Or 97-åringen si skatt-kiste, Ivar Aasgard (1911-2010). Kjelde: M i m r a, s o g e s k r i f t for L i n d å s
Skulegangen
Eg var 6 år og starta i skulen i 1917. No hadde me fenge skulehus, oppe i ville utmarka, der det aldri skulle vore noko hus. Me frå Åsgard fekk rett nok litt kortare skuleveg, men myrane og kleivane og bekkjene og dika var dei same som før. I ettertid kan ein undrast på at folk kan vera so likesæle og ikkje bry seg med å nytta nokre timar for å finna ein laglegare plass åt eit skulehus.
Skuletida var frå 9 til 16, seks dagar i veka. Fyring om morgonen var plikt og gjekk på omgang. Å skaffa ved til skulen var og plikt. Veden måtte berast på ryggen i ulendet. Det kunne vera ymse med vedstellet, stundom var veden rå og stundom var der ikkje ved. Me hadde ikkje tette støvlar og regnklede som skuleborna har i dag, so me var ofte våte når me kom på skulen. Var me tidleg ute, kunde me stå kring omnen og varma oss litt før skulen tok til. Me hadde alltid unge lærarar, og det var berre Olina Sæverås som roa seg her i meir enn eit år. Det var no ein tungvint og balesam krins. Me hadde lærarar i lag med Austfjorden. Han skulte to veker hjå oss, so måtte han ha båtskyss, med robåt til Dyrdal. Etter to veker der var det robåtskyss attende til Hindenes. Austavinden kunne vera stygg mange gonger. Heile mi tid var det samla skule 1.-7. klasse.
Straffemåtar som å stå i kråna, sitja inne i friminutten, verta send heim eller sitja attpå, var ikkje brukt i mi skuletid, men det var brukt både før og etterpå. Om det var me som var greie elevar eller det var lærarane som var for snilde med oss, veit eg ikkje. Eg minnest ein lærar som trampa i golvet og gav oss ei lita skjennepreik. Det hende berre ein gong. Og so var det sognegjenta Sofie Sørefjord som fekk krinsformannen, Mons E. til å møta i skulestova og tala oss til rette på ein spak og venleg måte. Elles kunde den kjekke lærarinna vår måtte reisa frå oss. Ein elev vart nemnd med namn. Det hadde vel sine grunnar. Eg kan ikkje minnast at me var annleis mot henne enn mot dei andre lærarane våre. Men det kan vel tenkjast. Lærarane våre hadde vore menn. At ei ung gjenta skulde vera lærar var nytt og uvant. Ho var ei grei og liketil gjenta, og det kom no vel med.
Den nemnde hendinga var om hausten. Då budde ho i Jølto, so måtte ho flytta til Åsgard, på loftet hjå “dei nord”. Der var ikkje omn, og elektrisiteten var ikkje komen til våre grender. Ved austre veggen var to veggfaste senger, midt på golvet eit rundt og staseleg bord, men det var kårkona sitt. Ved venstre veggen hang klede under taket og kister på golvet, noko til kårkona og noko til husfolket. Når ho ikkje kunde bu hjå oss, kom det av at me hadde småstova og loftet fullt av linjearbeidarar for Nordhordland Kraftlag. Det var frå Ostereidet og Stranda og reiste stolpar på kraftlina frå Æsevatnet til Hindenes. Då dei var ferdige, flytta Sofia inn i småstova vår. Me likte det og var ofte i småstova om kveldane. Ho Anna der Nord var og innom og fekk hjelp med rekningane, og det var vel siste skuleåret hennar. Om ei stund kom her to karar frå Osterøy og bar fram dei jarna som skulde vera i toppen på stolpane. Dei klatra opp i toppen med dei og skrudde dei fast. Desse karane måtte og ha hus om natta. Dei fekk sova oppe på loftet, men om kveldane sat dei ofte nede i småstova og prata med Sofia. Kor lenge dei var her, har eg gløymt, men dei var no farne herifrå før jul. So etter jula fekk ho Sofia småstova åleine.
Kårfolk og ein barneflokk var vanleg på dei fleste hus i krinsen, so det var ikkje alltid lett å skaffa hus til ein lærar. Anders Andås budde på lærarrommet i skulehuset. Per Molland budde vel og der ei stund, men han budde vel og ei stund hjå Andreas O. Lars Vik budde på Åsgard, hjå oss. Kvar Ola Jordal budde, har eg gløymt. Martin Toft budde nok på Toft. Olina Sæverås budde på Hauane hjå han Ingvald. Og Sofie Sørefjord litt her og litt der, lengste tida hjå oss.
