Dette huset vart brukt til fjøs før. Grisene var nede og hønsene var oppe. No kan det brukast til diverse sammenkomster. Langbord med plass til ca 14 stk.
Før
Historia seier at denne stova har blitt flytta frå Hosøya og hit til garden. Det var tipp-tipp-tippoldefaren min Mons Eriksen Hølleland som stod for flyttinga. Først vart huset plassert oppe på Heia, men tippoldefaren min Jacob Tvedt flytta den ned på tunet. Kor mange hundre år huset er, er vanskeleg å slå fast, men at det er gamalt veit ein. På stova ser det ut til at det har vore utgong til neste rom både i første og andre etasje. På veggen mot nord er det ein glugg. Huset har opp gjennom tidene blitt brukt som kufjøs, sauefjøs, grisehus og hønsehus, og har difor hatt mange namn opp gjennom tidene.