 3 kanner korn. Son 2 år gamal. Enkja brukar 1 spann smør, 1 1/2 mæle malt, 3 kanner korn. Søner: Simon Knutson, 2 år gamal, Ola, 3 år gamal.
1701. Manntal. Johannes Rasmusson, 60 pr gammal. Son Rasmus 22 år gammal. Nils Olson, 60 år gamal. Son: Ola soldat, 22 år gamal. Simon Knutson, 51 år gamal. Bottel Siverson, 50 år gamal. Sander Olson, 46 år gamal. Son: Anders Ivarson 14 år, heime.
1723. Matrikkelutkast. 3 brukarar. 4 pund smør ligg øyde. Landskyld 1 laup, 1 pund, 21 merker smør, 2 tunner 9 tunner malt. Madam Wolztmand eig 1 laup smør, 1 tunne, 14 kanner malt. Sander Øvretveit eig 6 merker smør 6 kanner malt. Oppsitjaren Johannes eig 20 merker smør 2 meler 1 kanne malt og resten, ymse eigarar. Ingen husmenn, ikkje sæter, ringt med brenneved. 1 flomkvern. Ring kornart, tungvunden og elendig jord. Sår 5 3/4 tunner, avlar 17 tunner korn. Før 14 kyr, 6 ungnaut, 21 sauer, 2 hestar.
1819. Førebuing til matrikkel 1838. 6 brukarar. Brenne vantar. Vassfall til eiga kvern. Trongt men godt beite.
Bruk
I 1519-20 er det i alt 4 brukarar på båe gardane og i 1563 er det 3
brukarar åleine på Nedretveit – og mellom dei ein jordeigande bonde. Brukstalet er også 3 der i 1591 og 1624, men i 1664-92 er der 6 like store bruk. I 1701 er det oppførd 5 brukarar og under førebuinga til matrikkelen i 1723 er det opplyst at av 5 bruk ligg 2 øyde. At ikkje alle 6 bruka er næmnde kjem av at 1 brukar – Johs. Rasmussen, på den tid åtte 2 bruk åleine – eitt på 10 1/2 merker smør, og 9 5/9 kanner malt og det andre på 12 merker smør, 16 kanner malt. Me veit dette av at han i 1712 – 18 var pålagd dagskatt for 2 bruk.
Dagskatten var ein ekstraskatt som dei jordeigande bønder måtte betala under den store nordiske ufreden. Det eine av dei 2 bruka som låg øyde i 1723 vart ikkje seinare teke oppatt som sjølvstendige bruk. Ein har enno stadnamn på Nedretveit som er knytte til dette nedlagte bruket. I 1867 står det i ein festesetel på bruk nr. 7, oppsett frå Johs. Rasmussen Nedretveit til sonen Rasmus Johannesson på teigen Neset av Søndre-øyjord. Det andre øydebruket i 1723 vart om ikkje lenge teke i bruk att.
Utetter det 18. hundreåret og fram til 1875 var det 5 brukseiningar på Nedretveit, men det året var bruk nr. 4 delt. I 1875 er det deling og skyldskifte på bruk nr. 5 og i 1905 deling av bruk nr. 3. Frå den tid er det 8 bruk på Nedretveit med tillegg av ein utskild parsell bruk nr. 9 Krekålen. Av desse er no bruk nr. 7, 8 og 9 samla att under same eigaren.
Brukarar
1519. Stenrød på Twete er oppførd som einerådande på Nedre- og
Øvretveit. Fylgjande er nemnde som tenarar: Gudmund, Kolben, Helge og Tosten.
Dei betalar likt i skatt – 2 mark – så det er mykje truleg at dei alle er
brukarar av jord på ein av dei to gardane. I 1518 betalar Helge og Torstein dronningskatt og Helge er då nemnd Øvretveit.
1567. Då er det 3 mann på Nedretveit som betalar leiglendingsskatt. Det er Arne, Mons og Ivar og på Øvretveit Mons. Samstundes er det på Thuedte (båe gardane) nemnd 3 jordeigande bønder: Sande som betalar 1 dalar 1 mark, Ivar 23 skilling og Hermod 18 skilling i landskyld.
1591-92. Joen og Simon Nedretveit betalar då skatt, og i 1603-04 er brukarane Simon og Peder. Frå no vert det Nedre- og Øvretveit nemnde særskild i skattelistene og i tiendemanntalet i 1715 vert det sagt at det er 3 brukarar på kvar av desse 2 gardane.
