Bestemor Raila

Skrive av Bård Tvedt

Bestemor var ei god bestemor. Bestemor hadde omsut for oss som var små. Ho var den som såg til oss når mor var ute å onna med det som høyrde garden til. Far var myke ute på arbeid hjå andre, han var bygningsmann.

Medan bestemor, Raila (Ragnhild), som hennas namn var nemnd med, vogga på barna når dei var små, kunne ho halda oss eldre med hyggeleg prat, og song ofte for oss. Bestemor minnes svært godt frå eldre tider, og ho delte ofte med oss det ho minnest. Det kunne vera både alvor og gaman. Ein dag eg sat ved sida av vogga som ho fekk til å gå med att ho heldt den eine foten over det andre kne, fortalde ho om då min bestefar gjekk på friarføter etter henne på Seljelid. Den gongen var der ikkje slipestein, og dei var avhengige av att smeden tynte ljåane til dei. Smeden budde i Hola på Vik. Det kosta no noko å få smeden til å tynna ljåen, derfor vart det att dei stundom slo med dårleg ljå, men så kunne dei slipa med bryne. Ein gong min bastefar var der og hjelpte dei Seli med å slå, var det no ikkje berre for slåtten han var der, “men det var no for andre og”, fortalde bestemor.

Bestemor van tidleg vakt, men det gjekk seint med det å få tru att Jesus sitt verk galdt henne. År etter år gjekk, men der vart ingen lysning i den sak for henne. Ho bad og bad, las og las, men det var som alt var stengt. I Bestemors tid var det meste av Løhaugen udyrka, og der var tuete. Ein dag bestemor gjekk sørom Løhaugen, der er ei lita brekke som me kallar Bringa, det har den heitt i mannsminne, vart nok hjarteverken og lengselen etter fred med Gud sterk. Ho bøygde seg ved ei av tuene på den udyrka mark og ropa til Gud om fred i si sjel.” Den dagen og på den staden rann lyset i hennar sjal,” det var som ei sol som skein inni hennas hjarta”, fortalde bestemor. Då var bestemor femti år. Sidan den dagen hadde bestemor ei sterk forankra tru.

Eg minnes berre bestemor som eldre. Ho og bestefar overlèt garden til mor og far i 1901. Eg var fødd i 1910, så da var bestemor mellom sytti og åtti år. Det som eg ro nemner av det som bestemor sa, har følgt meg alltid sidan i livet. Vi lika oss alltid ute i småstova der hjå bestemor, men så skulle ho leggja seg og då måtte me no gå innatt til mor som var i store stova. Med det same me gjekk om døra sa bestemor: “Gud velsigne deg”. Eg kunne ikkje lata døra etter meg før eg hadde høyrt dei orda av bestemor. Såleis bad ho Guds velsignelse nedover oss for tid og æva.

Familiebilde frå 1912. Frå venstre: Mons Tvedt, Johanna (søster til Karolina), Ragnhild, Elias, Karolina, Bård, Ola, Ragnvald, Ragnhild og Jakob Tvedt. Bård Tvedt f.1910, sitter her på fanget til mor si.

Bilde av huset slik det såg ut før påbygging i 1919. Det er torvtak, utbygg på begge sider og inngang på framsida med trapp. Personer på bildet frå venstre: Johanna (søster til Karolina), XX (Elias f.1899, Ola f. 1900, Ragnvald f. 1902 eller Johannes f.1904) på hesten, Mons Tvedt, Ragnhild f. 1906, Karolina, XX (Bård f. 1910, Magnhild f. 1913, Kristian f. 1915 eller Gunnhild f.1917), Ragnhild og Jakob Tvedt. 1911?

Familiebilde frå Tveito ca 1925: Mons Tvedt, Magnhild Nesbø, Karoline Tvedt, Bestemora Ragnhild, Gunnhild Tjora, Ragnhild Hauge, Kristian Tvedt og ukjent kvinne.

Sitjande bilde frå Tveito ca 1925: Karoline Tvedt, Bestemora Ragnhild, ukjent kvinne, Ragnvald Tvedt, Ragnhild Hauge. Framme: Kristian Tvedt, Gunnhild Tjora, Magnhild Nesbø.

Ragnhild Tvedt og Jakob Tvedt.


Jakob Eriksson Nedretvedt f. 1831 d. 1914, g 1860 med Ragnhild Ivarsdatter Seljelid f. 1836, d. 1929.
Barn: Brita, Elias, Ivar, Mons, Martin, Gjertrud, Mons. Tok over garden i 1876.