Me hadde juletrefest i skulehuset vårt kvart år. Då møtte ikkje berre skuleborna og foreldra deira, men ungdommane og nokre av dei eldre og. Det var gong om juletreet, opplesing og leikar, av kokkar nemner eg Johanna i Jølto. Kaker og julebrød var vanleg.
17. mai feira me berre ein gong. Det var Anders Andås som stelte med det. Me fekk mat og kakao på loftet over skulestova. Då me song bordverset, hadde me eit lite uhell, songen stogga midt i verset. Då kom det frå ein av gamlekadlane: “No kadn de sjå! Graut-asjidla! Kudna kje syngja bordverse edn gong.”
Etter maten gjekk me i tog til kaien på Hindenes til rutebåten kom. Me ropte hurra, og han Mongs i Jølto smelte av tre skikkelege dynamitt-skot. Etterpå gjekk me til Idnegard. Me heldt oss på bakken sørom løa på Myrane. Me bar egg i skei og sprang i sekk og mange andre leikar. Å dra på skuletur var ikkje brukt i mi skuletid. Men han Nils, som heldt søndagsskule, tok oss med til Sætrekletten ein sundag.
Om me hadde leikeplass? Neimen om eg veit det. Dei hadde jamna ut ein flekk, liten som ein husegrunn. Halve plassen var jamna til med grov pukkstein og raumold oppatt på. Resten av plassen var berre mold. Når det regna, kom det vatn frå bekken ovanfor inn på molda, og då vart det som ein blaut åker å trakka i. Noko av denne dikemolda drog me inn i huset med sko og støvlar, men største parten vart no skola vekk av flaumvatn, so kom me ned på fast grunn. Der var gjerde rundt plassen og ein fin port. Gjerdet var av simplaste sort og rusta snart, og det var og slik at sume elevar hjelpte og synest det var moro å klatra i gjerdet og trakka det ned, so det slarvnast nokså snart. Eg kan ikkje minnast at det nokon gong vart gjort noko for å retta det oppatt. Utanfor gjerdet var det grave opp ein liten brønn, det vart no mest myrvatn, me drakk helst i bekken. Inne i gongen stod ei bøtta som me kunde henta vatn i og ei ausa som me kunde drikka av. Det var no vanleg i alle hus på den tid. I frikvartera leika me ute, om veret var uteverande. Gutar og gjenter leika i lag for det meste, sjølv i snøballkrig kunde gjentene vera med. I ruskever leika me på loftet over skulestova. Der var lågt under taket, men me hadde mykje moro der. I skulestova kunde me og leika før læraren kom om morgonen.
Mobbing, sa du? Ikkje mykje, vil eg seia. Me hadde ein lausingaongje i laget, Margit. Ho var oppalen hjå farfaren. Ho Anna, syster mi, fortalde at når det andre gjentene spelte stein (femstein), heldt dei Margit utanfor. Anna syntest det var leidt. Ho slo lag med Margit, som var tre år eldre, og Margit lærde henne opp, så Anna vart flink til å spela stein. På våre andre leikar kan eg ikkje minnast anna en at Margit var med.
Ros var det lite av i vår skule, eg kan i alle fall ikkje minnast noko, og bra var no det. Det vil alltid vera slik at ikkje alle kan gjera det like kvast på skulen. Og for dei som vert liggjande etter, kan det vera leidt nok likevel, om dei slepp høyra på at dei flinkaste får ros.
Ein skuledag var der ein tolv år gamal gut som ikkje vilde leika med oss. Han stod roleg og stødde seg mot veggen friminutten til endes. Dagen etter stod han på same måten. Me spurde kvifor han ikkje vilde vera med oss og leika. Svaret me fekk, lydde soleis: “Treskona vert no snart nok utslitne om eg ikkje fer slik og spring”. Han var frå ein stor syskenflokk, og då so. Der skulde mange tresko til, og tidene var harde. Litt om litt slo han av på krava og fann attende til kameratane.
Det var på middagsstunda ein skuledag. Læraren, sogningen Per Molland, var nede på garden og åt middag. Nordom skulehuset var der ein berghamar, kalla Brøte. Skulevegen frå Hindenes kom opp ei bratt kleiv i detta Brøte. Ute på kanten, på ein stor stein, stod Johannes A. og heldt tale. Han kunde vorte ein god talar, og tala høgt og greidt og la tyngde i orda. Men eg var på feil side av skulehuset som det var ikkje godt å høyra ordskjel. Eg sprang til, og fekk høyra sluttsatsen; “Å, Skjei-Olaen å Asgardkarane da æ dei støste sønnebokkane.” Nede under Brøte kom læraren. Han skreik høgt og kvast: “Johannes!! Johannes! æ du vidle-vorten!” Han slengde veska frå seg og tok ut i full fart opp gjennom kleiva. Men talaren tok òg ut, han for som ein røysekatt om skulehusnova og var ingenstad å sjå når han Per kom opp. Peren gjekk no og speida ei stund, men roa seg snart, gjekk ned om Brøte etter veska og plystra oss inn til ny time. Dermed var saka “henlagt uten protest”.
