Som resten av verda har denne bygda skifta bilete frå eldre tider og fram til i dag. Kor tidleg busetnaden har komme her i bygda er uvisst, men stadnamna syner at den er gamal. Her er namn på jordstykk er som ikkje vart tekne oppatt etter svartedauden, til dømes: øyjorda. Her er stadnamn som Timehjellen, og dei visste kva dagen lei når sola gjekk bakom den. Namn som Bjørnehaugen, Bjørnegrava og Einebuskaret vitnar også og gamal busetnad.
På Bjørnehaugen har dei nok sett bjørn, og mest truleg har dei fanga bjørn i Bjørnegrava. I Einebuskaret syner grunnen etter einebuaren sitt hus, men kven som har budd der er uråd å seia. Stadnamna der kvernhuset stod vitnar og om eldre tider, sjølv om det ikkje er spor etter kvernhuset.
Jorddyrking har det vore lite av i gamal tid. Den jorda som har vore dyrka, har vore åkrar til såing av korn. Det var den gode bakkejorda som vart dyrka. På den tida spela det ikkje så stor rolle om det var bratt eller flatt, dersom jorda var djup og god. Det var det heimeavla kornet dei brukte. Kornet treskja dei med tuster, og etterkvart malte dei det på flomkverna.
Kva tid potetene kom som såvare til mat er uvisst, men i den kom også potetkjellarane. Det var potetkjellar på kvart eit bruk, men med åra har dei vorte rivne ned og her er berre ein potetkjellar att i bygda. Potetene kom godt med, og mang ei husmor gledde seg over potetene som matauk.
Om hausten og våren måtte dei spa om åkrane, og denne omspadinga var ei heil onn som holdt mange i arbeid. Spaden som vart brukt hadde spadeblad av tre med litt jern i den nederste delen. Spadeskaftet var krumma i enden, og dermed var det betre å halda i. Mang ein tresko vart nedsliten av at bonden trødde spaden i jorda.
Husa som dei budde i bestod av stove som fungerte som opphaldsrom, soverom og arbeidsrom, der vevstolen og rokken var fast inventar. Ein gong med grue fungerte som kjøkken, og ellers var det ei bu som fungerte som stabbur. Ekte stabbur har det berre vore eit av i bygda, og det vart rive etter andre verdskrigen.
Blandt husdyra var det nok geita, sauen og kua som dominerte. Utmarka var fellesbeite for kyrne, og om våren fungerte heimebøen som fellesbeite for sau og geit. Gjerde mellom eigedommane var det ikkje, det var berre merkesteinane som synte kvar dei einskilde bøndene eigde, og merkesteinar vart det fleire av etter kvart som bruka vart delte.
Dessverre finn ein lite eigedomssoge frå eldre tider. Dette kjem seg truleg av svartedauden, og at skrivekunsten ikkje var så sterk. Den katolske kyrkja lærte lite i frå seg til almenningen. Skrivekunsten for allmugen kom først med dei lutherske prestane etter reformasjonen, og då skuletilboda og skuleplikta kom på mellom 1730 og 1740. Sjølv etter denne tida var det skrivarar som dominerte, og mange av jordeigarane hadde berre bumerke, og måtte såleis skriva med påhalden penn.
Det var jordeigedommane som var den gode og faste arbeidsstaden, maten betydde alt, og difor kom nok også jorddelinga. All denne delinga vart nok i meste laget, men det var kornet og dyra som gav grunnlag for liv. Med maten høyrde også fisken, dei eldste vegane og nausta i Tveitestø ved sjøen fortel mykje om det. Heiavegen som vart bygd som kløvjeveg var viktig for bøndene i bygda. Naust, båt og fiske høyrde med skulle dei leva på desse små bruka, og nausta og retten til å ha naust er like gamal som busetnaden å gardane.
Heiavegen vart også brukt når nokon skulle berast til sin siste kvilestad på Myking. Likkista var festa til ein staur kalla likstauren. Med sterke menn vart kista boren til Tveitestø, og så var det med båt til Myking, og vidare opp til kyrkjegarden. Likstauren var ein kraftig staur som var gjennombora slik att festa høvde med bærekrokane på kista. Det er dessverre ikkje bevart nokon likstaur for ettertida. Då kjerrevegane kom var det hesten som vart brukt til både brureferd og gravferd.
Skulle ein frå bygda til Bergen måtte ein om Eikangervåg, og deretter med robåt og seinare dampbåt til Bergen. Også vegen til Eikangervåg var bygd som kløvjeveg. Denne vegen som går frå Tveitegardane er enno synleg. Den andre vegen var køyreveg for hjulkjerre. Den tredje vegen som også er den som vert brukt i dag, vart bygd i slutten av 1940.
Bilete av hest og kjerre

Det var hesten som førte kista til Olina B. Tvedt til Myking