Stadnamn på br.nr. 4, gnr. 25 i Lindås herad.
Nr. 1: Uri. Uri ligg i Hovdalia, og er også bygdenamn på bruk nr. 4.
Nr. 2: Hovdalia. Parsellen ligg opp mot Hovden på bruk nr. 3.
Nr. 3: Hondshaugen. Parsellen ligg nedenfor hovedvegen som går på vestre sida av våningshuset. Namnets tyding en uvisst, men det kan skriva seg frå eldre tider då alle hadde hund.
Nr. 4: Skarsbakkane, Parsellen grensar mot hovedvegen mot merke til br nr. 2 på austre eida. På nodre sida mot Grov, det same på vestre sida.
Nr. 5: Øyjorda. Parsellen ligg nedenfor hovedvegen, og frå nord der gamlevegen går ned frå hovedvegen. Denne staden høyrer med til dei stadene som ikkje vart oppattbygd etter svartedauden. Det har vore ein plass under eit eller anna bruk av dei bruk som ligg vestom Haugane.
Nr. 6: Apalhaugen. Hauen er grensa mot Grov, hushaugen til Audun Grov.
Nr. 7: Gullhaugen.Parsellen ligg på venstre sida av Bløddalsbrekka (vegen).
Nr. 8: Tresshaugen. Parsellen går frå Bløddalen over bruk: 4,5 og 7.
Nr. 9: Halsækro. Parsellen mot Halsåkerskaret br.nr.3. Bruk nr. 4 hadde åker der.
Nr. 10: Bløddalen. Parsellen grensar mot Grov mot vest. Namnet kjem seg av att der har vore blautt før der var oppdyrka.
Nr. 11: Bøddalsbrekka. Vegstykket som går rett ved sida av Gullhaugen.
Nr. 12: Gullhaugmyra. Parsellen er nord for Gullhaugen. Namnet kjem av Gullhaugen. Namnebetydning er uviss.
Stadnamn på br.nr. 5, gnr. 25 i Lindås herad.
Nr. 1: Hovdaliane. Parsellen grensar mot br.nr. 3 mot aust. Mot hovedvegen mot vest. Hovdaliana strekker seg over bruk 4, 5 og 7.
Nr. 2: Helseslepet. Parsellen ligg ovenfor huset til Dag Hj. Kva namnet kjem av er uvisst.
Nr. 3: Ormhaugen. Parsellen, ein haug, ligg vest for løa til br. nr. 5. Ein rund kult. Namnet kjem seg vel av eldre tider då bruk 4 og 5 var eit bruk og då lite oppdyrka. Der kunne vel vore ein plass dei såg ein orm av og til.
Nr. 4: Myrane. Parsellen ligg mot syd mot br. nr. 7, mot vest mot parsellen Tresshaugen.(Haugane)
Nr. 5: Tresshaugane. Parsellen strekkjer seg over br.nr. 5, 7 og 4. Mot vest langs gjerdet til br. nr. 7.
Nr. 6: Eikhaugen. Parsellen grensar mot syd mot det nye huset på br.nr. 7.
Nr. 7: Grønmyra. Parsellen ligg mot aust mot hovedvegen. Mot syd mot br. nr. 7.
Nr. 8: Rasmusåkeren. Parsellen ligg syd for løa til br. nr. 5.
Stadnamn på br.nr. 6, gnr. 25 i Lindås herad.
Nr. 1: Myrane. Ligg nordøst for heimehusa.
Nr. 2: Haugane. Der nyehusa står.
Nr. 3: Tumyra.
Nr. 4: Tongane. Parsellen ut mot vatnet der ein ser innat mot Ørjeseta.
Nr. 5: Vassfeta lilgg nedfor husa til Torvald Hindenes.
Nr. 6: Breivikamyri ligg og nedfor husa til Torvald Hindenes.
Nr. 7: Vasketongen ligg utfor Vassfeti, ei tunge der dei truleg vaska klær i eldre tider.
Teigane 5, 6 og 7 var i eldre tider tilhøyrande Fammestad. Ole A. Tvedt kjøpte det av Fammestad då han kom att frå Amerika i 1918 ? Før den tid var det Lars og Dordi Myhr som bygsla nemde del av Fammestad. Delen var utskildt av sams utmark på Fammestad.
Nr. 8: Naustbakken. Namnet er frå eldre tider då Tongane høyrde til Urabruket. Parsellen ligg vest for Tongane, vika, bukta, som ligg nær merket til br.nr.7.