1626. Då er det Simon, Oluf Johs.son og Ivar som er brukarar. Der ein har funne slektssammanheng og elles sett seg syn med det, har ein ført opp brukarar som ein meiner har høyrt til på vedkommande bruk lengst mogeleg attende i tida.
Dei få skriftlege kjeldene me har på 1600-talet, gjer det likevel svært vanskeleg å få fullgod samanheng i brukarrekkjene på gardar som tidleg vart delte opp i så mange bruk som Nedretveit.
Bruk nr. 1
28/10-1724. Skøyte frå Ivar Essem til Johs. N. Tvedt til Magne Østensen på 15 3/4 mrk. sm. 18 3/9 kanne malt og 2 1/4 mrk. sm. 2 6/9 k.m. – i alt 18 mrk. sm. 21 k.m.
2/11-1743. Anna Johannesdtr. Tveten og Ivar Monson Andvik gjev skøyte på 18 mrk. sm., 21 kanner malt til Ole Blege.
1754. Skøyte frå Ole Blege til Johs. Tollakson på 18 mrk. sm. 21 k.m.
Skiøde
Jeg underteignede Ole Bleege kiendes og hermed vitterliggjør at have solgt skiødet og afhendet ligesom jeg aldeelis hermed selger, skiøder og afhender til velagte unge Mand Johannes Tollacsen Recheraas min eyende Jordepart udi Gaarden Nedre-Tvedt beliggende i Lindaas Skibbreede og Nordhordlehns Fogderie skylder 18 mrk. smør og 21 Kander Malt, her effter følge Kiøberen Johannes Tollacsen Recheraas hands Hustrue og Arvinger til stædsvarende Ejendom Med mine Arvinger tillige med all Jordepartens underliggende Herligheder, det være sig Ager og Eng, Fiskevand og Fægang fra Fields til Fiere, inden og udne Gierds, Med hvis Videre der til ligger og med rette tilligge bør, effter som jeg for giorde Kiøb har effter Foreening og sluttet Accord nødt mindste med mæste pænge den summa 20 rdr. skriver Tyve Rixdaler Courant, thi skal jeg som tryg HjemmelsMand træde udi Sag mod alle som paa dette Kiøb noget med Rette har at indvende, det til stadfæstelse under min Haand Signet Bergen d: 12te Augustij 1754.
Ole Bleege
Nr. 1 Johannes Tallakson Reikerås f. 1728, d. 1797, g. 1753 med
Ragnhild Endresdtr. Nedretveit, f. 1730, d. 1815.
10/5-1768. Skøyte frå Johs. Tollakson Reikerås til Halvor Olson på 18 mrk. sm. 2 k. m. Halvor flytte til Øvretveit att i 1774 og tok over bnr. 6 der som faren Ola Monsson hadde hatt.
Nr. 2 Halvor Olson Øvretveit f. 1737, d. 1797, gm. Marta Hansdtr., f.
1745, d. 1825.
Born:
a) Kari f. 1769.
b) Hans f. 1771.
c) Ola f. 1774, d. 1775.
d) Ola f. 1775, d. 1848, g. 1814 med e. Lisbet Eriksdtr. Toft (bn. 3), f. Fammestad (bn. 1). Ola attg. 1827 med e. Eli Eriksdtr. Fammestad. Bustad Toft, bn. 3.
e) Mons f. 1778, d. 1817, g. 1808 med e. Anna Knutsdtr Lid (bn. 2), f. Jordal.
28/4-1773. Skøyte fra Halvor Olson Nedretveit til Erik Olson på 18 mrk. sm. 1 m. 9 k. malt 1 pd 9 2/3 mrk. sm.
Nr. 3 Erik Olson f. 1738, d. 1811, gm. Ingeborg Størkesdtr. f. 1745,
d. 1824. Dette paret var frå Voss. Ingeborg frå Indre
Afdal og Erik fra Gjerdskvål. Se egen link.
Born:
a) Ingeborg f. 1775. Nr. 4 her på bruket.
b) Marta f. 1778, d. 1799.
c) Brita f. 1781.
d) Størk f. 1782, d.s.å.
e) Brita f. 1785, g. med Hans Jakobsen Kleiven. Under nr. 10, bn. 1.
