Sommaren 2009 beiset vi veggen på nytt. Da ble også vinduene
lyse.
Møttinga
Sittegruppe der møttinga var før.
Magne rydder bort ting som var der før.
At den gamle løa er gamal er visst, det syner både byggjestilen og byggjematerialane. Mest truleg har den vorte flytta frå ein annan stad, det syner sneddbanda i dei to nordste stavane på den austre sida av løa. Stilen er lik dei mange løene på bruka i eldre tider. Det var stavbygg, som består av stavar, stavleie, betar og sneddband. I den gamle løa er det fem par stavar, men til vanleg var det berre fire par. Det siste kom til då tippoldefaren min Jacob Eriksson Nedretveit bygde på den søre delen som dekkjer møttinga i 1860 åra. Under denne påbygginga vart løa også utvida mot aust. Staven i venstre hjørna mot sør er av eik, dei andre og resten av materialane er av furu. Løetaket var lagt med never og torv. I eldre tider var kledningen på løa nagla fast med trenaglar, og litt av dette syner enno. Golvet i løa bestod av bjelkar, og sjølve golvet var under- og overliggjarar. Golvet var av totoms plankar.
Frå nordre stavleia og til den første beten var det lagringsplass for korn, og mellom første og andre beten var det tusteplass. Seinare kom treskjemaskina som måtte snuast for hand, og etter ei stund kom også motoren. Halmen som også vart teken vare på, vart lagra oppe mellom dei to første betane, på eit golv laga av korn- og hesjestaur.
Fjøset der kyrne stod var i første etasje, og det gjekk trapp frå løa og ned i fjøsen. Båsane stod på veggen mot vest. Mot aust var det ein garde som var rekna for sau. I 1930-åra vart fjøset ominnreidd av oldefaren min Mons Tvedt. Under denne ombygginga vart båsane utvida og flytta ut på golvet, og det vart laga gjøter til å fora kyrne i.
I 1936 var utskiftinga av innmarka ferdig, og dette medførte ein del endringar, og ein del utløer måtte flyttast. Ei av utløene vart flytta heim på garden, og bygd i saman med den gamle løa, og løa fekk dermed ein vinkel. Seinare har det også blitt bygd siloar til den gamle løa. På 1980-talet vart det bygd nytt fjøs på garden og den gamle løa fungerte frå då og fram til ca 1999 som lagringsplass for gamalt og nytt utstyr. No er den pussa opp, og gamle ting står utstilt.
I 2004 tok vi prøver på nokre treprøver av løa. C-14 metoden
ble benyttet.
Stav, furu, hugget 415 +/- 55 år før 1950, kalibrert alder 1435-1615.
Stavleie, furu, hugget 425 +/- 75 år før 1950, kalibrert alder 1430-1620.
Mai 2005
Kledningen var festa med naglar
Venstre bilde: Frå venstre kjem stavleie, og eit anna går mot høgre. I hjørna står ein stav med sneddbanda på skrå opp mot stavleia. Høgre bilde: Frå venstre kjem eit stavleie, mot høgre går ein bete.
Løa i 1999.