Litt av livssoga
Eg vart fødd i 1911 og har overlevd to verdskrigar. Den fyrste krigen minnest eg lite til, eg minnest rasjoneringskorta, kaffikort og kva dei heitte no alle. Me hadde meir kort enn me trong, me var langt på veg sjølvhjelpne med matvara, so noko naud leid me ikkje. Far heldt no alltid eit dagblad, som me fylgde med kva som hende ute i verda, store slag på land og hav, båtar som vart torpederte og søkkte. Me fekk eit kort frå Nils Veland, bror hennar mor. Han dreiv farm i Nord-Dakota, men vart utkommandert til krigen i Frankrike. Kortet var eit fotografi av han sjølv i amerikansk militæruniform. “Jeg er nu på vei til fronten”. Men eg trur helst at krigen slutta før han nådde fram.
Hjå oss gjekk dagane og åra med små og store gleder og små suter innimillom. Om me leika? Jau, me gjorde no det. Men me hadde ikkje fullt so mykje kram som dei som veks opp i dag, men det trong me no ikkje heller. Storebrørne hadde ein trehest, ein retteleg fin hest hadde han vore, men tida hadde fare ille med han, millom anna var han rovelaus. Mons og eg hadde eit munnspel . Det varde ikkje lenge. Anna var vel best stelt slik. Ho hadde ei stor dokka og ei stor, fin dokkevogn. Dokka var snild, ho sovna med ein gong ho la ho i vogna.
Eg var 4 år i 1915
Det kom ein framand mann til gards ein dag, med skreppa på ryggen. Det var kje kvar veke me såg framandfolk, ikkje kvar månad heller, og eg likte det slett ikkje. Me fekk besteklæda på, sjølv om det ikkje var sundag, for mannen skulde laga bilete av oss. Me gjekk bort i bakken, austom skykkja. Brørne mine stilte villig opp, men eg ville ikkje vera med. Eg laut no gje meg til slutt, men blid var eg ikkje. Mannen sette tre stavar i jorda, og oppå dei sette han ein liten kasse med eit rundt hol på eine sida. Dei sa at der var ein liten fugl i kassen og at eg måtte passa godt på når fuglen kom ut gjennom det runde holet. So tok mannen eit svart teppe og la over seg og kassen. Og so var det ikkje meir. Ingen fugl kom ut. Eg hadde vel ikkje venta det heller.
Olav, Lars, ein skeptisk Ivar og Mons (liten). I bakgrunnen den store askestuen.
Ho mor sende meg ein gong nord til Hindenes til ho Marta på Skarphøyen, “Strekko”, for å henta eit kledeplagg som Marta hadde strikka. Marta hadde strikkemaskina og var kona hans Joans på Skarphøyen, fjerde kona hans. Då eg kakka på døra, kom Marta og bad meg inn og gav meg mat. Joans sat i ein stol og prata, spurde og fortalde. Han var flink til å fortelja, som mange av den slekta. Og eg sat og verkte og fekk meg ikkje til å takka for maten. Marta var utom døra eit par vender, og då lova eg meg sjølv at med ein gong ho kom innatt om døra skulde eg greia det. Men eg vart berre sitjande og lyda på kva han Jonas fortalde. Men alt måtte ha ein ende, og eg måtte gå heimatt med vondt samvet. Eg kvidde meg å koma heimatt til ho mor, eg rekna med at ho vilde spørja, og det gjorde ho. Ho visste nok om mine veike sider. Ei leid hending, men eg var no berre slik.
Til Myking med ku
Tante Gina og Nils kjøpte gard på Myking. Dei kjøpte ei ku hjå oss, og det vart han storebror Lars, elleve år, og eg, sju år, som måtte syta for å få ho til Myking. Ja, han far laut no vera med og få ho over fjorden. Han lånte båt hjå Elias Svendal, ein båt med tre par keipar, litt større enn ein færing. Det gjekk bra å få ho inni båten og få ho på land att i Tveitestø (Viken), og han far rodde heimatt. Me rusla i veg, og kua var grei. Nordigjenom Haugsdalen likte eg meg berre passeleg. Der var so mange bikkjer som bråka og gøydde. Dei hadde oppdaga at det var kome framandfolk til Dalen, og det vilde dei ikkje ha noko av, men dei kom ikkje so nær at det gjorde oss noko. Me kom vel fram til Myking og fekk kua på bås. Dette var ein laurdag ettermiddag, og me overnatta på Myking. Og om sundagen gjekk me i kyrkja.
