Gamlahuset

Oktober 2019

Under: Bilde av huset slik det såg ut før påbygging i 1919. Det er torvtak, utbygg på begge sider og inngang på framsida med trapp. Personer på bildet frå venstre: Johanna (søster til Karolina), XX (Elias f.1899, Ola f. 1900, Ragnvald f. 1902 eller Johannes f.1904) på hesten, Mons Tvedt, Ragnhild f. 1906, Karolina, XX (Bård f. 1910, Magnhild f. 1913, Kristian f. 1915 eller Gunnhild f.1917), Ragnhild og Jakob Tvedt. 1911?

Februar 2013. Fargen var fin i vintersol òg.

Maling framsida og nytt vindu kammerset juni 2012

Maling august 2010, farge lys natur.

(Ny taklegging og fire nye vindu september 2009)

Baksida på huset etter maling sommaren 2000
Gamlehuset

Framsida våren 2002

Huset vart truleg bygd i den tida då bruk ein og to vart skilde, og det inneber at det vart bygd rundt 1723. Huset stod oppe på Tøpti, der også dei andre bustadhusa på Nedretveit stod. Mellom 1860 og 1864 flytta Jacob Tvedt huset  ned der det står i dag. Huset var nok tenkt som kårstove, for i kjøpekontrakten stod det at det var Eirik Monsen (Jacob sin far) som skulle ha den nye stova, med dei to småromma som høyrde til. Huset har gjennom mange hundre år vore bustad for både dei som eigde bruket og andre.

Stova der heime (les Gamle bilder/Ragnhild Hauge):

På den eine sida av vindauga stod sengebenken, på den andre var mor og far si seng. På veggen hang ein reol, gjerne kalla hjedl, og på første hylla låg skulebøkene. Der var og ei lita bokhylle på veggen. Der hadde Elias sakene sine, og der var streng orden. Bordet var blått. Der var dør inn til eit lite kammers. Framandfolk fekk gjerne mat der inne. Far hadde dreiebenk og laga ymse ting til huset.

Her er et bilde som er tatt før heving av taket på loftet i 1919. Under oppussing av kammerset innvendig kunne vi sjå at det har vore ovn med pipe (se bilde) og brannmur i metall inn mot hovedhuset. Det såg også ut som det hadde vore koks i hjørna mot søraust.

Dugnad sommaren 2000
Oppussing av kammerset

Vegg under kledning

Oppussing av kammerset sommaren 2012.

Kort som Jenny sendte heim til Aarnes i 1949. Her ser me Bård og hans foreldre. Huset har og vore posthus på Tveitegrend.

Gamlahuset m/lønna.

Bilde laga av Ove Tvedt i 1972.

Bilde mala av Ove i 1974 til Ninni.

Bilde tatt i 1975