Nr. 9: Simenneset. Parsellen ligg i Tongane. Namnet kjem truleg av att parsellen har tilhøyrt Urabruket, og er oppattkalla etter ein av dei som heitte Simon.
Stadnamn på br.nr. 7, 8 og 9, gnr. 25 i Lindås herad.
Nr. 1: Ørjaseta.Denne parsellen høyrer med til opplagsplassen. Namnet kjem frå fiskestad, gytestad for øyrja?
Nr. 2: Nestngane. Parsellen ligg mellom Ørjaseta mot aust g vatnet mot vest. Parsellen er ein opplagsplass.
Nr. 3: Olahola. Denne parsellen høyrer til br.nr. 1.
Nr. 4: Skrubærstykkje. Parsellen ligg mellom Olahola i syd, og merke til br.nr. 2 i nord. Namnet kjem seg av att der var mykje skrubær der i si tid.
Nr. 5: Hardbakkane. Parsellen ligg frå Olahla i vest og mot Lødalen i aust. Mot nord grensa den til Skrubærstykkjet. Namnet kjem seg av att der var hardbeitt å slå den tid før det vart oppdyrka.
Nr. 6: Lødalen. Parsellen til Utløbakken og hola som ligg mot Hardbakkane i syd. Mot Hardbakkane i vest. Mot merket til br. nr. 2 i nord. Mot Børkjeåsen i aust. Namnet kjem seg av løa. Skriv seg frå den tid då br. nr. 1 og 2 var eit bruk.
Nr. 7: Børkjeåaen. Parsellen ligg mellom Lødalen og Stormyra. Lødalen i vest, Stormyra i aust og nord mot merket mot br. nr. 2. I syd mot Løstallen. Namnet Børkjeåsen kjem truleg av att der vart teke bark av bjørki der i eldre tider.
Nr. 8: Løstallen. Parsellen mot nord, mot Børkjeåsen og bakkehelningen som grensar mot Stormyra. I syd mot skråningen som går ned mot vegen. Namnet kjem vel av det same: løa. Både Løstallen og Lødalen skriv namnene seg frå eldre tider. då bruk nr. 1 og 2 var samen, og der var berre tundslåttegras, då det den gong ikkje var dyrka noko i Nesjane.
Nr. 9: Utløbakken. Parasel1en er der utløa til br. nr. 1 stod. Der stod to utløer, den eldste var bygd av Erik Monsen Tvedt. E.M. T. stod det på lødøra. Den løa står no i Olahola.
Nr. 10: Stormyra. Parsellen ligg langs Stormyra til br. nr. 2. Namnet kjem seg av att den var stor etter den tidsrekning den vart dyrka.
Nr. 11: Gamleskaren.
Nr. 12: Kreklåsen. Parsellen grensar mot nord mot vegen som går ned til br. 6 sitt eldre hus. Mot sydaust mot merke til br.6, og elles mot vatnet i vest.
Nr. 13: Eikhaugen der br. nr. 7 har bygd sine nye hus.
Nr. 14: Hovdaliane. Parsellen går frå hovedvegen, merke mot br.nr. 5 i nord. Mot Hovdahola og Fammestad i aust og syd.
Nr. 15: Høystakken. Parsellen ligg syd for huset til Ingvald Kålås. Namnet må koma seg av att der har vore seta høy der. I eldre tider var Øyjordi ein plass under ein av gardane på vestre sida av Hovden. Plassen vart ikkje bygt oppatt etter svartedauden. Det vere mulig att Høystakken har høyrt til plassen, uten att eigaren har hatt høve til å bygge utløa der. Om denne Øyjorda har høyrt saman med Øyorda på br. 4 er uvisst, men lite truleg.
Nr. 16: Øyjorda. Parsellen ligg mellom hovedvegen og der det nye huset til br.7 står. Namnet er etter dei stadene som var så små att der ikkje vart oppattbygt etter svartedauden. Sjå nr. 15.
Nr. 17: Treshaugen, eller del av Tresshaugane. Br. nr. 7 sin del. Parsellen ligg mot nord til merkes med br.4. I aust mot br. 5. I vest og syd mot flatmyra. Kanskje namnet kjem av treg, altså tregt å slå, eller om det kjem av træet, eit stykkje som låg eit stykkje frå den som eigde det. Det kan ha vore eit bygslestykkje sidan det er så stort, då det gjeng over br. 7, 5 og 4. Desse tankane om namnet er frå eldre tider. Kanskje namnet tyder noko anna.