1798. Skøyte frå Erik Olson Nedretveit til svigersonen Mons Erikson
Hølleland på 18 mrk. sm. 21 k.m.
Nr. 4 Mons Erikson Hølleland, bn. 1, f. 1768, d. 1856, g. 1799 med Ingeborg Eriksdtr. Nedretveit, f 1775, d. 1840. Mons var lærar her i bygdene då han møtte Ingeborg Eriksdtr. Mons attg. 1841 med Kari Amundsdtr Hodne, bn. 1, f. 1798, d. 1883. Mons flytte til Flakaplasset på Hølleland på sine gamle dagar. Kari døydde der som fattiglem.
Born:
a) Marta f. 1800, d. 1859, g. 1820 med Ola Olson Hølleland, f. Sæverås. Dei budde først på Hølleland, bn. 2, men flytta sidan til Sæverås, bn. 1.
b) Amund f. 1801, g. 1832 med Guri Ivarsdtr. Veland, bn. 1. Dei busette seg på Hølleland, nr. 6 på bn. 1.
c) Erik f. 1805. Nr. 5 her på bruket.
d) Størk f. 1806, d.s.å.
e) Størk f. 1807, d.s.å.
f) Marta f. 1810, d. 1859. Døydde ug. på Sæverås.
g) Størk f. 1812, d. 1897, gm Åse Ellingsdtr. Høyland. Åse var jordajente, men dei tok ikkje hovudbruket. Størk var snikkar.
h) Kari f. 1815, g. 1849 med Gudm. Torkildson Nævdal. Budde på Hølleland, nr. 2 på bn. 2.
i) Erik f. 1818, d. ung.
j) Ingebrigt f. 1822, d.s.å.
k) Ingebrigt f. 1823, d.s.å.
18/10-1827. Skøyte frå Mons Erikson til som Amund Monsson Nedretveit. Kjøpesum 70 spd. 1830. Skøyte frå Amund Monsson Nedretveit til broren Erik Monsson på 1 pd. 9 2/3 mrk. smør.
Nr. 5 Erik Monsson Nedretveit f. 1805, d. 1875, g. 1831 med Marta
Jakobsdtr Seljelid, f. 1807, d. 1887.
Born:
a) Jakob f. 1831. Nr. 6 her på bruket.
b) Ingeborg f. 1832, d.s.å.
c) Marta f. 1833.
d) Mons f. 1834, g. 1860 med e. Anna Jonsdtr. Fammestad, dn. 3, f. Askeland, bn. 1. Anna var kona til Hans Olsen Fammestad, søskenebarnet til Erik Monsson først. Mons drukna på Hamrefjorden på veg frå Bergen til Eikangervåg.
e) Ragnhild f. 1836, d. 1921, gm. Hans Grimstad. Bustad Bergen.
f) Ingebrigt f. 1838, g. 1869 med Synneve Rasmusdtr. Sogndalsfjæren. Dei for til USA og busette seg der.
g) Ingeborg f. 1841, g. 1871 med Mons Trondson Nævdal, bn. 3 og 4.
h) Ola f. 1842, d.s.å.
i) Ola f. 1843. Reiste til USA i 1872. Kona heite Susanna.
j) Erik f. 1844, d.s.å.
k) Erik f. 1845, d. 1901. Reiste til USA i 1876.
l) Johannes f. 1847, g. 1873 med Ingeborg Olsdtr. Vefjell, bn. 2. Bustad Bergen.
m) Malena f. 1850. Reiste til USA. Mannen heite Jens.
21/10-1876. Skifte etter Erik Monsson. Bruket utlagt på sonen Jakob for 250 spd etter kjøpekontrakt fra 1865.
Nr. 6 Jakob Erikson Nedretveit f. 1831, d. 1914, g. 1860 med Ragnhild
Ivarsdtr. Seljelid, f. 1836, d. 1929.
Born:
a) Brita f. 1861, d. 1885, ug.
b) Elias f. 1863, d. 1926. Reiste i 1884 til USA.
c) Ivar f. 1866, d. 1889. Reiste i 1887 til USA. Døydde heime på Nedretveit.
d) Mons f. 1867, d. 1877.
e) Martin f. 1869, d. 1904 i USA.
f) Gjertrud f. 1874, d. 1903. Døydde som ug. kårtakar på Nedretveit.
g) Mons f. 1877. Nr. 7 her på bruket.