Eg hadde nok vore i kyrkja før, men det minnest eg ikkje noko til. Me sette oss på muren utfor kyrkjedøra og venta til mor og far kom. Presten kom med hesteskyss frå Lindås. Han var innom prestestova som snaraste, og so kom han mot kyrkja. Mange stod utanfor og prata. Dei stod med hatten i handa når presten nærma seg. Kyrkjeklokka helsa òg på presten, ho ringte ei heil stund. Inne i kyrkja var mykje både å sjå og høyra. Altertavla og preikestol, orgelet oppe på lemen, og øvst oppe under mønet to svarte hol. Kva dei skulde gjera der oppe fann eg ikkje noko løysing på.
Kvifor der skulde vera dører med krok inn til båsane der folket sat, skyna eg ikkje. Ein gamal mann togg tobakk og sputta på golvet. Ein annan gamling hjelpte til med å hengja ein vid og sid og svart kjole på presten. Ein stor kvit krage om halsen fekk han og. Eg syntest det såg løye ut. Med presten stod på preikestolen, hende det noko. Ein ung mann oppe på lemen kveikte ein sigarett og gav seg til å røykja. Då presten såg det, slutta han å preika og gav seg til å skjenna på den unge mannen so han sløkte sigaretten. So gjorde presten seg ferdig med preika og gjekk ned av preikestolen.
Når folket kom utatt or kyrkja, gjekk dei rundt og tok kvarandre i handa og prata saman. På vegen ned til sjøen prata dei, og nede på Helleberget kunde dei og ha ei pratestund før dei gjekki båtane og rodde heimatt (der vart kalla Hædlepreikjæ). Stranda og Austfjorden brukte òg Mykingkyrkja, so der var mange båtar.
Litt om tresking
Me brukte ei heimelaga treskemaskina. Ho arbeidde seint, men for finare både med korn og halm enn piggtreskemaskinene som var i bruk på andre gardar, og trong mindre folkehjelp. Dei måtte ha 4 karar til å sveiva maskina. Me brukte vasskraft i staden. Diverre var bekken so liten at det helst måtte vera flaum når me skulde treskja. Dei fleste haustane var de no nedbør nok, men det hende at det drygde før flaumen kom, og då måtte han nyttast. Og då minnest eg to gonger at me heldt på til midnatt.
Den fyrste gongen var eg 7 1/2 år og hadde arbeidet med å raka halmen frå maskina, det var ikkje tungt. I tolvtida sende ho mor meg ned i stova for å sjå kor det stod til. Johan var nett årsgamal, eg høyrde utom veggen kor han skreik: Ra, ra, ra! Bokstaven R var den han brukte mest når han skreik. Ved senga stod ho Gaml-Adna og byssa. Vogga stod ved senga hennar mor. Når pøyken vakna om natta, var han van med at handa hennar mor ikkje var langt vekke. Når ho so ikkje var der, er det berre rimeleg at skrikinga auka, det var vel det einaste han kunne gjera. Det var berre døra mellom vogga og rommet hennar Gaml-Adna, so ho måtte vel lura på kva som var tids. Tilslutt vart det so ille at ho måtte risa opp og sjå kor det hang i hop. Då eg kom, stod ho og vogga og byssa. Ho var nokso lettklædd, hadde berre ei kort skjorte på seg. Ho las ei leksa om kva fakter dette var, og kom seg innatt om døra. Dette var einaste gongen eg kan minnast at eg såg henne sint, og ho hadde grunn til det. Eg måtte prøva å roa skrikarungen, men det var ikkje lett. Som vel var kom ho mor og tok seg av han. Når eg ikkje kom oppatt på låven med det same, skyna ho at eg trong hjelp. Treskinga vart avslutta, no var det berre å koma seg i ro for natta.
Ein annan gong me treskte til midnatt, minnest eg og. Mitt arbeid var å stå på kjørebrua og ta i mot halmvondlane og senda dei inn på skukken. Då det leid på, slutta eg å ta i mot. Det var mørkt, dei såg meg ikkje, og eg svara ikkje når dei ropte, og dei sende Olav opp for å sjå kor det stod til. Eg sat på golvet og sov med ein halmvondel i fanget. Me tok kveld. Barnearbeid? Kor gamal eg var, hugsar eg ikkje. So mykje som 12 år trur eg ikkje at eg var, eg trur heller 9 eller 10.