Gamlebåten i vatnet, opp under taket i gamlaløa med ausekaret skrudd fast.
Så fekk han pensjon den gamle båten, og er plassert i den gamle løa, og det fortener han etter å ha vore eit godt framkomstmiddel i fleire generasjonar.
Det var Mons Tvedt som kjøpte båten i 1905, og før den tid hadde den vore brukt til fraktebåt over vågen i Bergen. Den 17 fot lange Oselvaren vart frakta med dampbåt og høyvogn, før han fekk sin stad i naustet ved Tveitavatnet.
Fisket var først og fremst om hausten, men også utpå vinteren
freista det med fersk vassfisk, og det er ikkje få røyer og aurar som har havna i garna som vart sette med gamlebåten. Båten vart ikkje berre brukt til fiske, men også som fraktebåt for kjerrer, spadar og andre reiskapar som høyrde til under torvtakinga. I dei tider då notelaget selde brislingar heime til folk i nabobygdene, var det gamlebåten som vart brukt som transportmiddel for folk og kiper fulle av fisk, og dei unge fungerte som romaskiner. I eldre tider var det nesten ikkje skog i Tveitegardane, og ved og tømmer måtte difor kjøpast frå gardar på andre sida av vatnet, då var det godt å ha ein god båt å frakta i. Når kalvane skulle på sommarbeite på ein holme i vatnet, var det også gamlebåten som vart brukt.
Det var pengar å tena på gamlebåten, og både bymenn og spanjolar
har hatt fine fisketurar med god fangst med gamlebåten. Det var også pengar å tena for dei som var store nok, og hadde vilje til å ro for fiskarane.
Jenny og Bård
Birger m/barn og Inger
Sjøbåten
Kva tid sjøbåten kom i hendene på eigarane av bruk nummer 1 er uvisst, men at den har vore det sidan 1800-talet er heilt sikkert. Naglane i båten kan vitna om ein alder på minst 200 år, så kanskje var det denne båten Mons Erikson Hølleland brukte då han kom til gards i siste delen av 1700-talet.
I 1903 vart Haugsdalen og Tveitegrend notelag skipa, og då måtte alle båtane takast i bruk. Notelaget hadde storbåten Ørnen og eit par mindre båtar Abraham og Sara i tillegg til alle småbåtane til eigarane. Når nøtene skulle barkast for at dei skulle fiska sild, var sjøbåten særleg i bruk. Barkinga foregjekk på Barkholmen i ei hole i berget.
Vegane her i området kom seint, og difor var sjøbåten det store framkomstmiddelet i lang tid. Båten har tent som farkost for både likferd og brureferd i mange år. Når sauene skulle på fjellbeite måtte dei roast til Kvingo. Det var naudsynt å ha robåt når ein skulle besøka grender som Åsgard og Hindenes, og ikkje minst når ein skulle til handelsmannen på Mykinghella. I dag har både motorbåtar og bilar overteke båten si rolle på dette området, og som vassbåten har også sjøbåten fått pensjon.
Mange brukte båt då dei skulle til kyrkja. Asbjørn Aa sitt minne frå Mons sin konfirmasjonsdagen i 1927: Ho Karolina Tvedt stod i folkemengda innfor kyrkjedøra og ordna med flettesløyfene til Magnhild som og var konfirmant. Han hadde aldri sett så lange fletter.
Nye båten