11/11-1901. Skøyte frå Jakob Erikson til son Mons Jakobsen for kr 1200,- og kår til dottera Gjertrud og foreldra.
Nr. 7 Mons Jakobson Nedretveit f. 1877, d. 1952, g. 1898 med Karolina
Bertina Olsdtr. Øvretveit, bn. 4, f. 1873, d. 1953.
Born:
a) Elias f. 1899, g. 1924 med Aslaug Dale frå Vik i Lindås, f. 1903. Dei budde ei tid på Nedretveit, flytte til Eikanger.
b) OIa f. 1900, g. 1927 med Olina Uthus, Elverum, f. 1900. Ola var gartnar og budde i Fyllingsdalen, Bergen.
c) Ragnvald Martin f. 1902, d. 1957, g. 1927 i Vancouver med
Margit Hjelmtveit, Seim. Busett i Canada. 1 gut. Robert.
Skild.
d) Johannes Olai f. 1904, g. 1928 med Anna Ådland, Fana, f. 1903. Bust. Fyllingsdalen.
e) Ragnhild f. 1906, g. 1927 med Mons Martinson Hauge. Bustad Hauge, Dalsgrend.
f) Bård f. 1910, g. 1937 med Jenny Oline Årnes, f. 1913. Nr. 8 her på bruket.
g) Magnhild f. 1913, g. 1933 med Ola Ivarson Nesbø, lærar og styrar ved Kløvheim skule.
h) Kristian f. 1915, g. 1941 med Magnhild Andersdtr. Flesland, Fana, f. 1921. Kristian var styrar på Heimly vanføreheim.
i) Gunnhild f. 1917, g. 1943 med Johan Hansson Tjora, Jæren, f. 1910. Bustad Sola, Jæren.
28/6-1948. Skøyte frå Mons Jakobson til Bård Monsson og kona Jenny f. Årnes. Kår til foreldra.
Nr. 8 Bård Monsson Tvedt f. 1910, g. 1937 med Jenny Oline Årnes,
Gaular, Sunnfjord, f. 1913.
Born:
a) Birger f. 1938, g. 1965 med Ragnhild A. Løken. Gardbr Gjerdrum.
b) John f. 1938, g. 1966 med Sylvia F. Brozak, Oslo. John er adjunkt på Lillehammer.
c) Ninni Karin f. 1943, g. Oddvin Beyer. Bustad Kolbotn.
d) Magne f. 1950, g. m. Inger Aasgard. Her på bruket.
c) Over f. 1950, g. m. Grete Mikkelsen, Strandebarm. Bustad Valen i Sunnhordland.
XX/X-1978. Skøyte frå Bård Monsson og kona Jenny f. Årnes til Magne og Inger. Kår til foreldra.
Nr. 9 Magne f. 1950, g. m. Inger Aasgard.
Born:
a) Irene f. 1976.
b) Helge f. 1979.
Folketeljing 1865 (Funne på Statsarkivet 15.11.2006 av Ivar) Merknader v. Ivar – nov. 2006
259 – 13 Nedretvedt – 254 – 1 hus 2 husholdninger
Erik Monsson Nedretedt (1805-1871) Husfader Selveier
1/2 hester
6 storkvæg
26 Får
3 tunner Havre
6 tunner Poteter
Marta Jakobsdtr. Seljelid (1807-1887) – hans kone
Erik Eriksson Nedretvedt (1845-1901) – deres Søn
(reiste til USA 1876)
Malena Eriksdtr. Nedretvedt (1850- ) – deres Datter
(reiste til USA)
—————————————————————————————-
Jakob Eriksson Nedretvedt (1831-1914) – eldste son til Erik Monsen N.
– Bestyrer halve gaarden
– tok over garden i 1876
Ragnhild Ivarsdtr. Seljelid (1831-1929) – hans kone
Elias Jakobsson Nedretvedt (1863-1926) – deres Søn (reiste til USA 1884)
Brita Jakobsdtr. Nedretvedt (1861-1885) – deres Datter (døde ugift)
Ole Eriksson Nedretvedt (1843- ) – son til Erik Monsson N. (reiste til USA 1876)
– Tjenestekarl
|
Tveito – gnr. 25, bnr. 1
|
|||||||||
|
Mons Han overtok garden på
|
Gifta 31.05 |
Karoline (09.10.1873-18.09.1953) x) Forlovarar var Fædrene (Ole Baardsen Øvretvedt, Jakob E. Nedretvedt) |
|||||||
|
|
|
Myking kyrkje |
|
||||||
|
Barn
|
Data |
Fadderar |
Mrk.
|
||||||
|
|
(Jakob) Fødd på Tveito Døypt Myking k. Konf. Myking k. Døde i Bergen Gr.l. Fana k. |
03.04.1899
29.04.1985 |
1) Gbr. Ole Baardsen Øvretvedt Lærer Øistein Grov Gbr. Sjur Hanson Nedretvedt Moderen Gbr.k. Oline Nilsdtr. Øvretvedt. |
|
|||||
|
|
Ole Fødd på Tveito Døypt Myking k. Konf. Myking k. Døde i Bergen Gr.l. Fyllingsdalen k. |
09.11.1900 20.12.1900
08.03.1988
|
2) 20.09.1900 – Hjemmedøpt af Sjur Hanson Nedretvedt. Vidner: Jakob Eriksen Nedretvedt Pike Inga Thorbjørnsdtr. Skauge Stadfesta i kyrkja 26.09.1900. Fadrar: Gbr. Ole Baardsen Øvretvedt Gbr. Jakob Eriksen Nedretvedt Gbr. Sjur Hanson Nedretvedt Moderen Gbr.k. Oline Nilsdtr. Øvretvedt
|
|
|||||
|
Ragnvald Fødd på Tveito Døypt Myking k. Konf. Myking k. Døde i Canada Gr.l. Canada |
19.10.1902
xx.04.1957 |
Gbr. Sjur Hansen Nedretvedt Gbr. Ole Baardsen Øvretvedt Gbr.k. Oline Nilsdtr. Øvretvedt Gbr.k Berta Monsdtr, Nedretvedt |
|
||||||
|
Johannes Fødd på Tveito Døypt Myking k. Konf. Myking k. Døde i Bergen Gr.l. Fana k. |
31.03.1904
08.04.1981
|
4) Gbr. Sjur Hanson Gbr. Ole Baardsen Øvretvedt Agronom Ivar Olsen Øvretvedt Gbr.k. Oline Nilsdtr. Øvretvedt Gbr.k Berta Karine Monsdtr. Nedretvedt |
|
||||||
|
Ragnhild Fødd på Tveito Døypt Myking k. Konf. Myking k. Døde på Hauge Gr.l. Myking k.
|
18.03.1906 22.04.1906
16.02.1996
|
5) Gbr. Ole Baardsen Øvretvedt Gbr. Sjur Hanson Nedretvedt Gbr. Anders Olsen Nedretvedt Gbr.k. Oline Nilsdtr. Øvretvedt Gbr.k Berta Monsdtr. Nedretvedt
|
|
||||||
|
|
Bård Fødd på Tveito Døypt Myking k. Konf. Myking k. Døde på Tveito Gr.l. Myking k. |
25.08.1910 09.10.1910
06.06.1997 |
6) Gbr. Ole Baardsen Øvretvedt Gbr. Sjur Hanson Nedretvedt Gbr. Anders Olsen Nedretvedt Gbr.k. Oline Nilsdtr. Øvretvedt Barnets moder |
|
|||||
|
|
Magnhild Fødd på Tveito Døypt Myking k. Konf. Myking k. Døde i Bergen Gr.l. Myking k.
|
24.02.1913 18.04.1913
10.10.1988
|
7) Gbr. Ole Baardsen Øvretvedt Gbr. Hans Sjursen Nedretvedt Gbr. Anders Olsen Nedretvedt Gbr.k. Anne Andersdtr. Øvretvedt Barnets moder |
|
|||||
|
|
Kristian Fødd på Tveito Døypt i Bergen Konf. Myking k. Døde i Bergen Gr.l. Fana k. |
28.04.1915 05.05.1915
28.07.1983 03.08.1983 |
8) Lovisa Tvedt Anna Bjørnevold (døypt av sokneprest A. Meyer i Bergen) |
|
|||||
|
|
Gunhild Fødd på Tveito Døypt Myking k. Konf. Myking k.
|
03.08.1917 21.10.1917
|
Lars B. Tvedt Marta M. Tvedt Barnets moder |
|
|||||
Laga av Ivar Nesbø – nov. 2006
Opplysningane er funne m.a. i Klokkarbøker/Mistralbøker for Myking sokn på Digitalarkivet på internett og på Statsarkivet i Bergen.